Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Barnehage

Barnehagane i Ål

To gutar og ein dumper. Foto Terje Bjørnsen
Caption

I Ål kommune er det fem kommunale barnehagar. Barnehagane varierer i storleik, frå 2 til 6 avdelingar og er lokalisert både i sentrum og ute i grendene. Under finn du meir informasjon om kvar barnehage. 

Nordbygdene barnehage

Sando barnehage

Skattebøl barnehage

Sundre barnehage

Torpo barnehage

Barnehagemyndigheita i Ål kommune er Veronica Magnetun Wilhelmsen tlf. 458 11 949 / 3208 5078

Slik søkjer du barnehageplass

Søknad om barnehageplass skal gjerast via Visma Flyt Barnehage (VFB) sin føresettportal. Du loggar deg inn med elektronisk ID via ID-porten og det er anbefalt å nytte Edge eller Google Chrome som browser. 

Søknad om barnehageplass består av fleire trinn der det skal leggjast inn informasjon. Dersom det vert søkt om deltidsplass (3 eller 4 dagar), må dagval markerast likt i både partal- og oddetalsveker. Dersom det er ulikt, er det dagvalet i partalsveker som vert lagt til grunn for søknaden.

Søknaden vert sendt inn elektronisk, og du vil motta stadfesting på den e-postadressa du har oppgjeve i søknaden. Svar på søknaden blir sendt på kommunen si SVAR-UT-teneste og kjem til den digitale postkassa di.

Dersom du har spørsmål eller ynskjer hjelp til å fylle ut den elektroniske søknaden, kan du ta kontakt med servicetorget på Tingstugu eller ein av barnehagane.

Søknad om barnehageplass

Den elektroniske søknaden i føresettportalen skal nyttast både i samband med hovudopptaket (søknadsfrist 1. mars) og dersom det skal søkjast om plass i løpet av barnehageåret.

Ikkje alle får oppfylt sin 1. prioritet ved tildeling av plassar. Det er difor viktig å sette opp fleire barnehagar i prioritert rekkefylgje. Opptaket vert gjennomført etter vedtekne opptakskriterium. Du kan legge inn så mange søknader du vil, men det er alltid den siste registrerte som blir teke med i opptaket.

Plassar i hovudopptaket vert tildelt frå oppstart av det nye barnehageåret, som startar samtidig med skuleåret. Dersom det er behov for å starte opp tidlegare, kan det meldast frå til barnehagen som du har fått tildelt plass i innan 1. juni. Å få starte opp i perioden frå 1. august til nytt barnehageår startar, vil vere avhengig av ledig kapasitet.

Her søkjer du barnehageplass

Søkjarar som ikkje har 11-sifra personnummer kan ikkje nytte den elektroniske søknaden. Ta kontakt med Servicetorget for søknadsskjema.

Nyttig informasjon om å ha barnehageplass

Det er utarbeidd eit informasjonshefte med nyttig informasjon når det er tildelt barnehageplass. Du finn heftet her:

Informasjonshefte om barnehage i Ål kommune

Endring eller oppseiing av tildelt barnehageplass

Det kan søkjast om endring eller oppseiing av delar av tildelt barnehageplass. Det kan søkjast om fylgjande endringar:

  • Søknad om utviding av plass
  • Melding om redusering av plass
  • Søknad om endring av dagval
  • Søknad om overføring til annan barnehage

Det skal nyttast elektronisk skjema i føresettportalen for å sende inn søknad om endring. I den elektroniske søknaden må datoen det vert søkt endring frå, førast opp.

Søknad om endring av barnehageplass vert tildelt etter venteliste ved ledig kapasitet. Dersom endringa gjeld redusering av plass, er det ein månad oppseiingstid, rekna frå den 1. i månaden etter at kommunen har motteke meldinga.

Her søkjer du om endring av barnehageplass 

Oppseiing av heile barnehageplassen

Dersom heile barnehageplassen skal seiast opp, skal dette gjerast i føresettportalen. Du kjem til føresettportalen ved å klikke på lenka nedanfor.
Før opp datofor siste dag i barnehagen.

Ved oppseiing av barnehageplass, er det ein månad oppseiingstid, rekna frå den 1. i månaden etter at kommunen har motteke meldinga.

Det er ikkje høve til å seie opp ein plass innafor eit barnehageår etter 1. april. Plassen må seiast opp før 1. april og barnet må takast ut før 1. mai.

Skulestartarar er tildelt barnehageplass fram til dagen før skulestart. Plassen vert automatisk sagt opp og den treng difor ikkje seiast opp ved å sende inn melding i føresettportalen.

Skulestartarar som ynskjer det, kan slutte 1. august. Då må plassen seiast opp innan 1. mai på elektronisk skjema.

Skjema for oppseiing av heile barnehageplassen.

Rett til barnehageplass

Lov om barnehagar § 16 slår fast fylgjande:

"Barn som fyller ett år senest innen utgangen av august det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage fra august i samsvar med denne loven med forskrifter.

Barn som fyller ett år i september, oktober eller november det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage innen utgangen av den måneden barnet fyller ett år i samsvar med denne loven med forskrifter.

Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er bosatt.

Søknadsfrist til opptaket fastsettes av kommunen."

I Ål kommune er det eitt hovudopptak i året. Søknadsfristen for å vere med i hovudopptaket er 1. mars.

Retten gjeld berre ved søknad i hovudopptaket og dersom plassen vert teke i bruk innan utgangen av august. Søknadar utanom hovudopptak vil bli vurdert etter ledig kapasitet.

Barnehagetilbod til barn med spesielle behov

Enkelte barn kan ha behov for spesielt tilrettelagt barnehagetilbod eller bli prioritert ved opptak.

I følge barnehagelova § 18 har barn med nedsett funksjonsevne og barn som det er gjort vedtak om etter Lov om barnevernsteneste §§ 5-1 fyrste ledd bokstav a til d, 3-1 og 3-4 fyrste ledd bokstav b, rett til prioritet ved opptak.

For å få prioritet ved opptak, må det leggjast fra sakkunnig uttale. Sakkunnig uttale må gjevast frå helsestasjon, PPT (pedagogisk psykologisk teneste), barnevern eller lege. Sakkunnig uttale kan ikkje leggjast ved som vedlegg til elektronisk søknad, men må sendast i eige brev til Ål kommune v/oppvekstkontoret, Torget 1, 3570 Ål og merkast Sakkunnig uttale - barnehageplass, så raskt som råd etter at elektronisk skjema er sendt inn. Foreldre/føresette har sjølv ansvar for at dokumentasjonen vert sendt inn og vert ikkje etterspurt om det er kryssa av for prioritet ved opptak på det elektroniske skjemet og dokumentasjon ikkje er motteke.

I dei fleste tilfelle vil det pedagogiske tilbodet i barnehagen vere godt nok for å dekke barna sine behov. Men i nokre få tilfelle, er det nødvendig med eit styrka barnehagetilbod.

Betalingssatsar/betalingsreglement
Betalingsreglement for barnehagane pr 01.01.2023:
 
Betalingssats:
5 dagars barnehageplass – kr 3 000,- pr månad
4 dagars barnehageplass – kr 2 950,- pr månad
3 dagars barnehageplass – kr 2 600,- pr månad

Betalingssats frå 01.08.2024:
Frå 19.08.24 blir det berre tilbod om 5 dagars barnehageplass i alle barnehagane i Ål kommune. 
 
Betalingssatsen for 5 dagars barnehageplass pr månad blir på kr 1500 
 
1. Syskenmoderasjon:
Det vert gjeve 30 % syskenmoderasjon i foreldrebetalinga for barn nr 2.
For det tredje barnet og eventuelt fleire barn er det gratis barnehageplass frå august 2023.

2. Reduksjon i foreldrebetalinga grunna låg inntekt
Ingen familiar skal betale meir enn 6 % av inntekta for ein barnehageplass. Ein familie eller hushaldning som kan dokumentere ei samla skattepliktig kapital- og personinntekt på mindre enn kr. 550 00,- jf siste skattemelding, kan søke om redusert betalingssats.
 
3. Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar
2-, 3-, 4- og 5- åringar og barn med utsett skulestart som bur i hushaldningar med låg inntekt har rett på 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr. veke.
Hushaldningar som kan dokumentere ei samla skattepliktig kapital- og personinntekt på mindre enn kr 615 590,-,- jf. siste skattemelding, kan redusert betalingssats.

Det skal søkjast om redusert sats på elektronisk skjema.
Søkjarar som har rett på begge ordningar skal sende søknad berre ein gong.
 
 
c) Kjøp av ekstra dag:
Barn med fast plass i barnehage kan ved ledig kapasitet gjere avtale med barnehagen om å kjøpe ekstra dagar. Kjøpedagar kostar kr 350,- pr dag.

d) Mat i barnehagen:
Mat i barnehagen skal vere sjølvfinansiert og kjem i tillegg til sats for foreldrebetaling.

e) For sein henting:
Føresette som gjentatte gonger ikkje hentar sine barn til rett tid, må etter ein skriftleg advarsel betale kr 200,- pr. påbegynt ½ time ved for sein henting.

f) Utsending av faktura
Det vert sendt faktura for 11 månader. Juli er betalingsfri månad og føreset at barnet er ute fire heile veker i løpet av barnehageåret. 
Forfallsdato 20. i kvar månad.

g) Manglande betaling
Ved manglande foreldrebetaling i meir enn 2 månader, vert det sendt varsel om oppseiing av plassen. 
Kontantstøtte

Barn som mottek kontantstøtte og som søkjer barnehageplass, vil få ei avkorting i kontantstøtta etter kor stor barnehageplass barnet får tildelt.

Her kan du lese meir om kontantstøtte

Føresette pliktar å gje melding til det lokale NAV-kontoret kor stor barnehageplass barnet har.

Moderasjonsordningar

Søknadsfrist for å søke på moderasjonsordningar for barnehageåret 2024 - 2025 kjem.

For søknader motteke etter fristen og fram til nytt barnehageår startar, vil ein ev. reduksjon gjelde frå 1. september.

For søknader som blir sendt inn etter at barnehageåret har starta opp, vil ein ev. reduksjon gjelde frå den1. i månaden etter at søknaden er motteke.

 

1. Syskenmoderasjon:
Det vert gjeve 30 % syskenmoderasjon i foreldrebetalinga for barn nr 2.
For det tredje barnet og eventuelt fleire barn er det gratis barnehageplass frå august 2023.

2. Reduksjon i foreldrebetalinga grunna låg inntekt
Ingen familiar skal betale meir enn 6 % av inntekta for ein barnehageplass. Ein familie eller hushaldning som kan dokumentere ei samla skattepliktig kapital- og personinntekt på mindre enn kr. 550 00,- jf siste skattemelding, kan søke om redusert betalingssats.
 
3. Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar
2-, 3-, 4- og 5- åringar og barn med utsett skulestart som bur i hushaldningar med låg inntekt har rett på 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr. veke.
Hushaldningar som kan dokumentere ei samla skattepliktig kapital- og personinntekt på mindre enn kr 615 590,-,- jf. siste skattemelding, kan redusert betalingssats.

Det skal søkjast om redusert sats på elektronisk skjema.
Søkjarar som har rett på begge ordningar skal sende søknad berre ein gong.

Søk om redusert betaling/gratis kjernetid her - Foreldreportal Visma

Her finn du meir informasjon om moderasjonsordningane

Vedtekter

Det er utarbeidd vedtekter for dei kommunale barnehagane i Ål.
Her finn du vedtekter for dei kommunale barnehagane. 

Ferie og fridagar

Nokre dagar i året er barnehagane stengt:

Planleggingsdagar

Alle barnehagane har 5 dagar kvart år til planlegging. Desse dagane er barnehagane stengt. Dagane er spreidd utover i barnehageåret, og er, så langt det er råd, lagt saman med skulane sine planleggingsdagar. Den første av dei er alltid før barnehagestart i august. De vil få beskjed i god tid når desse dagane er.

Ferie

Krav om barnehagebetaling vert sendt ut for 11 månader, der den 12. månaden er betalingsfri. Denne månaden vert rekna som barna sin ferie. Dersom det ikkje vert teke ut ferie for barna (fire feireveker), vert ekstra betaling pårekna.

Alle kommunale barnehagar har stengt mellom jul og nyttår og mellom palmesundag og skjærtorsdag i påskeveka. Dette blir rekna som ei ferieveke.

Alle kommunale barnehagar har stengt dei to siste vekene i juli.

Følgande reglar for ferie gjeld:

  • Ferien skal vere planlagt og avtalt på førehand.
  • Ei heil ferieveke er det same tal dagar barnet har barnehageplass.
  • Jul og påske vert rekna for ei ferieveke.
  • Brukar barnet likevel barnehagen ein dag i oppsett ferieveke, blir ikkje dette rekna for heil ferieveke.
Kan eg gå i barnehagen idag?

Her finn du ein plakat med oversikt over smittsomme sjukdommar

Menn i barnehagen (MIB)

MIB-logo

Det finst MIB-nettverk over heile landet, også i Hallingdal.

MIB er et uformelt nettverk av og for menn/gutar som jobber i barnehage eller utdannar seg for å jobbe i barnehage. 

Nettverket fungerer som ein sosial og/eller fagleg møtestad, der du treffer andre som jobbar eller utdannar seg i retning denne sektoren.
Målet er og å få til eit mannsmiljø på tvers av barnehagane uavhengig av kva for kommune ein jobbar i.
Fleire menn opplever å vere aleine som mann på jobb saman med mange kvinner og difor er disse nettverkssamlingane nødvendige og nyttige for svært mange.

Kontaktperson MIB-Hallingdal:

Bernt Ivar Hjelmsø, rådgjevar Hol kommune
Tlf: 95788891                                                                                                e-post: mib@hallingdal.no

Her finn du meir informasjon om menn i barnehagen:

www.mennibarnehagen.no

Tverrfagleg team er eit førebyggande initiativ som skal gripe inn raskt og ha ein rådgjevande og rettleiande funksjon. Føremålet med tverrfagleg team er tidleg innsats i høve barn/unge og familiane deira, og byggjer på ideen om at me saman får til nødvendig endring og utvikling. 

Tverrfagleg team er sett saman av kontaktpersonar frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barneverntenesta, helsestasjonen og psykisk helse. PPT, helsestasjonen og psykisk helse møter fast i tverrfaglege møter saman med representantar frå den einskilde barnehage og skule. Representanten frå barneverntenesta deltek ved innkalling. Andre instansar kan inviterast etter behov. 

Tverrfagleg møte skal vere eit lågterskeltilbod til barnehage, skule og føresette. Målet med møta er å gje fagleg støtte så tidleg som mogleg. Med fleire instansar til stades kan ein hjelpe raskare og gjere arbeidet meir effektivt. 

Føresette som ynskjer hjelp i tverrfagleg møte, kan ta kontakt med eigen barnehage eller skule. Dersom tilsette ynskjer å drøfte enkeltbarn, skal føresette få høve til å vere med på møtet eller gje samtykke til ope drøfting. Eit anna alternativ er anonym drøfting.

Informasjonshefte om hjelpeinstansar

Ål kommune har utarbeidd eigen overgangsplan mellom barnehage og skule.

Overgangsplanen skal sikre samanheng i læringsløpet til barn. Barna og deira føresette skal føle seg trygg på at alle blir møtt av ein barnehage og skule som kjenner dei og legg til rette for ein god start.

Overgangsplanen skal sikre:

  • Gode rutinar, lik praksis og systematisk samarbeid mellom einingane.
  • Ein meiningsfull samanheng i læringsløpet.
  • Tidleg innsats for barn med særskilte behov.
  • Ein trygg skulestart for barn som byrjar i 1.klasse og for dei føresette.

Det er utarbeidd eit eige informasjonshefte om overgangen barnehage-skule.

Du finn informasjonsheftet her

Sektorutval for kultur og oppvekst vedtek kvar haust skuleruta for komande skuleår. Skuleruta gjev oversikt over skuledagar, ferie- og fridagar i grunnskulen.

I Ål kommune startar barnehageåret samtidig med skuleåret.

Skulerute 2023 - 2024

Skulerute 2024 - 2025

Rapport: Tilpasset opplæring og spesialundervisning

Tilstandsrapport for oppvekstsektoren 2020

Likestillingsplan for barnehagane

Plan mot utestenging og mobbing

Plan mot utestenging og mobbing - rutine

Betre læring 2022 - 2025

Betre læring er overordna plan for oppvekstsektoren i Ål kommune. Planen har denne
visjonen: «Alle som veks opp i Ål skal bli flygedyktige og rotfaste.»

Planen har eit overordna mål: «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar enkelt kraft til å meistre eigne liv». Me vil at alle skal få raskt hjelp ved behov, både fagleg og sosialt, og med tilpassing og eigeninnsats skal alle ha utbytterik læring.

Betre læring - handlingsplan 2020 - 2021

Betre læring - strategidokument 2022 - 2025