Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

NAV Hallingdal

nav-logo.png

www.nav.no har ope heile døgnet

Vi svarer også på telefon 55 55 33 33 
(08.00 - 15.00 - kvardagar)

Arbeidsgivertelefon 55 55 33 36
(08.00 - 15.00 - kvardagar)

Hastar det kan du ringe vakttelefon 482 76 130
(09.00 – 15.00 - kvardagar)

NAV Ål 

Det lokale NAV-kontoret har ansvaret for fylgjande sosiale tenester:

  • Økonomisk stønad (økonomisk sosialhjelp)
  • Generelle råd og veiledning
  • Kvalifiseringsprogrammet
  • Midlertidig butilbod (nødsituasjon)
  • Økonomisk rådgivning og gjeldsrådgivning
  • Startlån

NAV Ål er ope for drop-in fredag 10.00 -14.00

Det er også mogleg å bestille timeavtale utanom denne tida. Ring 55 55 33 33 eller 482 76 130 eller din saksbehandlar for å bestille time.

Opningstider NAV-kontor i Hallingdal
  • Gol:
    Måndag 10-14
  • Hol:
    Måndag 10-14
  • Flå:
    Torsdag 10-14
  • Hemsedal:
    Torsdag 10-14
  • Ål:
    Fredag 10-14
  • Nesbyen:
    Fredag 10-14

Meir informasjon om NAV-kontora i Hallingdal

Statens tenester i NAV-kontoret

NAV har ansvar for et breidt spekter av tenester og verkemidlar til arbeidsgjevar, arbeidstakarar og arbeidssøkarar. NAV har også ansvar for ei rekke ytingar, som kompenserer for bortfall av inntekt eller for særskilde utgifter.

Ditt kontaktpunkt til disse tenestene vil i all hovudsak vere NAV Hallingdal. Du kan koma i kontakt med oss på telefon eller ved personleg oppmøte på kontoret. Ynskjer du nærare informasjon om dei ulike tenestene og ytingar frå NAV, kan du besøke våre nettsider på www.nav.no. Ei rekke søknadsskjema er tilgjengelig for elektronisk utfylling og innsending.

Startlån

Kan eg få startlån og tilskot?

Manglar du BankID eller verge? Slik gjer du

Skjema for startlån

Midlertidig butilbod (naudsituasjon)

Les meir om midlertidig butilbod her

Husbanken

Husbanken og NAV samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er NAV som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.

Alle over 18 år kan søkje bustøtte bortsett frå studentar og personar i førstegongsteneste. Du kan likevel søkje dersom du

  • er student med barn
  • er student utan barn og studiet er ein ledd i eit offentleg arbeidsretta tiltak
  • er under 18 år og har eigne barn

Du må bu i bustaden du søkjer bustøtte for. Alle som bur i bustaden, må også vere registrerte i folkeregisteret.

Bustaden din må vere godkjend for heilårsbruk. Samstundes må bustaden ha eigen inngang, eige bad/toalett, og det må vere mogleg å kvile og lage mat der. Bur du i bufellesskap og har fått tilvist bustaden av kommunen, kan du likevel søkje bustøtte.

Det er sett øvre grenser for kor høgt inntektsgrunnlag du kan ha for å kunne få bustøtte.

Inntektsgrenser - Husbanken

Korleis søkje bustøtte?

Du kan søkje bustøtte elektronisk eller på papir. Søknadsfristen for bustøtte er den 14. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 10. i månaden etter.

Her finn du ein informasjonfilm om korleis du søkjer bustønad

Du må melde frå om endringar

Dersom du får samtykke om bustøtte, treng du ikkje søkje kvar månad. Men du  melde frå skriftleg til kommunen

  • dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue (då må du sende inn eige skjema)
  • dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkje på nytt)
  • dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
  • dersom bukostnadene endrar seg
  • dersom ein i huslyden blir student

Melde frå om endringar

Klage på vedtak om bustøtte

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylle ut eit eige klageskjema. Klagen skal du sende til kommunen.

Klage på vedtak om bustøtte

Ønskjer du å søkje bustøtte for komande månader, må du sende inn ny søknad til NAV.

Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbankens bustøttesider.

Økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving

Målgruppa er personar med store gjeldsbyrder i høve til betalingsevna. NAV gir økonomisk rådgiving til dei som har betalingsproblem eller gjeldsproblem. Rådgivinga kan vere

  • hjelp til å setje opp eit realistisk budsjett
  • omfatte forhandlingar med kreditorar
  • hjelp til å inngå ein gjeldsordningsavtale

Hvis du ynskjer å snakke med en gjeldsrådgjevar kan du ringe 800GJELD (800 45 353) eller chat med oss om økonomi på nav.no.
Denne tenesta er open mellom 10:00 - 15:00 alle kvardagar. Du kan lese mer om de øvrige ulike tenestene her.

Økonomisk sosialhjelp

Digital søknad

Her finn du vegvisar for søknad om sosialhjelp

Vilkår for hjelp

Ved tilsagn om sosialhjelp kan det vera vilkår som tek sikte på å gjera mottakaren meir sjølvhjelpen.

Sosialtenesta stiller vilkår om arbeid og aktivitet for å motta stønad. 

  • Du må vera registrert som arbeidssøkjar. Nav Ål kan gje rettleiing om dette.
  • Du må ha sjekka eventuell rett til bustønad frå Husbanken. Informasjon om dette får du ved Nav Ål.
  • Stadfesting frå Likningskontoret (skatteetaten):
    Har du pengar i banken, aksjar, leigeinntekter, kapitalvarer eller annan formue, kan Nav kreve at desse verdiane vert brukt eller selde før det kan ytast sosialhjelp.
Opplysning, råd og rettleiing

Du har rett til å få rettleiing fra NAV for å forebygge eller løyse utfordringar med heimeforhold, busituasjon, omsorg for barn, arbeid eller økonomi.

Generelt har alle offentlege kontor plikt til å gje opplysningar, råd og rettleiing om sin eiga virksomheit (Jf. forvaltningslova §11). NAV-kontoret har i tillegg ei utvida plikt til å gje opplysningar, råd og rettleiing som ikkje berre er begrensa til eiget fagområde (jf. Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga).

Les meir om opplysning, råd og rettleiing her

Teieplikt og innsynsrett

Alle tilsette har teieplikt.

Du har rett til, med nokon unntak, å sjå dokumenta i di eiga sak. Dette vil du kunne få opplysning om ved å venda deg til Nav Ål. Du har vidare krav på å bli orientert om gjeldande saksbehandlingsreglar.

Klage på vedtak og saksbehandling

Du har rett til å klage på vedtaka som Nav Ål gjer. Nav Ål kan hjelpa deg med å setja opp klagen. Dersom vedtaket om avsalg blir ståande, blir saka automatisk oversend til Fylkesmannen. Fylkesmannen har det siste og avgjerande ordet i saka. Alle vedtak er skriftlege og med grunngjeving. Klagefristen er normalt 3 veker frå du har motteke vedtaket.

Du har rett til å klage om du meinar du får dårleg behandling. Klagen sender du til NAV Ål.