Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Helsetenester i heimen

Kven kan få tilbodet?

Du kan søkje om tenesta dersom du bur eller oppheld deg i kommunen og:

  • har helseutfordringar eller funksjonssvikt som gjer at du har behov for sjukepleie, til dømes hjelp til pleie, ernæring, legemiddelhandtering eller sårstell
  • har behov for observasjon og oppfølging av sjukdom
  • har behov for opptrening gjennom kvardagsrehabilitering for å styrkje evna til å meistre daglege aktivitetar
  • ønskjer å motta omsorg ved livets sluttfase
Mellombels opphald i kommunen

Ved mellombels opphald i kommunen blir det gjort ei individuell vurdering av behovet for tenester i opphaldsperioden. Ved kortvarige opphald kan det vere forsvarleg å yte tenester i eit mindre omfang enn det som er innvilga i heimkommunen. Omfanget av tenestene kan difor avvike frå dei tenestene du mottek i heimkommunen.
Søknad må sendast i god tid før opphaldet. Kopi av vedtak om tenester frå heimkommunen skal leggjast ved søknaden. 

Kva omfattar ikkje tenesta?
  • Heimesjukepleia omfattar ikkje følgje til lege, tannlege, transport til  korttidsopphald eller andre avtalar. Du kan ta kontakt med Frivilligsentralen for denne typen hjelp, tlf. 907 08 637.
  • Prøvetaking blir som hovudregel utført på legekontoret. Hjelp til prøvetaking, undersøkingar og injeksjonar kan berre innvilgast unntaksvis og i særlege tilfelle, når oppmøte på legekontoret ikkje er mogleg på grunn av vesentleg svekka helsetilstand eller funksjonsevne.

Slik kontaktar du heimesjukepleia
Som mottakar av heimesjukepleie kan du logge inn på Helsenorge.no for å sende meldingar til heimetenesten i Ål kommune. Her finn du oversikt over planlagde og gjennomførte heimebesøk, og du kan avbestille besøk ved behov. Pårørande kan òg bruke tenesta på dine vegner dersom dei har fått fullmakt frå deg.
Pris

Helsetenester i heimen er gratis.