Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Torpo og Opheim

Torpo er kjent som #denfinastebygda og kan by på eit heilt unikt sosialt fellesskap, gode oppvekstvilkår og flotte tur- og rekreasjonsmoglegheiter rett utanfor døra. Her trivst både born og ungdom, småbarnsforeldre og godt vaksne.

Hugnadheim på Torpo samlar danseglade born og unge frå heile dalen. Foto Vegard Breie.jpg

Torpo og Opheim, kort oppsummert: 

- Midt mellom Ål og Gol
- Sentralt beliggande langs Riksveg 7
- Barnehage, grunnskule, nærbutikk og kyrkje
- Fleire lokale bedrifter
- Grendehuset Hugnadheim er bygda sin samlingsplass og eit knutepunkt i Hallingdal for folkemusikk og folkedans
- Opheim er eit landbruksområde i Torpo, med mange flotte gardsbruk
- Torpo har mange flotte turområder, og er eit eldorado for stisykling

Nabolaget

På Torpo stiller folk opp for kvarandre. Her får du hjelp av naboen til å mate katten når du er på ferie, og av butikksjef Oddrun på Joker til å handle det du gløymte, sjølv etter stengetid. På Torpo legg dei mykje arbeid i 17.mai-feiringane for heile bygda, i skulen, idrettslaget, lokalbutikken og barnehagen. Kvardagen på Torpo er prega av samhald og fellesskap. Og bygda vil gjerne inkludere fleire i dette fellesskapet!

Torpo Vel er grendeutvalet i bygda. Dei kan svare på fleire spørsmål om korleis det er å flytte til og bu på Torpo.

Det er mange ledige kommunale bustadtomter til sals på Torpo.
Sjå annonse på Finn.no og kontakt Ål kommune ved interesse.

Oppvekst

Ål kommune har god barnehagedekning og opptak 1. mars kvart år. Torpo barnehage er ein to-avdelings barnehage for alderen 1 - 5 år. Det er i hovudsak born frå Opheim og Torpo som har plass her.

Barnehagen ligg fint plassert i Torpo sentrum med gåavstand til butikk, skule, fotballbane, skiløype og fin natur. Det fyrste bygget stod ferdig i 1979, men har vore utvida i fleire omgangar. I 2015 vart heile huset renovert og framstår no som ein barnehage godt tilpassa behova born og tilsette har for ein kreativ og hyggeleg kvardag. Barnehagen har eit uteområde med variert terreng og ein fin, liten skog innanfor gjerdet. Torpo barnehage har full pedagogdekning og eit personale som arbeider med både hovud og hjarte.

Torpo barneskule har ca 60 eIevar i 1.-7. trinn. I tillegg til rektor er det 11 lærarar og 7 assistentar knytt til skulen. I 2010 vart Torpo skule totalrenovert. For 32 millionar vart alle klasserom og fellesrom ombygd og opprusta til moderne lokale for undervisning. Skulen har gymsal med nytt golv og nyrenovert svømmebasseng (12,5 m). Dei har eit flott uteområde, med ballbinge der det også kan leggjast is om vinteren. Gapahuk og skileikområde ligg i skogen 100 m frå skulen.

Ål er kjent for å ha eit svært godt oppvekstmiljø prega av inkludering og deltaking. Svært mange av kommunens barn og unge deltek i organisert aktivitet, enten i idrett, på kulturskule eller i friluftslivet.

Kultur og fritid

På Torpo står grendehuset Hugnadheim i ein særklasse. Hit kjem det folk frå heile Hallingdal for å drive med folkedans og folkemusikk nesten kvar dag, heile året. 

Midt i bygda finn du Bakketun idrettsplass med fotballbane og skistadion med lysløype. Torpo IL er bygda sitt aktive idrettslag

Torpo er ein av Hallingdals flottaste destinasjonar for stisykling og byr på eit uendeleg antal turmoglegheiter både til fots, på ski og på sykkel.