Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Middagsombringing

Kven kan få tilbodet?

Du kan søkje om tenesta dersom du bur heime og på grunn av sjukdom, funksjonsnedsetjing eller andre årsaker ikkje klarer å dekkje ernæringsbehovet ditt. Det er òg eit vilkår at du ikkje kan skaffe, lage eller varme opp middag på eiga hand, til dømes ferdigrettar.

Kommunen vurderer kvar søknad individuelt. Vurderinga byggjer på søknaden, kartlegging av behovet ditt og eventuelle tilleggsopplysningar frå lege eller pårørande, dersom det er nødvendig.

Praktiske opplysningar

Middagane blir laga ved Hol og Ål Felleskjøkken og køyrde ut tre gonger i veka.  Middagane er nedkjølte, vakuum- og porsjonspakka og merka med dato for levering og siste forbruksdag. Det kan bli levert ulike diettar.  

Tenesta kostar for tida 115 kroner pr. middag.

Ved å trykkje på denne lenkja, får du opp skjema til å søkje om til dømes matombringing