Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kraft

Ål Kraftverk

Produkt og prisar

Ål Kraftverk KF tilbyr kundar i Ål å kjøpe kraft til spotpris og fastpriskontraktar. Du som kunde betalar overføringsavgift (nettleige) i tillegg til prisen på straumen.

Du finn meir informasjon om produkt og prisar her
 
Prisen inkluderer kostnader til kjøp av el-sertifikat og kraftverket administrasjonskostnader.

Høge straumprisar vinteren 2021 - kundebrev

Oversikt over overføringstariffar finn du her - Hallingdal Kraftnett

Kontakt Ål Kraftverk

For bestilling av produkt og informasjon, kontakt Fortum: tlf. 32086600

Dagleg leiar Geir.Tretterud@aal.kommune.no
Servicetorget: 32 08 50 00

Digitalt kontaktskjema

Bilete frå kraftstasjonen

Ål Kraftverk KF har ei historie som går attende til 1914. Ål Kraftverk KF er heileigd av Ål kommune.
Kraftverket har ein liten kraftstasjon som produserer ca. 13 GWh (millionar kWh) ved Ylifossen i Gullhagen industriområde.

Ellers har kraftverket rettar ved:
- Erstatningskraft for tapt kraftproduksjon ved bygginga av Nes Kraftverk
- Rettar frå Uste/Nes-utbygginga.
- Konsesjonskraft frå kraftverk i Hallingdal.
 
Tilsaman har kraftverket rett på ca. 230 GWh elektrisk energi. Omlag 100 GWh vert seld til abonnentar i Ål kommune. Resten vert seld i engrosmarknaden for kraft.
Overskotet av salet går til eigaren Ål kommune, som set pengane inn på eit utbyggingsfond. M.a. er Kulturhuset i Ål - og fleire andre anlegg - bygd med pengar frå dette fondet.
LVK
Landssamanslutninga for vasskraftkommunar
Votnakraft

For bebuarar i Votnadalføret.

Utdrag av reglar for tildeling av votnakraft:

  1. Votnakrafta er 300 KW gratiskraft til "Votnadalens beboere". Omrekna til full brukstid: 2.628.000 kwt. Denne krafta skal delast på det antal høvetal som gjeld pr. 1. oktober kvart år.
    Abonnenten får godskrive på straumrekninga si - heile grunnavgifta - verdien av dei kwt. som er tildelt vedkomande - mva på dette. frårekna administrasjonsutgifter til kommunen med 1/6-part. El.avgifta og mva. på denne blir ikkje refundert.

  2. Votnakraft kan - etter søknad- tildelast fastbuande folk på særskilt matrikulert eigedom i Votnadalføret. Krafta skal inndragast når fast busetnad opphøyrer og ved eigar/brukarskifte. Det blir ikkje tildelt Votnakraft til meir enn ein søkjar på kvar matrikulerte eigedom (kvart gnr. og bnr.) Ein må vera straumabonnent i Ål Kraftverk/Hallingkraft for å få Votnakraft. Med fastbuande er meint at vedkomande må vera registrert med eigedomen som si fastadresse i Hallingdal folkeregister.

  3. Delinga skjer etter fastsette reglar om høvetal, varierande frå 2 og oppover. Det blir m.a. teke omsyn til om vedk. eigedom har strandrett til elva Votna, om vedk. har "salgskraft" m.v.
  4. Kommunestyret vel for kvar valbolk eit styre for Votnakrafta. Styret har 5 medlemer. Tre av dei skal vera frå Votnadalføret ( ein frå kvar av grendne Vats, Leveld og Votndalen). Det er klagerett til formannskapet over dei avgjerder Votnakraftstyret har gjort. Eit mindretal i Votnakraftstyret kan dessutan krevje ei sak lagt fram for formannskapet. Ål Kraftverk KF er sekretariat for styret.

Votnakraftstyret er for perioden 2019 - 2023

Ordførar, Varaordførar, Ole Tor Oleivsgard, Inger Elise Kaslegard og Annlaug Tveito.

Votnakraft søknadsskjema med retningslinjer.pdf

Søknad om Votnakraft  vert sendt til:
Votnakraftstyret v/ Ål Kraftverk KF, Tingstugu, 3570 Ål