Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Bustad og eigedom

Betalingssatsar 2024

Her finn du betalingssatsar for 2024

Tilskot for fyrstegongsetablerar

Kommunestyret i Ål vedtok 25.05.2023 (sak 45/2023) å tilby tilskot til fyrstegongsetablerarar mellom 18 og 40 år som kjøper eller bygger bustad i Ål kommune. Tilskot pr bustad vart satt til kr. 300 000 med ei bindingstid på 6 år. 

Kommunestyret løyvde totalt 20 MNOK kr til bustadtilskot i 2023, og ved inngongen til juli månad var samtlege avsette midlar i ordninga delt ut. 

Sidan ordninga vart lansert 20. april 2023 har det kome inn 118 søknader om tilskot. Det er gjeve 61 tilsegn; korav to tilsegn a kr 200 000, sju tilsegn a kr 500 000 og 52 tilsegn a kr 300 000. 

Det er per juli 2023 over 40 søknadar som ikkje er handsama. Desse vert sett på vent til Kommunestyret vedtek budsjettet for 2024. 

Det er sannsynleg at ordninga med tilskot til fyrstegongsetablerarar vert vidareført i 2024, og det er difor framleis mogleg å søke. 

Søkarar vil framover få ei bekrefting om at søknad er motteke og registrert, men ingen nye søknadar vert handsama før tidlegast i januar 2024. 

Søknadsskjema sender du til Postmottak@aal.kommune.no 

Last ned søknadsskjema

Adressering

Eit enkelt og lettfatteleg adressesystem er avgjerande for at me skal finne fram. Særleg viktig er det når du treng hjelp frå politi, ambulanse eller brannmannskap.

Bustadhus og næringsområde har førsteprioritet i adresseringsarbeidet, deretter følgjer støls- og hytteområde. I nokre tilfelle må eksisterande adresser endrast t.d. fordi eit hytteområde er fortetta.

Det er fleire prinsipp for adressering. I Ål kommune nyttar me i hovedsak fortløpande nummerrering eller avstandsprinsippet. Ved avstands-prinsippet vert husnummer fastsett slik: Ligg huset 140 meter frå der vegen startar, får det nummer 14 – sjølv om det er første hus på høgre side av vegen. Skulle det seinare bli bygt fleire hus eller lagt ut nye tomer, har ein dermed ledige nummer.

Det må vera rom for skjønn, ein må mellom anna vurdere kva som er logisk og naturleg jf. korleis husa er plassert. 

Arbeidsgang

  • Eigarane mottek brevmelding om kva husnummer dei er tildelt.
  • Adressene blir ført i Matrikkelen (eigedomsregisteret).
  • Eigarane mottek brev om at adressa er offisiell og at dei pliktar å seta opp husnummerskilt.
  • Nødetatane, Folkeregisteret, Posten m.fl. får melding om den nye adressa. 

Ål kommune har ansvar for å skilte vegane og seta opp tilvisingsskilt der det er nødvendig. 

Vegnamn

Det er kommunen som er adressemynde og tildeler adresse.

Det tek dessverre noko tid før alle vegar er skilta ferdig sjølv om hus og hytter har fått adresse. Ein del vegar manglar formelt namnevedtak, og dét må gjerast før adressering.

Kommunen si namnenemnd ynskjer å bruke innarbeidde namn, og at skrivemåten skal vera i samsvar med ålingsdialekta.

Vegnamn kjem inn under Lov om stadnamn, med norsk rettskriving som rettesnor. Namneforslag blir sendt til godkjenning hjå namnekonsulent i Norsk Språkråd, men Kartverket har siste ordet når det gjeld skrivemåten.

Brann og feiing

Brann og feiing

Branntips

Eigedomsskatt

Ål kommune har eigedomsskatt på alle eigedomar i heile kommunen.

Alle eigedomar betyr bustad, fritid, landbruk og næring. Det vart innført generell eigedomsskatt i Ål kommune med verknad frå og med skatteåret 2017, før 2017 var det berre nokon næringseigedomar (verker og bruk) som hadde eigedomsskatt i Ål.

Les meir om eigedomsskatt

Eigenfråsegn konsesjonsfri overtaking av eigedom

All overtaking av fast eigedom er konsesjonspliktig med nokre unnatak. I dei tilfelle der det er fritak for konsesjon skal kjøpar fylle ut og underteikne eigenfråsegnskjema. Skjema finn du her: 

LDIR-356 N (raudt skjema)

LDIR-360 N (grønt skjema)

Meir om konsesjon for erverv av fast eigedom

Les meir om eigenfråsegn konsesjonsfri overtaking av eigedom (Landbruksdirektoratet)

Kommunale avgifter

Ynskjer du å dele opp faktura på kommunale gebyr?

Vi tilbyr frå 2022 at du kan få faktura på kommunale gebyr oftare enn tidlegare.

NB: Det vil ikkje lenger vera mogleg å inngå betalingsavtale etter at vi tek i bruk fleire terminar.

Du kan behalde dagens ordning med faktura 2 gonger i året, eller du kan velje mellom å få faktura 1, 4 eller 6 gonger i året. Det einaste kravet er at du kan ta imot faktura digitalt. Det vil si t.d. e-faktura, avtalegiro, e-post eller Vipps.

Ynskjer du å ta imot faktura på e-post må du informere om e-postadresse. Dersom du allereie har avtale om avtalegiro eller du nyttar e-faktura, men nå ynskjer faktura på e-post, må desse avtalene slettast. Slike avtaler overstyrer faktura på e-post.

For deg som ikkje ynskjer å ta i mot faktura oftare, eller framleis ynskjer blankett tilsendt i posten, blir det ingen endringar. Du vil få faktura to gonger i året med betalingsfrist 20.03. og 20.09.

For å inngå avtale om oftare faktura må du fylle ut søknadsskjema:

Søknadsskjema - Oppdeling av gebyr (word)

Søknadsskjema - Oppdeling av gebyr (pdf)

Dersom du har fleire eigedommar i kommunen, må du inngå avtale pr. bygg/eigedom.

Melding om oppdeling av faktura må vera kommunen i hende seinast 01.02. og 01.08 (før forfall på hovudterminane).

Du kan sjølv utsetje/dele faktura på mi side. Dette gjeld ikkje for bedriftskundar.

Treng du hjelp, ta kontakt med servicetorget.

Kommunale avgifter - hytter

Alle hytteeigedomar betalar eigedomsskatt med 3 promille av takst og hytterenovasjon som for 2024 er kr 2.750,- + mva.

Alle hytter, unnateke hyttene i Hallingdal Feriepark, har privat vatn.

Hytter i Rødungen/ Bergsjøområdet, Øvre-Ålsåsen (Primhovda) og nye hytter innafor plan Leveldåsen er kopla til kommunalt avløp via private stikkledningar.
Årsgebyr er kr 6.036,- + mva. som fordeler seg slik: Fastledd kr 4.772,- + mva. og forbruksgebyr kr 1.264,- + mva.

MinEigedom

Ål kommune har teke i bruk løysinga MinEigedom.
I den digitale tenesta «MinEigedom» vil du som eigar få tilgang på viktig eigedomsinformasjon heile døgnet.

Alle eigedomseigarar i Noreg kan i framtida få enkel digital tilgang til fullstendig informasjon om sin eigedom og alle kommunale tenester knytt til eigedomen på ein stad. 

Nettsida MinEigedom er lagt som ei lenke her på heimesida og inneheldt mykje data om mellom anna vatn og avløp, miljø, feiing, renovasjon, eigedomsskatt, kart og oppmåling mm. Har du fleire eigedomar i Ål kommune vil du få informasjon om kvar av desse. Kanskje eig du og eigedomar i andre kommunar. Ved innlogging i MinEigedom vil du og kunne finne dine eigedomar i andre kommunar. Dette avheng av at desse kommunane og har teke i bruk MinEigedom. 

Du treng elektronisk ID for å logge inn, til dømes BankID, Buypass eller MinID.

Gå til innlogging på MinEigedom her 

Startlån

Det er NAV som tek imot og behandlar søknadar om startlån. Les meir

Kommunale bustadtomter

Byggeklare kommunale bustadtomter til sals

Her finn du oversikt med kart og prisar over ledige kommunale bustadtomter. I tillegg finn du kontaktadresse til private utbyggarar av bustadfelt.

Viss du ynskjer å reservere ei av dei kommunale tomtene, må du ta kontakt med Reidun Aaker for å få tilsendt bestillingsseddel. Vanlegvis kan du ha ei tomt "på hand" i 2 veker før du velgjer å kjøpe. Når du har kjøpt ei tomt, har du 2 års frist til å bygge bustadhus på tomta.

Sundreområdet

Kolbotn bustadfelt, del II Du kan reservere ei tomt  med ein frist på 2-4 veker til å bestemme deg om du vil kjøpe eller ikkje. Er det andre som har reservert tomta du er mest interessert i kan du sette deg på venteliste så vil du få melding når den som står før deg på lista har takka ja eller nei til tilbod om kjøp.

Viss du er interessert i tomt, skriv opp tomtene du ynskjer i prioritert rekkefølgje og send det inn pr e-post eller post til  Reidun Aaker, eller til Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål v/Reidun Aaker.

Legg merke til at på nokre tomter må det byggast hus med sokkeletasje. Nokre tomter merka "FL" er for fleirmannsbustad, medan andre er for tomannsbustad. På resten av tomtene kan det byggast einebustad (det er tillatt å ha ei mindre utleigeeining i ein einebustad).

Det vert særskilte bestemmelsar for høgda på bygg på tomta 17-3.   Endeleg plan vart godkjent i kommunestyret den 17. oktober 2013.

No er det ikkje ledige tomter att i Kolbotn bustadfelt:

Gbnr tomt nr Adresse

Storleik

(m2)

Type Priskr* Status
111/263 B 17-3 Nedre Kolbotn 11 1 100 Sokkel 336000 Reservert
111/247   Nedre Kolbotn 17 763   292 890 Reservert

 *)I tillegg kjem tilkoplingsgebyr for vatn og avløp, oppmålingsgebyr, 2 x tinglysingsavgift og dokumentavgift.

Gjeldande reguleringsføresegner. Endeleg godkjent i kommunestyret 17. oktober 2013 og revidert i STNR 22.10.13.  

Plankart

Bestemmelsar for kjøp av tomt i Kolbotn

Andre enkelttomter
Prestelie 1 i Vestlia
Baklivegen 5 i Ulshagen- Votna
Tjørndalsvegen 10

Områderegulering Vangen tomtene B14 (ca 1 daa) og B15 (ca 3 daa, plass til fleirmannsbustader eller fleire einebustader) med innkøyring frå Helgeplassvegen i Granhagen. Resten av tomtene i denne planen er private.

Votndalen

Votndalen bustadfelt, tomt nr 1, 4, 6 og 7 er ledige.

Sjå Finn.no annonse

 

Leveld

Gunnarhaugen bustadfelt

13 ledige tomter er byggeklare. Tomt nr T10 og T17 er i privat eige.   Tomt T4 , T6 og T12 er solgt. Prisen på dei kommunale tomtene i Gunnarhaugen er kr 300 000 pluss oppmålingsgebyr, tinglysing, dokumentavgift. Tomtekjøpar må betale for tilkopling til straum, vatn og kloakk.

Sjå Finn.no annonse

Reguleringsplan for Gunnarhaugen bustadfelt

Reguleringsføresegner Gunnarhaugen bustadfelt

Bestemmelsar for kjøp av tomt i Gunnarhaugen bustadfelt

Torpo

Bakken I bustadfelt, 6/42 Furubakken 7 (prisavslag 20 000), 6/40 Furubakken 9 og 6/49 Moldbakken 1.

Bakken II bustadfelt, Malmvegen 2, 3, 5, 7,  26, 27, 28,  30, 32, 34, 35 og 37.

Tomtekart Bakken II, Malmvegen

Prisen er på kr 230-250 000 (avhengig av tomtestorleik) inklusiv oppmålingsgebyr, tinglysing, dokumentavgift. Tomtekjøpar må i tillegg betale for tilkopling til vatn og kloakk etter låg sats. Opparbeiding av veg, vatn og kloakk er ferdig.

Sjå Finn.no annonse 

Kommunale næringstomter

På Torpo, rett ved Rv7, er det totalt 54 da som skal delast inn i ulike tomter etter næringslivets behov. Pris kr. 668 per m2 inkluderer kommunal infrastruktur (vatn, avløp, slokkevatn og intern veg)

Oversiktskart

Plankart

Planregister: GISLINE WebPlan 4.1.13, planid: 2017008 og 2019005  

Ta kontakt med næringsutviklar Staffan Landsmann-Wiwe for spørsmål. staffan@aal.kommune.no

 

Vats

I Vats bustadfelt er ei byggeklar småbrukstomt  (gbnr 84/37) med adresse Brattegardjordet 16. Tomta er på om lag 5,7 da og det går an å ha dyr. Denne tomta er reservert fram til 1.mars 2024.

Prisen er kr 300 000 pluss oppmålingsgebyr, tinglysing og dokumenttavgift. Tomtekjøpar må i tillegg betale for tilkopling  til vatn og kloakk -  for tida kr 20 000 for vatn og kr 20 000 for avlaup.

Private tomter

Byggeklare private tomter til sals

Haugen Tomtefelt har 16 byggeklare og sentrumsnære bustadtomter:

http://www.haugenfeltet.no.

Ta kontakt med Haugen Tomtefelt ved Hendug Bygg AS tlf 32 08 59 40 ellerpost@hendug.no.  

Brattebakken bustadfelt(Bakketeigen) - ta kontakt med Jutta Nestegard tlf 92806618

Knausevegen i Granhagen - ta kontakt med Ålhytta, tlf 32 08 60 50

Områderegulering Vangen i Granhagen- ta kontakt med Sverre Etterlid, tlf 907 32 152 eller Frank A. Dahl, tlf 905 15 575

Hago bustadfelt -  ta kontakt med Tuhus Maskin post@turhusmaskin.no