Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Tryggleiksalarm

Ulike reglar i ulike situasjonar

Statsforvaltaren har presisert følgjande retningslinjer for kommunane når det gjeld eigenbetaling for tryggleiksalarmar:

Dersom tryggleiksalarmen erstattar tenester som etter regelverket skal vere vederlagsfrie, kan kommunen ikkje krevje eigenbetaling. Dette gjeld til dømes avlastingstiltak, helsetenester i heimen, nødvendig tilsyn og tryggleiksskapande tiltak, samt hjelp til personleg stell og eigenomsorg. I slike tilfelle skal tryggleiksalarmen vere gratis.

Dersom tryggleiksalarmen blir tildelt som praktisk bistand som ikkje gjeld personleg stell eller eigenomsorg, kan kommunen krevje eigenbetaling.

Eigeandel for tryggleiksalarm

Ål kommune har mellombels stansa innkrevjinga av eigeandel for tryggleiksalarm. Bakgrunnen er at vi ventar på ei avklaring av regelverket på dette området. 
 
Kva betyr dette for deg som har tryggleiksalarm? 
 
Denne endringa påverkar ikkje sjølve tenesta. Du vil framleis få same oppfølging og hjelp som tidlegare. Det einaste som endrar seg no, er at du ikkje vil få faktura for tryggleiksalarmen medan kommunen avklarar saka. 
 
Kva skjer vidare? 
 
Vi informerer så snart det ligg føre ei avklaring, og vi har teke stilling til korleis eigeandelen skal handterast framover.