
Move to Ål!
Are you looking for information about Ål in English? Please visit our "Move to Ål-" guide.
Kvifor Ål?
Ål kombinerer det beste med bygdelivet med eit kultur- og idrettsliv som liknar det ein finn i større byar. Her er det:
- Lågare levekostnader enn i storbyane – her kan du bruke tida på det som er viktig for deg!
- Kort reiseveg til skule, barnehage, helse og butikkar
- Varierte jobbmoglegheiter og behov for deg med utdanning og kompetanse
- Eit godt miljø for gründerar og deg som vil skape eigen arbeidsplass
- Daglege tog- og bussavgangar til Oslo og Bergen
- Eit inkluderande lokalsamfunn der nytilflyttarar er varmt velkomne
Ål er kjent for å vere ei bygd med eit stort hjarte og sterkt fellesskap. Og det fellesskapet rommar mange fleire!
Du kan bli betre kjent med Ål og nokre ålingar i NRK sin flotte reportasje frå april 2025: Ekstremværet Hans, trippeldrap og ulykker har gjort Ål til et slitesterkt lokalsamfunn – Buskerud
Kva finst i Ål?
Ål kommune ligg midt mellom Oslo og Bergen. Sjølv om kommunen berre har i underkant av 5000 innbyggjarar, har vi eit stort kulturtilbod som er på høgde med dei fleste norske byar. Ål Kulturhus har både kino, teater, konsertar, danseframsyningar og litterære arrangement. I løpet av året er det ei rekke store kulturfestivalar i Ål.
I Ål finn du også eit stort mangfald av idretts- og friluftsaktivitetar. Vi har ein flott skistadion på Liatoppen, snørike alpinløyper i Ål skisenter, varierte sykkelstigar og milevis med langrennsløyper. I sentrum av Ål finn du også Ål idrettspark Bråta med kunstgrasbaner, friidrettsbane og turstigen Elvelangs. Vi har tre aktive idrettslag: Ål IL, Fjellet IL og Torpo IL.
Det finst ei foreining for det meste i Ål. Sjå oversikta over våre lag og organisasjonar.
Bustad
Finne bustad
På Finn.no finn du ledige bustader til sals i Ål akkurat no.
Det er høgt press på bustader til sals og leige og ikkje alt vert lagt ut på Finn.no. Difor bør du også følge med på Facebook-gruppene Leie bolig i Hallingdal og Leie i Hallingdal – leilighet, bolig, lokaler.
Og du kan aktivt gå ut og annonsere at du er på leit etter bustad, t.d. med ei annonse i lokalavisa Hallingdølen.
Buområder i Ål
Ål har flotte grender som ligg litt utanfor sentrum. Dei strekker seg frå høgfjellet i Vats til Strandafjorden, frå relativt tettbebygd til spreidt bebygd. Bygdene har ofte nærbutikk og skule/barnehage. Frå bygdene er det 10-20 minutters køyring til sentrum i Ål.
Her kan du lese meir om å bu og leve i nokre av grendene i Ål:
Nordbygdene: Vats, Leveld og Votndalen
Reveskogen - eit småbrukstun under utvikling

Drøymer du om å bu på eit småbruk? Ål kommune jobbar med eit spennande og annleis småbrukstun for deg som har denne draumen, men som tykkjer det er eit stort val å ta (og vanskeleg å finne!).
I Øvre-Ål ser vi nemleg på moglegheita for å utvikle ein småbrukstun i det vi kallar «Reveskogen»; ein unik, skjerma plass i skogen med flotte solforhold. Her kan du spenne skia på beina rett utanfor ytterdøra, sykle på skogsvegar og dyrke eigne grønsaker i den nærliggande Ål markedshage. Samtidig ligg områdt sentralt til; berre 4 km frå sentrum.
I «Reveskogen» ynskjer vi å legge til rette for arkitektteikna, bærekraftige hus i heiltre som skal byggast og plasserast på ein slik måte at det gir eit lågt klimafotavtrykk og liten miljøpåverknad. Det blir lagt stor vekt på plasseffektivitet.
Les meir på heimesida til Reveskogen.
Arbeid
Dei fleste ledige stillingar i Ål blir annonserte på Finn.no, på Hallingdølen sin jobbportal og i papiravisa, og på kommunene sine nettsider.
Ledige stillingar i Ål kommune finn du her.
Eit godt overblikk over arbeidsmarknaden, spanande bedrifter og kva vi jobbar med i kommunene, finn du i magasinet Opp & Fram.
Bedrifter i Ål ynskjer gjerne å bli kontakta sjølv om dei ikkje har averterte stillingar ute. Kanskje har akkurat du kompetansen dei treng. Ta kontakt med oss, så hjelper vi deg å finne bedrifter innan ditt felt.
Ta med deg jobben?
For deg som kan ta jobben med på flyttelasset er det ei rekke kontorfellesskap der du kan leige plass i Ål:
Ål kommune har dessutan mange ordningar for deg som vil skape din eigen arbeidsplass. Les meir her, eller ta kontakt med Næringsrådgjevar Staffan Landsmann-Wiwe for ein uformell prat: Staffan.Landsmann-Wiwe@aal.kommune.no
Skule og barnehage
Ål kommune har eit svært godt oppvekstmiljø. Kommunen har god barnehagedekning, med garantert plass når du søker om opptak innan 1. mars.
Les om barnehagar i kommunen her.
I Ål er det fire barneskuler og ei ungdomsskule.
Les meir om skulene i kommunen her.
I lokala til Ål kulturhus finn du i tillegg Ål kulturskule. Her finn du kunst- og kulturfag av høg fagleg og pedagogisk kvalitet. Kulturskulen tilbyr mellom anna klassar i dans, instrument, song, teater og kunst, samt yoga for vaksne.
Ål vidaregåande skule ligg også i bygda, og tilbyr utdanningsprogramma Bygg- og anleggsteknikk, Elektrofag, Helse- og oppvekstfag, Påbygging til generell studiekompetanse, Salg, service og reiseliv og Teknologi- og industrifag.