Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Velferdsteknologi: Digitalt tilsyn

Velferdsteknologi (VFT) er eit nasjonalt satsingsområde, og eit viktig verktøy i møte med framtidas utfordringar i helse- og omsorgstenestene. VFT bidreg til auka livskvalitet for tenestemottakarar, auka tryggleik for både tenestemottakarar og pårørande, høgare kvalitet på tenestene og betre utnytting av helsepersonell til fordel for tenestemottakarar.

Hand til ein eldre person

Ål kommune har flere typar velferdsteknologisk utstyr i drift. Dette er med på å auke kvaliteten i dei kommunale helse- og omsorgstjenestene. Bruk av VFT er behovsprøvd og søkast på slik som andre helse- og omsorgstenester.

Lenke til søknadsskjema: Melding om behov for tenester frå helse- og omsorg

VFT definerast som «Ei fellesnemning på tekniske installasjonar og løysingar som kan betre den enkeltes evne til å klare seg sjølv i eigen bustad, og bidra til å sikre brukarens livskvalitet og verdigheit».

Nattugla

Digitalt tilsyn (Nattugla)

  • Gjennomføre tilsyn hos tenestemottakarar til fastsatt tid
  • Varsle tenesteytar ved nattevandring, t.d. når tenestemottaker forlet seng, rom eller bustad på natt.
  • Fall og/eller fråvær frå seng på natt.

Løysingane tilpassast kvar enkelt tenestemottakar etter behov og situasjon.

Målgruppe

  • Personar i eigen hjem, omsorgsbustad eller institusjon som kan nyttiggjera seg av velferdsteknologiske løysingar
  • Pårørande
  • Tilsette i helse- og omsorgstjenesten

Digitalt tilsyn på natt ved hjelp av teknologi er tiltenkt tenestemottakarar med ulike somatiske og kognitive utfordringar og i ulike buformer.

Målet med velferdsteknologi (digitalt tilsyn)

  • Auka kvalitet i kommunens helse- og omsorgsteneste
  • Auka tryggleik for tenestemottakarar, pårørande og tenesteytarar
  • Betre ressursutnytting
  • Behovet for endra omsorgsnivå til tenestemottakarar blir utsett

Dei registrertes rettar

Som registrert har du fleire rettar du kan utøve. Det gjeld spesielt retten til å be den behandlingsansvarlige, her forstått som Ål kommune, til å be om innsyn i personopplysningane dine eller retting og/eller sletting av personopplysningane dine.

  • Ingen bilde eller lyd blir lagra av nokon partar. Det er kun ein kryptert hendelse ved til dømes fall som lagrast. Dvs. at det lagrast ikkje bilde eller lyd, men kun logg om at det vart utløyst ein alarm til bestemt tid. Dette lagrast i 18 mnd. hos leverandør av teknologien.

Når du er på besøk hos brukar med digitalt tilsyn/Nattugla kan det brukast ein QR-kode for å avstille den mens du er på besøk. Inne hos brukar finst det eit kort med ein QR-kode som du set foran kameraet til Nattugla.

Kven kan du kontakte?

Kontaktperson Velferdsteknologi i Ål kommune:
Gunn-Bjørg Thoen, tlf. 995 31 009
E-post: gunn-bjorg.thoen.lybekk@aal.kommune.no

Personvernombud i Ål kommune:
Inger Helene Lervåg, tlf. 902 00 629
E-post: inger.lervag@aal.kommune.no

Sist endret: 22.08.2023