Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Lag og organisasjonar

Oversikt over lag og organisasjonar i Ål kommune

Oversikt lag og organisasjoner Ål kommune per 11.06.2024

Her finn du kontaktinfo og lenker til alle lag og organisasjonar i Ål kommune.

Dersom du ikkje finn ditt lag på denne lista, eller noko er feil, send ein e-post med namn på organisasjon, namn, e-post og tlf til ny kontaktperson til postmottak@aal.kommune.no

Fritid Hallingdal

På www.fritidhallingdal.no kan du sjå alle faste, organiserte fritidsaktivitetar i heile Hallingdal!

Lag og organisasjonar legg sjølv inn sine aktivitetar her.

Fritidmesse

Dei to siste åra har Ål kommune og Ål Frivilligsentral arrangert fritidmesse på Ål Kulturhus. Alle lag og organisasjonar er invitert til å bidra med stands, aktivitetar eller foredrag. Når det er tid for ny fritidsmesse hausten 2024 vil det kome invitasjon til å melde seg på.

Har du spørsmål, ta kontakt med frivilligsentralen, Turid Hilde Gåsbakk, tlf. 907 08 637, epost: frivilligsentralen@aal.kommune.no

Ål Musikkråd

Ål Musikkråd er fellesorganet for all organisert og uorganisert musikkverksemd i Ål kommune, og ligg under Buskerud Musikkråd. Dei er lokale song- og musikklag sitt talerøyr inn mot Ål kommune og politikarar. Musikkrådet arbeidar for sine medlemslag, dei innstiller på årlege kulturtilskot og du kan også sende inn søknad om tilskot, underskotsgaranti eller dugnadstilskot for mindre arrangement. 

Styret består av:
Leiar Ole Anderson (B-karad'n)
Nestleiar Kjell Nesøen (Hallingdal Jægersekstett)
Kasserar Liv Frøseth (Ål Musikk-korps)
Representant frå kulturskulen Iris Almås Tangeraas
Vara Thor Warberg (Ål-koret)
Vara Alf Bjarne Thoresen (Ål-koret)
Revisor Arvid Bjørke og Inge Løkensgard

Song- og musikklag skal utnemne ein aktuell representant til styret i Ål Musikkråd på sine årsmøter.

Kontaktinfo:
Ole Anderson
oleanderson54@gmail.com
915 60 977

Referat finn du under Politiske saker - Sektoruval for kultur og oppvekst

Ål Idrettsråd

Ål Idrettsråd er fellesorganet for all idrett som er registrert i Norges Idrettforbund og er idrettens talerøyr ovanfor Ål kommune og politikarar. Idrettsrådet arbeidar for lokal idrett, dei innstiller på årlege kulturtilskot og spelemidlar, og du kan også sende inn søknad om å få dekka trenar- og leirautdanning.

Styret består av:
Ola Opheim (Ål Idrettslag)
Gunhild Jensen (Villom)
Ola Hefte (Torpo Idrettslag)
Vanja Suul Tørhaug (Ål Skiskytterlag)
Torun Torsteinsrud (Fjellet Idrettslag)

Valkomite er Mette Feten, Anne Bente Hovda og Jostein Skår Ekse.

Idrettslaga skal utnemne ein aktuell representant til styret i Ål Idrettsråd på sine årsmøter.

Referat finn du under Politiske saker - Sektoruval for kultur og oppvekst

Kontaktinfo:
Ola Opheim
ola@svall.no
954 83 478

Ål stibyggarlag AS

Ål Stibyggarlag skal arbeide for å realisere stibyggingsprosjekt for sykkel- og fleirbruksstiar/-løyper. Masterplan for terrengsykling i Ål er grunnlaget og hovudprioritet for selskapet.

Styret består av representantar frå Ål kommune, Idrettslaga i Ål, næringslivet i Ål og grunneigarrepresentantar.

Årsrapport 2020 Ål Stibyggarlag
Årsrapport 2021 Ål Stibyggarlag

Kontaktinfo:
Dani Kivikoski
danikiv@hotmail.com

 

Korleis kontaktar du oss?

Alle henvendingar og søknadar skal sendast til postmottak@aal.kommune.no eller via gjeldande søknadsskjema.