Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Flytt til Ål!

Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!

Åldagen, dans - foto Vegard Breie.jpg

Kontaktinfo

Ål kommune ynskjer å bistå alle som vil flytte hit med å finne seg arbeid, bustad og eit nettverk.
For spørsmål om å flytte hit kan du kontakte prosjektleiar for Bu- og blilyst, Anne Nordheim.
Epost: anne.nordheim@aal.kommune.no  
Tlf.: 411 81 765

Kvifor Ål?

Ål kombinerer det beste med bygdelivet med eit kultur- og idrettsliv som liknar det ein finn i større byar. Her er det:

  • Lågare levekostnader enn i storbyane – her kan du bruke tida på det som er viktig for deg!
  • Kort reiseveg til skule, barnehage, helse og butikkar
  • Varierte jobbmoglegheiter og behov for deg med utdanning og kompetanse
  • Eit godt miljø for gründerar og deg som vil skape eigen arbeidsplass
  • Daglege tog- og bussavgangar til Oslo og Bergen
  • Eit inkluderande lokalsamfunn der nytilflyttarar er varmt velkomne

Ål kommune ligg midt mellom Oslo og Bergen. Sjølv om kommunen berre har i underkant av 5000 innbyggjarar, har vi eit stort kulturtilbod som er på høgde med dei fleste norske byar. Ål Kulturhus har både kino, teater, konsertar, danseframsyningar og litterære arrangement. I løpet av året er det ei rekke store kulturfestivalar i Ål.

I Ål finn du også eit stort mangfald av idretts- og friluftsaktivitetar. Vi har ein flott skistadion på Liatoppen, snørike alpinløyper i Ål skisenter, varierte sykkelstigar og milevis med langrennsløyper. I sentrum av Ål finn du også Ål idrettspark Bråta med kunstgrasbaner, friidrettsbane og turstigen Elvelangs. Vi har tre aktive idrettslag: Ål IL, Fjellet IL og Torpo IL.

Det finst ei foreining for det meste i Ål. Sjå oversikta over våre lag og organisasjonar.

Arbeid

Dei fleste ledige stillingar i Ål blir annonserte på Jobb i Hallingdal.
Ledige stillingar i Ål kommune finn du her.

Bedrifter i Ål ynskjer gjerne å bli kontakta sjølv om dei ikkje har averterte stillingar ute. Kanskje har akkurat du kompetansen dei treng. Ta kontakt med oss, så hjelper vi deg å finne bedrifter innan ditt felt.

Ta med deg jobben? For deg som kan ta jobben med på flyttelasset er det ei rekke kontorfellesskap der du kan leige plass i Ål:

Ål kommune har dessutan mange ordningar for deg som vil skape din eigen arbeidsplass. Les meir her, eller ta kontakt med Næringsrådgjevar Staffan Landsmann-Wiwe for ein uformell prat: Staffan.Landsmann-Wiwe@aal.kommune.no

Bustad

Det er høgt press på bustader til sals og leige i Ål, og ikkje alt vert lagt ut på Finn.no. Kontakt oss så hjelper vi deg med informasjon om ulike bustadordningar som finst i kommunen.

Du bør også følge med på Facebook-gruppene Leie bolig i Hallingdal og Leie i Hallingdal – leilighet, bolig, lokaler.

Ål har flotte grender som ligg litt utanfor sentrum. Dei strekker seg frå høgfjellet i Vats til Strandafjorden, frå relativt tettbebygd til spreidt bebygd. Bygdene har ofte nærbutikk og skule/barnehage. Frå bygdene er det 10-20 minutters køyring til sentrum i Ål.

Her kan du lese meir om å bu og leve i nokre av grendene i Ål:

Torpo og Opheim

Nordbygdene: Vats, Leveld og Votndalen

Eig du hytte i Ål? Då kan du kanskje søke om å mellombels bruksendre hytta til bustad i inntil fem år. Les om korleis du søker her. 

Skule og barnehage

Ål kommune har eit svært godt oppvekstmiljø. Kommunen har god barnehagedekning, med garantert plass når du søker om opptak innan 1. mars.

Les om barnehagar i kommunen her.

I Ål er det fire barneskuler og ei ungdomsskule.

Les meir om skulene i kommunen her.

Ål vidaregåande skule ligg også i bygda, og tilbyr utdanningsprogramma Bygg- og anleggsteknikk, Elektrofag, Helse- og oppvekstfag, Påbygging til generell studiekompetanse, Salg, service og reiseliv og Teknologi- og industrifag.