Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Eigedomsskatt

 Kommunevåpen ÅL kommune

Ål kommune har eigedomsskatt på alle eigedomar i heile kommunen.

Alle eigedomar betyr bustad, fritid, landbruk og næring. Det vart innført generell eigedomsskatt i Ål kommune med verknad frå og med skatteåret 2017, før 2017 var det berre nokon næringseigedomar (verker og bruk) som hadde eigedomsskatt i Ål.

Rammer og retningsliner for taksering av eigedomar etter lov om eigedomsskatt for Ål kommune

Rammer og retningslinjer

Sonekart

Geografisk plassering av eigedomen vil påverke taksten. Under finn du sonekarta for Ål.

Sonekart bustad.pdf

Sonekart fritidsbustad.pdf

Kvifor eigedomsskatt og til kva slag bruk

Eigedomsskatten er ein fiskal skatt dvs. den er ikkje lovmessig øyremerka og kommunestyret avgjer sjølv kva desse skatteinntektene skal gå til. For kommunen er desse inntektene til fri bruk og kan t.d. gå til drift av kommunale tenester eller investeringar.

Eigedomsskatt er ein ordinær måte for ein kommune å skaffe seg inntekter på og blir ikkje delt med fylkeskommune og stat slik som skatt på inntekt og formue. Kommunen gjer sjølv øyremerkinga gjennom ordinære vedtak knytt til budsjett og økonomiplan.

Ål kommune har investert mykje i helsesatsing, ved å bygge ut og gjera Hallingdal sjukestugu om til eit nærsjukehus for heile regionen. Dei fleste hytteeigarar vil frå tid til annan nytte lege, helse og omsorgstenester i Ål. Heimetenestene besøker fritidsbustader for å ivareta dei behova hyttefolk har (medisinar, stell, annan pleie og omsorg). Elles vil skatten gå til den daglege drifta av kommunen. Både kommunale vegar, økonomisk støtte til stigar og løyper, og tilbodet publikum får ved Ål kulturhus, er tiltak som hytteeigarane også får glede av.

Grunnlag for skatteberekninga

Takst på eigedom skal spegel marknadsverdien, slik at det står i Eigedomsskattelova §8 A-2

Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal. Skattegrunnlaget for bustader og fritidsbustader vert sett til verdet multiplisert med 0,7. Verdet av næringseigedom skal setjast til teknisk verde når det ikkje er mogleg å fastsetje verdet etter regelen i første punktum.

Takstbeløpet står fast i 10 år dersom ikkje tilhøva til eigedomen endrar seg eller kommunestyret gjer anna lovheimla vedtak. Eigaren har innsynsrett i korleis taksten er berekna.

Kva for promillesats er vedteke?

For år 2023 er skattesatsene:

    • Bustad/fritid       2 promille
    • Næring               7 promille

Kommunestyret bestemmer nivået på skatten. Nivået på skatten kan variere frå 2 til 7 promille, og dette vert fastsett i kommunestyret sitt budsjettvedtak. Det same gjeld bruk av eventuelt botnfrådrag og fritak.

Når kjem faktura på eigedomsskatt?

Eigedomsskatten vert fakturert saman med andre kommunale avgifter.

Alle kommunale avgifter; vatn, avløp, renovasjon og eigedomsskatt kjem på same faktura, hovudterminane  for kommunale avgifter har for fall 20 mars og 20 september.

Om eigedomsskatten er lågare enn 300kr i året, blir det ikkje skriven ut faktura.

Det blir rekna ut eigedomsskatt på fast eigedom basert på forholda på eigedomen per 1. januar i skatteåret.

Om du får mellombels bruksløyve/ferdigattest på ein bygning i løpet av året, vil du få eigedomsskatt på denne bygningen neste år.

Fritak

Eigedomsskattelova opnar for at kommunestyret kan gje fritak med heimel i § 7.

Kommunestyret i Ål har i sak 63/16 vedteke at eigedomar som tilhøyrar stiftingar eller organisasjonar som tek sikte på å gagne ein kommune, fylke eller staten kan søkje fritak for eigedomsskatt, i medhald av eigedomsskattelovas § 7 a).

Bygningar som har historisk verdi kan søkje fritak i medhald av § 7 b).

Søknad om fritak frå eigedomsskatt etter eigedomsskattelovas § 7 vert å rette til eigedomsskattekontoret, som utarbeider innstilling i sak.

Søknad vert å sende til Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål, eller til postmottak@aal.kommune.no

Stemmer ikkje tomtearealet?

Enkelte tomter er oppretta før delingslova kom i 1980. I 1990 starta ein arbeid med å etablere eit digitalt eigedomskatt (DEK). Dette var forgjengaren til det vi i dag kallar Matrikkelen.

Av ulike orsakar er det ein del matrikkeleiningar (eigedomar) som har mangla grenseinformasjon i DEK. Desse einingane har blitt konvertert over til matrikkelen med ein "åttekant" som ofte blir kalla ein sirkeleigedom. Denne har blitt automatisk generert.

På slike eigedomar stemmer ikkje arealet. Når det gjeld eigedomsskatt på slike eigedomar vil det bli lagt "standardstorleik.

For å få eksakt areal på eigedomen må du rekvirere oppmålingsforretning. Kostnad på dette vil vera individuelt, og ein må pårekna ventetid.

Offentleg ettersyn og klage

Skattelista for eigedomsskatt blir offentleggjort 1 mars kvart år, dei ligg ute på kommunen si heimeside og du kan får papirkopi på servicetorget på Tingstugu.

Skattelista ligg ute i tre veker frå 1. mars.

Klage som vedkjem fastsett eigedomsskattetakst kan fremmast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år. Klagefristen er seks veker. Klagen skal vera skriftleg og merka med gards- og bruksnr. eventuelt feste/seksjonsnr. Klagen sendast til kommunen (sjå kontaktinformasjon under for adresse).

Eigedomsskattelova §19: Skattytaren kan klage på den utskrivne eigedomsskatten. Klaga må gjevast inn skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det vart kunngjort at eigedomsskattelista var utlagd eller dagen skattesetelen vart sendt i samsvar med § 14. Klage over verdet kan bli fremja kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.

Informasjonsbrosjyrer

Eigedomsskatt 2018 - brosjyre.pdf

Her kan du lese informasjonsbrosjyra som blir sendt ut til alle registrerte eigedomseigarar i Ål kommune.

Brosjyre "Sjekk opplysningar om din eigedom".

Til hyttefolket i Ål kommune.pdf 

Kontaktinformasjon

Du kan ta kontakt med oss skriftleg og merke det med eigedomsskatt, namnet ditt, telefonnummer på dagtid, gards- og bruksnummer og/eller adresse.

E-post: postmottak@aal.kommune.no

Brevpost: Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål (Merk: Eigedomsskatt)