Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Personvernerklæring og informasjonskapslar

Personvernerklæring

Erklæringa skal gje informasjon om korleis Ål kommune behandlar personopplysningar og kva rettar registrerte har. 
Det er behandlingsansvarleg som avgjer føremålet med behandlinga av personopplysningar og som er ansvarleg for at personopplysningslova og personopplysningsforskrifta vert fylgde.
I kommunen er det rådmannen som er behandlingsansvarleg.

Personopplysningslova

Personvernerklæringa følger føresegnene i Lov om behandling av personopplysningar med tilhøyrande forskrift. Les meir om personvern på nettsidene til Datatilsynet.

Personvern og teieplikt

Tilsette i Ål kommune pliktar å hindre at uvedkomande får tilgang eller kjennskap til personlege opplysningar om deg.

  • Vi sikrer at berre tilsette med tenestleg behov får tilgang til dine personopplysningar.
  • Vi sikrar at opplysningane ikkje kan bli endra eller sletta av andre enn dei som har autorisasjon.
  • Vi sikrar at personopplysningane er tilgjengelege når det er naudsynt for å utføre oppgåvene våre og gje deg ei best mogleg teneste.
Føremålet med behandlinga av personopplysningar

Opplysningar du fyller inn i skjema, vert oversendt elektronisk til Ål kommune. Kommunen må samle inn desse opplysningane for å saksbehandle førespurnaden din. Ål kommune ynsker å gje deg eit digitalt svar på førespurnaden din.
For at me skal vere sikre på at du som mottek svaret er rett person, blir du beden om å fylle inn fødselsnummer i våre skjema. Alle personopplysningar vil bli behandla fortruleg og vil berre bli nytta til saksbehandling av den aktuelle saka.
Fødselsnummer vil aldri syne på offentleg tilgjengelege dokument.

Samtykke

Om du er einig i at personvernet ditt er sikra ved denne erklæringa, samtykker du til lagring av innsamla data om deg. Samtykket gjeld som godkjenning av våre retningsliner for personvernet og for behandling av opplysningane. Opplysningane du har tasta inn vil ikkje vere tilgjengelege for Ål kommune, før du sender inn søknaden. Når du har sendt inn søknaden, har du samstundes samtykka i at Ål kommune kan motta og lagre desse opplysningane.

Unnlate samtykke

Om du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok ivareteke, vil du ikkje kunne nytte elektronisk skjermdialog. Då må du ta kontakt med servicetorget for å avtale ei manuell løysing.

Rett til innsyn og sletting av personopplysningar

Du kan når som helst be om å få vite kva for personopplysningar vi har om deg, kva dei nyttast til og korleis dei er innhenta. Dette gjeld både manuelle og elektroniske register. Om du finn at opplysningane er unøyaktige eller ufullstendige, kan du be om å få opplysningane retta eller sletta, såframt det føljer norsk lov.

Denne tenesta er gratis og du skal få svar innan 30 dagar. Vi rettar eller sperrer opplysningar som ikkje lenger er naudsynte for føremålet med registreringa. Dette gjeld ikkje om opplysningane skal oppbevarast i henhold til anna lovgiving, til dømes arkivlova eller reknekapslova.

Vidareformidling

Kommunen skal ikkje selje, bytte eller vidareformidle informasjon om deg til tredjepart utan at du har samtykka til dette.

Sikker dataoverføring

Alle opplysningar som overførast mellom di datamaskin og vår server går føre seg via sikra datakommunikasjon.

Nytting av cookies på kommunens nettsider

Ein cookie er ei lita tekstfil som legg seg i internminnet på nettlesaren din. Den gir oss statistikk som vi nyttar til å gjere nettsidene og dei digitale tenestene betre for brukarane våre. Til dette nyttar me analyseverktøyet Google Analytics.

Personvernombod

Ål kommune har Personvernombod som du kan kontakte om du har spørsmål om kommunen si behandling av personopplysningar. Personvernombodet skal jobbe for at personvernet vert ivaretek på ein god måte, både for tilsette og innbyggjarar.

Personvernombod: 
Inger Lervåg 
epost: personvernombudet@aal.kommune.no  
Tlf: 32 08 50 00 

Informasjonskapslar

Informasjonskapslar (Cookies) på Ål kommune sine nettsider

Ål kommune nyttar informasjonskapslar for å analysere det generelle brukarmønsteret på www.aal.kommune.no.

Informasjonskapslar er små tekstfiler som vert plassert på datamaskina di når du lastar ned ei nettside, til dømes www.aal.kommune.no. Innhaldet i informasjonskapslane vert utveksla mellom datamaskina di og www.aal.kommune.no kvar gong du ser på ei nettside. Kapslane sørger for at nettstaden fungerer best mogeleg.

Ingen personleg eller identifiserande informasjon vert lagra,  og vi kan ikkje identifisere enkeltbrukarar. I forhold til den norske Ekom-lova er samtykke gjeve så lenge innstillingar i nettlesaren er sett til å godta informasjonskapslar, og det finst informasjon om bruk av desse på nettsida.
Du kan hindre at informasjonskapslar vert lagra på datamaskina ved å endre innstillingane i nettlesaren.

Informasjonskapslar som vert nytta av Ål kommune

ASP.NET_Sessionld:

Informasjonskapselen vert nytta for at publiseringsløysinga vår skal fungere. Informasjonskapselen vert fjerna frå datamaskinen når du lukker nettlesaren.

ARRAffinity:

Håndterer lastbalansering. Ingen personleg informasjon. Informasjonskapselen vert fjerna frå datamaskina når du lukker nettlesaren.

AddThis:

Informasjonskapslane sørger for at du ser oppdatert teljar dersom du deler ei side med AddThis sosial deling. Varigheit på 2 år. Ingen data frå desse vert sendt attende til AddThis.

Google Analytics

Informasjonskapselen samlar inn informasjon for statistikk om bruk av nettsider. Dette for at kommunen skal kunne optimalisere sidene og gjere det enklare for brukaren. Kommunen får informasjon om kva for sider som er mest besøkt, kvar brukarane kjem frå, kva for tidspunkt sidene er mest besøkt osb.

EPiServer innlogging

Informasjonskapselen gir tilgang til EPiServer om ein er innlogga (gjeld kun tilsette i Ål kommune som har tilgang til EPiServer)