Skulane i Ål
I Ål kommune er det fire barneskular og ein ungdomsskule.
Innskriving til grunnskulen
Elevar i grunnskulen har etter Lov om opplæring rett til å gå på nærskulen. Med få unntak er dette skulen som i avstand ligg nærast heimen. Alle elevar blir difor skrive inn ved nærskulen. Det er mogleg å søkje om skulebyte etter at vedtaket om innskriving er motteke, men då skal det søkjast særskilt om dette i grunngjeven søknad til oppvekstkontoret innan 1. januar for påfylgjande skuleår.
Informasjon om innskriving til grunnskulen 2025/2026
Innan 20. november vil alle barn som fyller 6 år i kalenderåret 2025 (barn født 2019) og barn med vedtak om utsett skulestart motta vedtak om innskriving til grunnskulen. Dette gjeld alle med folkeregistrert adresse i Ål kommune.
Føresette til barn som tilhøyrer Skattebøl skule blir varsla om offentleg høyring og politisk sak vedrørende Skattebøl skule i framtida. Meir informasjon ligg på heimesida: Høyringar i Ål kommune.
Dersom du er folkeregistert i Ål kommune og likevel ikkje har fått brev om innskriving, ta kontakt med oppvekstkontoret,
på tlf 32 08 50 79 eller e-post: oppvekstkontoret@aal.kommune.no
Føresette som ikkje er folkeregistrert i Ål kommune, men som likevel oppheld seg i Ål, må registrere barnet ved å sende inn elektronisk skjema innan 15.12.2024.
Elektronisk skjema skal også nyttast for dei som flyttar til kommunen fram mot skulestart i august 2025 og som har barn som skal ta til på 1. trinn i grunnskulen.
Her finn du elektronisk skjema for innskriving
Har du spørsmål? Ta kontakt med oppvekstkontoret på tlf 32 08 50 79.
Informasjonshefte om grunnskulen
Infohefte - informasjon om grunnskulen i Ål
Visma Flyt Skole - kommunikasjon mellom skule og heim
Visma Flyt Skole
Me brukar Visma Flyt Skole for å gjere kontakten mellom heim og skule enklare. Via portal eller app kan du registrere fråvær, sende melding og finne div. informasjon.
Tilgang til Visma Flyt skole får du ved å logge inn med ID-porten her:
Innlogging til Visma foresattportal
Innlogging til Visma elevportal
Føresette kan mellom anna bruke Visma Flyt Skule til å:
- Sjekke kontakt- og personinformasjon for føresette og elev
- Gje samtykke
- Følgje med på fråvær og karakterar (fleire funksjonar vil koma)
- Søke, seie opp eller endre SFO-plass
- Sjå kontaktlærar, dei fleste faggrupper og faglærarar til eleven
Føresettportal
Visma har lansert føresettportal som er tilpassa mobil og nettbrett. Her kan du mellom anna søke om fri utover 2 dagar, sjå fråvær og karakerar. For barnetrinn kan du også søke om SFO-plass og redusert betaling. Du kan gå inn direkte frå appen eller logge deg inn via nettsida til kommunen. Skal du sende melding eller legge inn fråvær må du gjera det i appen.
Dette er ein felles foreldreportal med barnehagen.
Temahefte Ny foresattportal (les frå side 5)
Min skole - føresettapp
I appen kan føresette sende og motta meldingar til og frå skulen, samt legge inn fråvær og søke om permisjon til og med 2 dagar. De kan også sjå oversikt over det samla fråværet til barnet og evt. SFO-informasjon/terminkarakterar.
Data frå appen blir handsama og lagra i Noreg i samsvar med gjeldande GDPR-regelverk.
Appen finnast førebels berre på bokmål og engelsk.
Temahefte Min skole - foresattapp
Meir informasjon frå VISMA finn de her: Min Skole-app for foresatte
Skuleskyss
Etter opplæringslova § 4-1 fyrste og andre punktum har elevar på 1. årssteget rett på fri skuleskyss dersom skulevegen er over 2 km, og elevar på 2.-10. årssteg rett på fri skuleskyss ved skuleveg over 4 km. Rv 7, der det ikkje er gangveg, vert rekna som særleg farleg skuleveg, og gir rett til skuleskyss.
Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda, jf. opplæringslova § 7-1 fyrste ledd tredje punktum. Søknadsfrist 1. april.
Ved flytting skal det meldast om endring av skyssbehov til skulen.
Retningsliner for skuleskyss i Ål kommune
Retningslinjer for særleg farleg eller vanskeleg skuleveg
Vikens retningsliner og Brakars rettleiande retningsliner
Skuleruta
Sektorutval for kultur og oppvekst vedtek kvar haust skuleruta for komande skuleår. Skuleruta gjev oversikt over skuledagar, ferie- og fridagar i grunnskulen.
I Ål kommune startar barnehageåret samtidig med skuleåret.
Skuleruta for 2024/25 og 2025/26
Fråvær
Barn og unge i Norge har rett og plikt til grunnskoleopplæring, jf. Opplæringsloven § 2‐1. Dette betyr at dei skal delta i opplæringa.
Det er viktig at elevane er til stades på skulen dei fastsette skuledagane. Studiar viser at det kan vere svært uheldig at elevar er borte frå den obligatoriske opplæringa. Eit skuleår har 190 skoledagar. Dersom ein elev er borte 10 undervisningsdagar kvart skuleår, dvs. 1 dag per månad frå august til juni, blir dette til saman eit halvt års skulegang i løpet av grunnskulen!
Fråvær i grunnskulen er delt i dokumentert og udokumentert fråvær. Foreldre pliktar å melde frå om fråvær og må søke permisjon når fråværet er på minst ein dag.
Dokumentert fråvær er korte fråvær som sjukdom, tannlege, begravelse o.l. Dette blir rekna som dokumentert fråvær dersom det blir levert melding om årsaka til fråværet frå foreldra eller sjukemelding frå lege.
Ein elev som høyrer til eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, har rett til permisjon frå skolen dei dagane trussamfunnet har helgedag, dersom foreldra sørgjer for den opplæringa som må til for at eleven skal kunne følgje med i opplæringa på skolen etter fråværet. Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi enkeltelevar permisjon i inntil 10 dagar, jf. Opplæringslova § 2‐2:
Permisjon er ingen rett, men blir vurdert i kvart enkelt tilfelle. Søknad om permisjon skal vere skriftlig og blir sendt rektor i god tid. Foreldre må sjølv sørge for at eleven får nødvendig undervisning i permisjonstida.
Udokumentert fråvær er når elevar er borte frå skulen utan at det blir levert melding/ søknad frå føresette. Stort fråvær som ikkje blir dokumentert, kan virke inn på ungdomsskulekarakteren i orden.
Jf. § 2-7 Straffansvar for brot på opplæringsplikta kan foreldre og andre som har dagleg omsorg for eit barn, straffast med bot dersom dei forsettleg eller aktlaust handlar slik at barnet er borte frå den pliktige grunnskoleopplæringa utan å ha rett til det.
Skulebytte
Dersom det er ynskje om å bytte skule må de ta kontakt med oppvekstkontoret:
oppvekstkontoret@aal.kommune.no
Råd og utval
Sjå på kvar skule si heimesida for meir informasjon.
FAU-møte referata frå Nordbygdene skule:
Referat FAU Nordbygdene skule 18.11.2024
Referat FAU Nordbygdene skule 03.06.2024
Referat FAU Nordbygdene skule 08.04.2024
FAU møte referata frå Torpo skule:
Referat FAU-møte Torpo skule 18.11.24
Referat FAU-møte Torpo skule 16.09.24
FAU-møte referat Ål ungdomsskule:
Referat frå FAU, SU-møte Ål ungdomsskule 21.10. 2024
Referat frå FAU-møte Ål ungdomsskule 11.01.2024
FAU møte referata frå Nedre Ål skule:
Referat FAU Nedre Ål skule 03.12.2024
Samarbeid med hjelpeinstansar
Tverrfagleg team er eit førebyggande initiativ som skal gripe inn raskt og ha ein rådgjevande og rettleiande funksjon. Føremålet med tverrfagleg team er tidleg innsats i høve barn/unge og familiane deira, og byggjer på ideen om at me saman får til nødvendig endring og utvikling.
Tverrfagleg team er sett saman av kontaktpersonar frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barneverntenesta, helsestasjonen og psykisk helse. PPT, helsestasjonen og psykisk helse møter fast i tverrfaglege møter saman med representantar frå den einskilde barnehage og skule. Representanten frå barneverntenesta deltek ved innkalling. Andre instansar kan inviterast etter behov.
Tverrfagleg møte skal vere eit lågterskeltilbod til barnehage, skule og føresette. Målet med møta er å gje fagleg støtte så tidleg som mogleg. Med fleire instansar til stades kan ein hjelpe raskare og gjere arbeidet meir effektivt.
Føresette som ynskjer hjelp i tverrfagleg møte, kan ta kontakt med eigen barnehage eller skule. Dersom tilsette ynskjer å drøfte enkeltbarn, skal føresette få høve til å vere med på møtet eller gje samtykke til ope drøfting. Eit anna alternativ er anonym drøfting.
Informasjonshefte om hjelpeinstansar
Overgang frå barnehage til skule
Ål kommune har utarbeidd eigen overgangsplan mellom barnehage og skule.
Overgangsplanen skal sikre samanheng i læringsløpet til barn. Barna og deira føresette skal føle seg trygg på at alle blir møtt av ein barnehage og skule som kjenner dei og legg til rette for ein god start.
Overgangsplanen skal sikre:
- Gode rutinar, lik praksis og systematisk samarbeid mellom einingane.
- Ein meiningsfull samanheng i læringsløpet.
- Tidleg innsats for barn med særskilte behov.
- Ein trygg skulestart for barn som byrjar i 1.klasse og for dei føresette.
Det er utarbeidd eit eige informasjonshefte om overgangen barnehage-skule.
Du finn informasjonsheftet her
Den kulturelle skulesekken
Klikk her for å lese om Den kulturelle skulesekken
Planar, prosjekt og rapportar
Rapport: Tilpasset opplæring og spesialundervisning
Tilstandsrapport for oppvekstsektoren 2020
Likestillingsplan for barnehagane
Plan mot utestenging og mobbing
Plan mot utestenging og mobbing - rutine
IKT handlingsplan i barnehage 2021-2025
Plan for pedagogisk bruk IKT i skule i Ål 2022-27
Oppvekst 2030
Oppvekst 2030 er overordna plan for oppvekstsektoren i Ål kommune.
For å gije alle barn i Ål ein god oppvekst, vil 'Oppvekst 2030' jobbe for å få fleire dyktige lærarar, meir leik og praktisk læring i skula, og eit tettere samarbeid med alle som jobber med barn og unge.
Strategidokument Oppvekst 2030