Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Høyringar og kunngjeringar

Offentleg ettersyn

Oppstart av planarbeid

Detaljregulering for turveg - Actif til Teigevegen, planID 2026002

Det vert med dette varsla om igangsetjing av arbeid med reguleringsplan for turveg - Actif til Teigevegen i medhald av plan - og bygningslova § 12 - 8.

Det foreløpige planområdet ligg i Votndalen på strekningen mellom Actif i sør og Teigevegen i nord (sjå vedlagt varslingskart). Planområdet er på om lag 20 daa.

Føremålet med detaljreguleringa er å etablere ein turveg. Vegen vil fungere som ei forlenging av eksisterande gang/turvegsystem for eit heilskapleg gangnettverk i Nordbygdene. Turvegen er planlagd knytt til lysløypa mot enden av planområdet i nord.

Denne reguleringsplanen er ein av fleire planar som er planlagde for utvikling av turvegnettverket i området, og må sjåast i samanheng med «Detaljregulering for turveg – Springgard til Samhald» (PlanID 2026003) som og vert varsla samtidig.

Området er i dag omfatta av Kommunedelplan for Primhovda (Planid 2006006) og Kommuneplanens arealdel (PlanID 2020002). Delar av planområdet er vidare omfatta av reguleringsplanane «Actif hotell, Svarteberg» (PlanID 2001003), «Breablikk-Votndalen» (PlanID 2006011), «Votndalen bustadfelt» (PlanID 1989003).

Varslingskart 2026002.pdf

Eventuelle merknader kan sendast skriftleg til Ål kommune, Torget 1 3570 Ål eller på e-post til postmottak@aal.kommune.no innan 01.09.2026.

Detaljregulering for turveg - Springgard til Samhald, planID 2026003

Det vert med dette varsla om igangsetjing av arbeid med reguleringsplan for turveg – Springgard til Samhald i medhald av plan - og bygningslova § 12 - 8.

Det foreløpige planområdet ligg i Votndalen på strekningen mellom Springgard i sør og Samhald i nord (sjå vedlagt varslingskart). Planområdet er på om lag 27 daa.

Føremålet med detaljreguleringa er å etablere ein turveg. Vegen vil fungere som ei forlenging av eksisterande gang/turvegsystem for eit heilskapleg gangnettverk i Nordbygdene. Planavgrensinga omfattar to ulike traséalternativar. Moglege stigsamband frå Fylkesvegen til Votndalsvegen er synleggjorde i kartet basert på dei to traséalternativa.

Denne reguleringsplanen er ein av fleire planar som er planlagde for utvikling av turvegnettverket i området, og må sjåast i samanheng med «Detaljregulering for turveg – Actif til Teigevegen» (PlanID 2026002) som og vert varsla samtidig.

Området er i dag omfatta av Kommuneplanens arealdel (PlanID 2020002).

Varslingskart 2026003.pdf

Eventuelle merknader kan sendast skriftleg til Ål kommune, Torget 1 3570 Ål eller på e-post til postmottak@aal.kommune.no, innan 01.09.2026.

Detaljregulering for vegkryss rv.7 - Kleivi

Detaljregulering for vegkryss rv.7 - Kleivi Næringspark, Ål planID 2026001

I tråd med plan- og bygningslovas § 12-8 blir det med dette varsla om oppstart av planarbeid med detaljregulering for vegkryss rv.7 - Kleivi Næringspark i Ål kommune, planID 2026001.

Føremålet med detaljreguleringa er å leggje til rette for eit nytt, optimalisert kryss på riksveg 7 i Kleivi, i tråd med Statens Vegvesen sine vegnormalar.

Planområdet ligg ca. 10 km vest for Ål sentrum, innanfor område ST1, avsett til veg og samferdselsinfrastruktur i Kommuneplanens arealdel.   

Kleivi - Varsel om oppstart av planarbeid.pdf

Kleivi - Varslingskart.pdf

Komplett varslingsmateriale med saksdokument finn ein på arealplaner.no, med planID 2026001.  

Innspel eller merknader til varsel om oppstart kan sendast skriftleg til Asplan Viak AS, Sentrumsvegen 60, 3550 Gol eller på e-post til rannveig.brattegard@asplanviak.no innan fristen 15.08.2026.      

Kunngjering:

Nilsehovda 1995002 - Mindre reguleringsendring  

Kunngjering av planvedtak:

Mindre reguleringsendring - ny veg og parkering - Nilsehovda PlanID 1995002.   

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 vedtek Ål kommune, med delegert mynde frå kommunestyret, reguleringsendring for "Nilsehovda", PlanID 1995002, i samsvar med vedteke arealplankart og reguleringsføresegn datert 29.06.2026.  

Ei eventuell klage må sendast skriftleg til Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål, eller på e-post til postmottak@aal.kommune.no.

Ein må opplyse om datoen for mottak av vedtaket, kva for vedtak ein klagar på, endringar ein ynskjer og dei grunnar klagen støttar seg på.
Klagen må vere underskriven.  

Alle saksdokument ligg på arealplaner.no med planID 1995002.  

Detaljregulering Kleivi aust, plan-ID 2024001  

Kunngjering av planvedtak - detaljregulering Kleivi aust, planID 2024001

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vedtok Ål kommunestyre i møtet den 18.06.2026, sak 54/2026 detaljregulering Kleivi aust, plan-ID 2024001.  

Kommunestyret sitt vedtak kan i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-12 og 1-9, og jf. forvaltningslovas kap.VI, påklagast til departementet.
Det kan ikkje klagast på tilhøve som tidlegare har vore avgjort etter klage eller motsegn på detaljreguleringa.

Klagefristen er tre veker, rekna frå den dagen vedtaket kom fram.  
Ei eventuell klage må sendast skriftleg til Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål, eller på e-post til postmottak@aal.kommune.no. Ein må opplyse om datoen for mottak av vedtaket, kva for vedtak ein klagar på, endringar ein ynskjer og dei grunnar klagen støttar seg på. Klaga må vere underskriven.  

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må fremjast skriftleg til Ål kommune innan tre år frå denne offentlege kunngjeringa av reguleringsvedtaket jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3.  

Alle saksdokument ligg på arealplaner.no med planID 2024001. Du finn òg vedtaket, samt plankart, føresegner og planomtale her:

Saksprotokoll kommunestyret Kleivi Aust 2024001

Planbeskrivelse_20260622

Plankart_20260622

Reguleringsbestemmelser_20260622

Høyringar