Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Praktisk bistand/heimehjelp

Kven kan få praktisk bistand/heimehjelp?

Du kan søkje om praktisk bistand dersom du på grunn av sjukdom eller nedsett funksjonsevne ikkje klarer å utføre nødvendige praktiske oppgåver i heimen.

Kommunen vurderer søknaden ut frå ei samla vurdering av:

  • funksjonsevna di
  • helsetilstanden din
  • kva du meistrar sjølv
  • bustad- og livssituasjonen din
  • om behovet kan dekkjast på andre måtar

Alle søknader blir vurderte individuelt.

Kva kan du få hjelp til?
Du kan få hjelp til nødvendige praktiske gjeremål i heimen. Kva hjelp du får, blir vurdert individuelt ut frå behova dine. Døme på oppgåver det kan bli gitt hjelp til, er:
  • tyngre reinhald, som støvsuging og vask av golv i rom du har i dagleg bruk
  • klesvask
  • skifte av sengetøy
  • vask av bad

Målet med tenesta er å leggje til rette for at du kan bu heime så lenge som mogleg. Det er difor viktig at du deltek aktivt i dei oppgåvene du er i stand til å utføre sjølv, for å halde ved lag funksjons- og meistringsevna di.

Vi tilrår òg å vurdere enkle teknologiske hjelpemiddel som er tilgjengelege i handelen, til dømes robotstøvsugar. Praktisk bistand/heimehjelp er ei betalingspliktig teneste. For nokre kan det difor vere eit godt alternativ å investere i teknologiske hjelpemiddel som kan redusere behovet for praktisk hjelp. 

Tenester som fell utanfor 
  • storreingjering eller rundvask
  • vask av kjøleskåp og andre kjøkkenmaskiner
  • reingjering av tepper utover vanleg støvsuging
  • reingjering av rom som ikkje er i dagleg bruk
  • rydding eller vask i kjellar eller på loft
  • vask av altan eller terrasse
  • vindaugspuss
  • stryking av klede
  • pussing av sølv, kopar og messing
  • matlaging
  • innkjøp (hjelp til handling blir utført av Ål Frivilligsentral)
  • følgje til lege, tannlege eller andre avtalar
  • opptenning i omn eller anna eldstad
  • hogging eller innbering av ved
  • hagearbeid og plenklipping
  • snømåking
  • stell av dyr
Praktisk informasjon
  • Dersom bustaden treng grundig reinhald, må dette vere gjort før me kan starte opp tenesta. Me kan hjelpe deg med å bestille vask frå private firma dersom du ønskjer det. 
  • Kommunen tilbyr praktisk bistand/heimehjelp på kvardagar. 
Pris

Det er eigenbetaling for heimehjelp etter statlege og kommunale satsar. Du betalar eit abonnement, prisen vert rekna ut etter den samla nettoinntekta til husstanden. Du får tilsendt rekning kvar månad.