Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Nordbygdene

Votndalen, Leveld og Vats har alle unike særtrekk. Til saman utgjer dei Nordbygdene. I Vats kan du spegle deg i den blanke Vatsfjorden og spenne på deg skia rett utanfor huset. I Leveld ligg gardane tett i tett i eit flott kulturlandskap, med skule og barnehage i midten. I Votndalen er fjella brattare og dalen djupare, og usikta desto meir dramatisk.

Sommeropera i Votndalen
Luftig sommaropera på garden Sehl i Votndalen. Foto: Vegard Breie. 

Nordbygdene, kort oppsummert

- Nordbygdene består av dei tre bygdene Votndalen, Leveld og Vats, som strekker seg frå avkøyringa frå RV7 i Ål og opp ein sidedal mot høgfjellet
- Dei tre bygdene har felles barnehage og skule, døgnopen matbutikk, felles idrettslag og felles skuleskyss
- Vats er den inste bygda, med spreidte bustader og kjende hytteområder som t.d. Bergsjø, Skarslia og Rødungstølen
- Leveld er ei aktiv jordbruksbygd med status som “utvald kulturlandskap”. Frå Leveld går det veg til Hemsedal (sommaropen)
- I Votndalen finn du mellom anna Ål skisenter, ein av Nord-Europas beste alpinbakkar

Bustader

Ål kommune har byggeklare bustadtomter til sals i Leveld og Votndalen. 

Votndalen bustadfelt

I Votndalen bustadfelt i Ål kommune er det ledig fire flotte bustadtomter.
Sjå området i kommunekart

Tomtene kostar frå kr 185 360. I tillegg kjem omkostningar på kr 21 704 kr. Opparbeiding av veg, vatn og kloakk er ferdig. 

Tomtene passar perfekt for deg som søker eit aktivt liv i den norske fjellheimen. Her har du gangavstand til Ål skisenter - ein av Noregs beste alpinbakkar - med svært sikre snøforhold.

I sommarhalvåret er det flotte forhold for sykling på fjellet. Frå bustadfeltet kan du også ta beina fatt og gå rett frå døra til flotte fjelltoppar på Votndalsåsen.

Tomtene ligg nydeleg til i eit vakkert kulturlandskap med jorder og beitemarker, og mange velholdte gårdsbruk. Votndalen er ei levande jordbruksbygd, og det er både sauer og alpakkaer på beite like ved bustadfeltet. Her kjem du tett på naturen og dyreliv!

I Votndalen er det trygt og godt å vekse opp. Bustadfeltet ligg i rolege omgjevnader, fritt for støy og forureining. Bustadfeltet har ein leikeplass tett på tomtene, og det er svært trafikksikkert (kun køyring til og frå bustadene). 

Reguleringsføresegner for Votndalen bustadfelt.

Votndalen bustadfelt ved Nordbygdvegen.

Når du har kjøpt ei tomt, har du 2 års frist til å bygge bustadhus på tomta.

Du kan reservere ei tomt med ein frist på 2-4 veker til å bestemme deg om du vil kjøpe eller ikkje. Er det andre som har reservert tomta du er mest interessert i kan du sette deg på venteliste så vil du få melding når den som står før deg på lista har takka ja eller nei til tilbod om kjøp.

For å melde di interesse:
Skriv opp tomtene du ynskjer i prioritert rekkefølgje og send det inn pr e-post eller post til Reidun Aaker - reidun.aaker@aal.kommune.no - eller pr post til
Ål kommune,
Torget 1, 3570 Ål
v/Reidun Aaker.

Om nabolaget

Felles for alle bygdene er samhald og fellesskap. Her er det godt å vekse opp og bu for både store og små. Folk som bur i Nordbygdene tek godt vare på møteplassane og fellesskapa sine, og inviterer gjerne med deg som er ny. Her finst det ei rekke møteplassar og tilbod:

- Fjellet Idrettslag arrangerer trening for born og vaksne, inkludert familiebading
- Leveld Kunstnartun AiR er ein internasjonal kunstnarresidens med mange spanande arrangement og ein eigen grafikkverkstad
- Nordvang, Leveldtun og Votnahall er grendehus i bygdene, der unge og vaksne møtast på ulike arrangement
- Vats fjellkyrkje og Leveld kyrkje ligg i Nordbygdene
- Døgnopen matbutikk på Samhald, der det også kjem BUA utlånsfilial i 2023

Oppvekst

Nordbygdene barnehage og skule er grendeskulen for Vats, Leveld og Votndalen. Det er ein barnehage frå 1-5 år og ei barneskule for 1.-7. trinn. Skulen og barnehagen deler eit flott og rommeleg uteområde. Takka vere gode naboar i bygda kan elevar og ungar boltre seg mykje ute; på jordene rundt og i skogen. Skulen er opplevd som trygg og god, og med tett kontakt mellom foreldre og lærarar. 

Fritid

Ål er kjent for å ha eit svært godt oppvekstmiljø prega av inkludering og deltaking.

Svært mange av kommunens barn og unge deltek i organisert aktivitet, enten i idrett, på kulturskule eller i friluftslivet. Mange av aktivitetane foregår i nærmiljøet i Nordbygdene.

Fjellet Idrettslag har allidrett vår og haust, og langrenn- og skiskyting om vinteren. Dei har også trening for vaksne og organiserer open svømmehall på skulen. 4H og Bygdekvinnelaget er andre aktive foreiningar i Nordbygdene.

Nordbygdene er eit tureldorado sommar og vinter; her kan du køyre alpin og snowboard i Ål skisenter, gå langrenn på fjellet og i skogen, gå korte og lange turar til fots og sykle på milevis av stølsvegar og tilrettelagde stigar. Velkomen til oss!