Heimesjukepleie
Heimesjukepleie er ei døgnkontinuerleg teneste som blir gjeve til personar som bur heime og som har behov for nødvendig helsehjelp.
Du kan søkje om heimesjukepleie når du bur heime eller oppheldt deg i Ål kommune og:
- du har eit helseproblem eller funksjonssvikt som medfører behov for sjukepleie i eigen heim, for eksempel til pleie, medisinar, smertebehandling, ernæring, personleg hygiene eller sårstell.
- du treng etterbehandling eller opptrening til å klare deg sjølv.
- du treng nokon som observerer eller utgreier helsetilstanden din i heimen.
- omsorg ved livets slutt.
Heimetenestene har normalt ikkje høve til å følge til lege eller tannlege.
Ordninga er behovsprøvd slik at det berre er personar med særskilte behov som vil få ordninga innvilga.
Det må søkjast om tenesta. Søknad skjer skriftleg ved melding av behov. Eit tildelingsteam i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og å fatte vedtak om tildeling av heimesjukepleie.
Heimesjukepleie er gratis.
Heimehjelp/praktisk bistand
Kommunen tilbyr praktisk bistand og opplæring til dei som har eit særleg hjelpebehov på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller andre årsaker.
Du kan søkje heimehjelp når du bur heime eller når du oppheldt deg i Ål kommune og du er heilt avhengig av hjelp til å meistre praktiske gjeremål.
Reinhald inneber vask av rom som er i dagleg bruk. Målet med tenesta er å gje brukaren hjelp til å meistre å bu i eigen bustad.
Det blir gjort ei individuell vurdering i forhold til kvar einskild brukar og søknad.
Kommunen har ikkje høve til å dekke praktisk bistand til
- storreingjering/rundvask
- reingjering av teppe ut over støvsuging
- reingjering av rom ein ikkje nyttar
- rydding eller vasking av kjellar eller loft
- pussing av vindauge
- vask av altan/terrassar
- pussing av sølv, kopar og messing
- hogge/bere ved
- hagearbeid/plenklipping
- stryking av tøy
- stell av dyr
Kommunen har ikkje høve til å gje praktisk bistand på helligdagar.
Heimetenestene handlar normalt ikkje inn matvarer, men du kan få hjelp til å bestille matvarer og få køyrt desse heim av Frivilligsentralen. Du betaler sjølv for varetransporten.
Du skal sjølv ordne bank- og posttenester og skaffe andre nødvendige varer, som for eksempel klede. Heimetenestene har vanlegvis ikkje høve til å følge til lege eller tannlege.
Pris for heimehjelp: betalingssatsar basert på inntekt.
Det må søkjast om tenesta. Søknad skjer skriftleg ved melding av behov. Eit tildelingsteam i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og å fatte vedtak om tildeling av heimehjelp.
Matombringing
Tilbod om matombringing kan bli gjeve til personar som treng hjelp til å ivareta sitt ernæringsbehov. Middagen vert laga ved Felleskjøkkenet Hol-Ål og køyrt ut av avdeling miljøterapi.
Det kan leverast inntil 7 middagsporsjonar pr. veke, og maten blir køyrt ut 3 gonger pr. veke.
Middagen er nedkjølt, vakuum- og porsjonspakka. Det kan leverast ulike diettar.
Porsjonspakkane er merka med siste forbruksdag og leveringsdato. Tilbodet kan vere for ei periode ved til dømes sjukdom. Middagen blir levert heim til brukaren.
Søknad skjer skriftleg ved melding av behov.
Tryggleiksalarm
Tryggleiksalarm skal gje tryggleik for brukaren. Tryggleiksalarmen ber ein på kroppen som "smykkesendar", og den kan nyttast ved akutte behov for å nå helsepersonell. Alarmen koplar ein til telefonnettet og går direkte til alarmsentralen. Alarmmottak for Ål kommune ligg hjå SOS International som har kvalifisert helsepersonell som bemannar sentralen 24 timar i døgnet.
Der vil dei vurdere naudsynte handlingar og vidareformidle beskjedar til rett instans som t.d pårørande, legevakt eller heimesjukepleien sin vakttelefon.
Søknad skjer skriftleg ved melding av behov.
GPS-alarm
Det er også mogleg å søke om GPS-alarm med 2-vegs alarm. Dette vil dekke område også utanfor heimen, så sant det er mobildekning.
Ei samla vurdering av behovet til søkjaren vert gjort etter desse kriteria:
- har lett for å falle eller har problem med å bevege seg
- er utrygg
- helsemessige årsakar
- må ynskje alarm og forstå bruken av denne
Det må søkjast om tenesta. Søknad skjer skriftleg ved melding av behov. Du kan kontakte servicetorget i Ål kommune for å få hjelp til søknaden din. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gje ei skriftleg fullmakt som vert lagt ved søknaden.
Heimetenesta vil ta kontakt og avtale eit heimebesøk innan 10 dagar etter at søknaden er motteke. Du vil få svar på søknaden seinast 4 veker etter at søknaden er motteke.
Tildelingsteamet i kommunen behandlar søknad om tryggleiksalarm og fattar vedtak om tildeling av alarm.
Betaling for bruk av tryggleiksalarm vert vedteke i kommunestyret kvart år. Sjå betalingssatsar for Ål kommune.
Velferdsteknologi
Velferdsteknologi er eit nasjonalt satsingsområde, og eit viktig verktøy i møte med framtida sine utfordringar. Satsing på velferdsteknologi kan gi auka livskvalitet for brukarane, høgare kvalitet på tenestaene, innsparing for kommunane, dessutan ha effekt i forhold til rekruttering.
Ål kommune er i gang med å implementere velferdsteknologi i arbeidet for å betre kvaliteten i dei kommunale pleie-, omsorgs- og rehabiliteringstenestane. Behovsstyrt velferdsteknologi i kombinasjon med organisering av tenestene kan bidra til auka sikkerheit, tryggare brukarar, pårørande og tilsette, og meir målretta og samfunnsøkonomisk utnytting av tilgjengelege ressursar.
Prosjektet rettar seg særskilt mot å prøve ut tekniske løysingar for å registrere og varsle personalet ved:
Nattevandring. Når bruker forlet seng, rom eller bolig nattestid
- Fall og/eller fråvær fra seng
Eit sentralt punkt er at løysingane skal tilpassas individuelt for kvar brukar og den einskilde sin situasjon og behov.
Målgruppe
- personar i eigen heim eller omsorgsbustad som kan nyttiggjere seg velferdsteknologiske løysingar (primærbrukerar)
- pårørande til primærbrukerane
- tilsette i helse og omsorgssektoren
Ein tek sikte på å vinne erfaringar med teknologistøtte til natt-tilsyn hjå brukerar med ulike somatiske og kognitive utfordringar og i ulike buformar.
Målet med Velferdsteknologi/Digitalt natt-tilsyn
Auka kvalitet i kommunen si natt-teneste
- Auka tryggleik for brukarar, pårørande og tilsette med ansvar for tilsyn på natt
- Betre ressursutnytting
- Behov for endra omsorgsnivå til brukerar med aukande bistandsbehov blir utsett
Les meir om Velferdsteknologi: Digitalt tilsyn
Tryggleiksopphald
Tryggingsopphald ved Ål helsesenter er ikkje ei lovpålagt teneste, men eit tilbod som Helse- og omsorgssektoren ynskjer å kunne tilby deg som innbyggjar i Ål kommune. Tryggleiksopphald kan representere eit sikkerheitsnett dersom situasjonen din endrar seg slik at utryggleiken vert for sterk, til dømes dersom det private omsorgsapparatet bryt saman. Tryggleiken ligg i at du kan be om hjelp og få hjelp, når du treng det.
Du som brukar kan sjølv skrive deg inn ved institusjon same dag/natt, og få innvilga tryggingsopphald i inntil tre dagar. Korkje pårørande, hjelpeapparat eller lege kan nytte dette tilbodet.
Avtala blir vurdert fortløpande, men opphaldet må avsluttast innan tre dagar.
I løpet av denne tida skal omsorgstenestene ha vurdert situasjonen og kome fram til løysingar saman med deg som brukar og pårørande.
Helse- og omsorgssektoren gjer merksam på at tryggingsopphald ikkje gjer krav på ytterlegare plass ved Ål helsesenter. Tryggingsopphald skal betalast etter reglar om tidsavgrensa opphald i institusjon, jfr. Forskrift om vederlag i institusjon mv.
Leiar for heimetenesta eller ansvarleg sjukepleiar kan vurdere opphald etter behov.
For spørsmål ta kontakt med leiar for heimetenesta Marie Skråmestø
telefon 959 46 212
Kvardagsrehabilitering
Dei fleste av oss ynskjer å kunne bu heime og vere sjølvhjulpne så lenge som mogleg. Kvardagsrehabilitering er ein tidsavgrensa innsats for deg som opplever at kvardagen byrjar å bli utfordrande.
Tilbodet høver for deg som nyleg har hatt eit fall i funksjonen som gjer at du ikkje meistrar kvardagen din som tidlegare. Du er motivert og ynskjer å gjere ein innsats for å attvinne tidlegare funksjon, slik at du i størst grad kan klare deg sjølv i eige liv og i eigen heim.
I kvardagsrehabilitering byrjar ein med å spørje «Kva er viktig i ditt liv?». Eit tverrfagleg team sett saman av ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar og heimetrenarar gjer ei systematisk kartlegging, og utarbeider i samarbeid med deg, mål for kva som er viktig for deg å kunne meistre i kvardagen din. Det tverrfaglege teamet set opp ein tiltaksplan for korleis du skal gå fram for å nå måla dine.
Kvardagsrehabilitering er eit tidsavgrensa tilbod som varar i opp til fire veker. I løpet av ei firevekers periode så vil du dagleg trene på å nå dei måla som du har sett deg. I hovudsak saman med heimetrenar i frå heimetenesta, og med fysio- og ergoterapeut etter behov. Undervegs i perioden vil teamet kunne evaluere og justere måla dine. Når perioden er over gjer fysio- og ergoterapeut ei ny kartlegging av funksjonsnivået ditt og går gjennom måla som du sette deg ved oppstart.
«I kvardagsrehabilitering arbeidar me saman med deg som aktiv deltakar for at du skal meistre det som er viktig for deg i din kvardag!»
Ordninga er behovsprøvd og det må søkjast om tenesta. Søknad skjer skriftleg ved melding av behov. Eit tildelingsteam i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden, samt å fatte vedtak om tildeling av kvardagsrehabilitering.
Kvardagsrehabilitering er gratis.