Næringsutviklar
Næringsutviklar i Ål kommune Staffan Landsmann-Wiwe, tlf: 483 54 893.
Han har kontor på Tingstugu.
Strategisk Næringsplan for Ål 2021 - 2024
Strategisk næringsplan (SNP) skal vera eit styringsverktøy for ein heilskapleg næringspolitikk.
Den skal vera retningsgjevande for dei prioriteringar kommunen gjer i planperioden.
Planen skal gje aktørane innan næringslivet signal om kva satsingsområdekommunen vektlegg spesielt.
Næringslivet er med å leggja basis for SNP gjennom fleire høyringsrundar. Ål kommune definerer si rolle til å vera med å leggja til rette for utvikling på dei områda som er vedteke i denne planen. Dette vert gjennom økonomisk støtte, rådgjeving om anna finansiering, god sakshandsaming og gode plan- og rammeverk.
Kontorplass
Kontorplass/kontorfellesskap – vi kan tilby:
• Kulturhuset
• Meieriet
• Sundretunet
• Torget 3
• Torpomoen
Næringsutviklaran har «utedag» kvar onsdag på ovanemnte plassar (rullering).
Ta kontakt med næringsutviklar Staffan Landsmann-Wiwe, tlf 483 54 893 om du lurer på kva for stad du skal velge for bedrifta eller til ein prat om næringsutvikling i kommuna di.
Forskning og utvikling
Torpomoen er ein sentral kurs- og treningsarena for blant anna politi, ambulanse, brann og luftambulanse både lokalt og regionalt. I 2012 vart det satt opp eit kontorbygg på Torpomoen der ein finn fleire bedrifter innan fagfelta helse, miljø, sikkerheit og beredskap. I andre etasje i dette bygget leiger Ål kommune ein eigen fløy der det er etablert eit eige kontrofellesskap. I utgangspunktet har dette eit Helse- og Omsorgsfokus, men det er eit mål at både bedrifter, akademia og offentlege i alle bransjar med HMSb-fokus, etablerar seg på Torpomoen.
Prosjektet med kontorfellesskapet er regionalt og det er ei målsetting at miljøet på Torpomoen har eit klart Hallingdalspreg. Sjølv om basis i starten blir forsking og utvikling knytt til helse, er det intensjonen at hagen skal utviklast til å femne om fleire fagfelt.
Kontaktperson, næringsutviklar Staffan Landsmann-Wiwe, tlf: 483 54 893
Kleivi Næringspark
Nyetablering
Vil du starte eigen bedrift? Brenn du for ein idé, men treng hjelp til realisering?
I Ål kommune er det ein næringsutviklar som skal kunne hjelpe deg.
Næringsutviklar i Ål kommune Staffan Landsmann-Wiwe, tlf: 483 54 893.
Ål kommune jaktar spesielt på dei personane og forretningsideane som er nyskapande og som har eit vekstpotensiale.
Vår beste samarbeidspartnar ved ei bedriftsetablering er Hallingdal Etablerarsenter. Dette er i etablerarstøtte som er eigd av kommunane i Hallingdal og er gratis. Denne tenesta er og påkrevd om det skal søkast om etablerartilskot mv.
Hallingdal Etablerersenter
Hallingdal Næringshage er tilbodet til deg som allerede er ei etablert bedrift. Næringshagen har gode tilbod til målbedriftene sine og kan hjelpe deg med å utvikle bedrifta di.
Starte og drive bedrift? Lenke til altinn.no
Næringsareal
Ål kommune ynskjer å stimulere til næringsutvikling. Me har tilgjengeleg næringsareal nær sentrum og på attraktive tomter til konkurransedyktige prisar.
I Ål skal det til ei kvar tid finnast næringsareal til dei bedrifter som har behov for dette. Det skal vera samsvar mellom det å satse på nyetablering eller utvikling av etablert bedrift, og ledig næringsareal.
Ål kommune har inngått eit samarbeid med Torpomoen for å utvikle eit kontorfelleskap/FoU-miljø.
Kleivi næringspark
Anna næringsareal:
Arealdelen av kommuneplanen for Ål viser kva som er sett av til næringsareal.
For informasjon ta kontakt med næringsutviklar Staffan Wiwe 483 54 893
Profil - Omdømmebygging
Ål kommune profil 2010-2030
"Kulturkommunen Ål"
Ål byggjer profilen sin kring kultur og helse
Det er laga ein plan for profil og omdømmebygging for Ål. Denne planen vart vedteke i kommunestyret 23. Juni 2010.
Planen finn du her: Plan for profil og omdømmebygging i Ål 2010-2030
Denne planen er eit resultat av eit prosjekt eigd av Ål kommune og næringslivet, der målet var å utarbeide ein langsiktig strategi for omdømmearbeidet i Ål.
Salsløyve
Ordinære daglegvareforretningar kan etter søknad få innvilga løyve til sal av alkoholhaldige varer med inntil 4,7 vol% alkohol.
Salsløyve gjev løyvehavar rett til å selje alkoholhaldig drikk etter gjeldande vedtak og etter vilkår sett i alkohollova.
Salsløyvet gjeld for ein periode på inntil 4 år.
Salsstyrar og vikar for styrar
For kvart løyve skal det utpeikast styrar og vikar for styrar. Styrar og vikar for styrar skal godkjennast av løyvegjevar.
Styrar og vikar for styrar må vere tilsette ved salsstaden eller arbeide i verksemda i kraft av eigarstilling.
Det er krav om at styrar og vikar for styrar har avlagd og greidd kunnskapsprøven om alkohol.
Kommunen skal sikre at alkoholhaldig drikk vert selt etter vilkår sett i alkohollova og etter vedtekne kommunale alkoholpolitiske retningsliner.
Kontaktinformasjon: Sakshandsamar Mari Lene Tunskaug, tlf: 32 08 50 00, Ål kommune, Servicetorget
Alkoholpolitiske retningsliner
Søknad om salsløyve for alkohol, elektronisk
Rettleiing til søknad om salsløyve
Serveringsløyve
Alle som vil gjere næring av å drive ein serveringsstad må ha serveringsløyve gjeve av kommunen, jf serveringslova § 3.
Med serveringsstad meiner ein stader der det foregår servering av mat og drikke, og der tilhøva ligg til rette for fortæring på staden, jf § 2. Døme på serveringsstader er kafè, kafeteria, restaurant eller gatekjøkken.
Det er den einskilde serveringsstad som er ansvarleg for å ha serveringsløyve.
Beskrivelse
Løyvet gjeld etablering og drift av serveringsstader der det skal vere servering av mat og/eller drikke, og der tilhøva ligg til rette for servering av mat og drikke på staden.
Målgruppe
Personar eller verksemder som vil drive serveringsstad i samband med næring.
Vilkår
Den daglege leiaren på serveringsstaden må ha avlagt etablerarprøva for å dokumentere naudsynte kunnskapar om økonomistyring og om viktig lovgjeving for drift av serveringsstadar.
Det blir henta uttale frå lensmann og skatteetaten om oppfylling av krava til god vandel for den som søkjer løyve, og for dagleg leiar. Søkjaren må i tillegg ha godkjenning frå blant anna Mattilsynet og frå dei kommunale bygningskontora for å kunne drive serveringsverksemd.
Det må leggast fram skatteattest for den som skal drive serveringsstaden.
Samarbeidspartnere- Lensmann/politi
- Skatte- og avgiftsmyndigheitene
- Tollmyndigheitene
- Mattilsynet
- Arbeidstilsynet
- Lensmann
- Skatte- og avgiftsmyndigheitene
- Mattilsynet
Lover
Det krevst skriftleg søknad. Søknaden skal innehalde bl.a følgjande opplysningar:
- Namn og adresse på den som er ansvarleg for dei økonomiske og juridiske pliktene knytta til drifta av verksemda. Dersom serveringsstaden er driven av eit enkeltpersonsføretak, skal det også opplysast om fødselsnummer. Dersom serverigsstaden er driven av eit selskap, skal det opplysast om organisasjonsnummer. Det skal i tillegg opplysast om eigarsamansetjinga.
- Opplysningar om den staden der serveringa skal drivast
- Namn og adresse på styrar.
- Skatteattest for den personen som har dei økonomiske pliktane for drifta av serveringsstaden
Vedlegg til søknad:
Dokumentasjon på at etablerarprøva er gjennomført, firmaattest og utskrifter frå Brønnøysundregisteret. Endringar i løyvet kan skje fleire gonger i løyveperioden, til dømes ved skifte av styrar, endringar i driftskonseptet eller endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Melding om endring skal sendast til kommunen.
Søknadsskjema- Klage på vedtaket skal sendast innan en frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.
- Klagen skal sendas til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal ein oppgi kva ein ønskjer endra i vedtaket, og ei grunngjeving for det.
- Klageinstansen er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag blir saka sendt til Fylkesmannen for behandling.
Kontaktinformasjon: Sakahandsamar er Mari Lene Tunskaug, Tlf: 32 08 50 00, Ål kommune, Servicetorget
Skjenkeløyve
Jfr. §1-7 i Alkohollova blir løyve til salg og skjenking av alkohol gjeve av kommunen.
Det kan søkjast på elektronisk eller manuelt skjema.
Fast skjenkeløyve
Løyvet gjeld for serveringsstader og pubar der det skal skjenkast alkoholhaldig drikk. Det kan søkjast om løyve i gruppe 1, 2 og 3. Skjenkeløyvet blir behandla av formannskapet og søknaden blir sendt til uttale hjå lensmannen og skattemyndighetene og helse og soialutvalet i kommunen.
Ved tildeling av skjenkeløyve skal det oppnemnast ein styrar og ein stedsfortreder. Styrar må vere tilsett i bedrifta eller ha ein vesentleg del av inntektene frå drifta i form av eigarstilling. Kunnskapsprøve om alkohollovgjevinga må vere bestått av styrar og stedsfortreder.
Søknad om skjenkeløyve - elektronisk
Søknad om skjenkeløyve.
Ambulerande skjenkeløyve
Skal du feire bryllup, ha eit jubileum etc. og leiger lokale som ikkje har fast skjenkeløyve, må du søkje om ambulerande skjenkeløyve til slutta selskap. Det må vere ein ansvarleg skjenkestyrar. Det er ikkje krav om kunnskapsprøve for skjenkestyrar. Søknadsfristen er seinast 1 veke før arrangementet.
Gebyr: kr. 300,-.
Retningsliner for søknad om ambulerande skjenkeløyve for slutta selskap
I alkoholloven § 4-2 står fylgjande:
Med "slutta selskap" forstår ein at det allereie før skjenkingen startar er danna ein slutta krets av bestemte personar som skal samlast for eit bestemt formål i eit bestemt lokale på skjenkestaden.
Løyvehavar er ansvarleg for at skjenking av alkoholhaldig drikk føregår på ein slik måte at reglane i gjeldande lov og forskrift vert overhalde, og at alkoholpolitiske hensyn vert ivareteke.
Løyvehavar må fyrst og fremst påsjå at det ikkje vert skjenka alkoholhaldig drikk til for unge og/eller synleg rusa personar, og at det ikkje vert skjenka ut over tillatt skjenketid slik denne er fastsett i løyvet.
Desse reglane gjeld for skjenkinga:
- Skjenking av brennevin til person under 20 år og skjenking til person under 18 år av annan alkoholhaldig drikk, inkludert lettøl og lettvin, må ikkje skje.
- Dei same aldersgrensene gjeld for den som er skjenkestyrar.
- Alkoholhaldig drikk må ikkje skjenkast til synleg rusa person eller på ein slik måte at ein gjest må antas å bli synleg rusa.
- Ein må påsjå at gjester ikkje nyt medbrakt alkoholvare, og at dei ikkje tek med seg alkoholvarer når dei forlet skjenkelokalet.
- Løyvehavar pliktar å ha kontroll med all bruk av alkohol i det arrangementet løyvet gjeld for.
Dei kommunale skjenkekontrollørane kan føreta kontroll ved uanmeldt besøk. Kontrollørane vil forevise legitimasjon utgjeve av Ål kommune, og dei kan opphalde seg i skjenkelokalet så lenge dette er naudsynt for å observere om det finn stad brudd på skjenkereglane.
Skjenketid:
Ål kommunestyre vedtok i kommunestyresak nr. 54/04 at generell skjenketid for øl, vin og brennevin vert sett inntil kl 02.00.
Søknad om ambulerande skjenkeløyve.
Skjenkeløyve for eit einskild arrangement
Det kan søkjast skjenkeløyve til eit einskild arrangement. Dette kan vere dansefestar, konsertar og lignende i lokaler som ikkje har fast skjenkelyve. Det blir stilt krav om godt vakthald i samband med arrangementet og at det blir gjeve god intern opplæring til dei tilsette/vaktselskapet i forhold til alkollova.
Gebyr: kr. 1.000,-
Søknad om skjenkeløyve for eit einskild arrangement.
Lovverk som gjeld
Alkoholpolitiske retningsliner
Ruspolitisk handlingsplan for Ål kommune
Alkoholloven
Kontaktinformasjon: Sakshandsamar er Mari Lene Tunskaug, Tlf: 32 08 50 00, Ål kommune, Servicetorget