Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Brann og feiing

Hallingdal brann- og redningsteneste

Hallingdal brann- og redningsteneste er eit interkommunalt brannvesen mellom kommunane Gol, Hemsedal og Ål.
Dei har tilhald på Torpomoen, 3579 Torpo.

Naudtelefon 110.

Brenning av kvist m.m. - 33 31 41 10

Arbeidsområde:

  • tilsyn ved særskilte brannobjekt
  • kurs,øving- og informasjonsverksemd
  • sakshandsaming
  • tilsyn med fyringsanlegg
  • feiing av piper 
Forskrift om brannforebygging
Oppdatert forskrift om brannforebygging trådte i kraft 1. januar 2016, og stiller krav om fleire brannvarslarar i huset ditt enn før.
I tillegg kan det hende pipa di skal feiast oftare enn du trur.
 
Forskrifta krev at du har minst ein røykvarslar i kvar etasje.
 
Antal røykvarslarar du må ha etter forskrifta vert avgjort av korleis bustaden er inndelt: soner, etasjar, tekniske rom og antal soverom.
 
Har du fleire etasjar, skal du ha ein varslar per etasje. Med opphaldsrom i ein del av huset og våtrom i ein annan del, kan det vere at du må ha enda fleire varslarar for å tilfredsstille kravet i forskrift om brannforebygging.
 
Sidan det er krav til at alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom når alle dørar er stengt, kan det vere behov for både fire og fem brannvarslarar i bustaden.
Feiing av hytter

Forskrift om brannforebyggande arbeid gjeld også fritidsbustader. Det betyr at alle hytter skal feiast på lik line med hus.

Det er ikkje lenger slik at pipene må feiast minst kvart fjerde år. No kan feiervesenet bestemme at pipa di treng feiing både oftare eller sjeldnare enn før.

Behovet i enkelte bustader vil vere mindre, på grunn av bruk av varmepumper og andre varmekjelder. I andre bustadområde er husa eldre, pipeløp dårlegare og behovet for hyppigare feiing er til stades.
Kostnadene for eigarar av hus eller fritidsbustader vil variere etter kor ofte myndigheitene meiner pipa di skal feiast.

Meldeplikt til brannvesenet

Hugs at du har meldeplikt til ditt lokale brannvesen dersom du byggjer ny ildstad, byter omn, eller endrar vesentlege tilhøve ved fyringssystemet ditt. Til dømes om du oppdagar at pipa di vert varmare enn før.

Sjekkliste for røykvarslarar
  1. Monter røykvarslarar i alle opphaldsrom. Det vert tilrådd at du monterer røykvarslarar i alle opphaldsrom og alle soverom
  2. Plasser røykvarslarane midt i taket. Røyk stig opp til taket. Korrekt plassering av røykvarslar er difor i midten av taket.Lova seier at den skal plasserast i taket, minimum ½ meter frå veggen.
  3. Kjøp ein optisk røykvarslar. Ein optisk røykvarslar reagerer mykje tidlegare enn ein ionisk røykvarslar ved ulmebrann, og berre kort tid etter ionisk på ein flammebrann.
  4. Røykvarslaren skal kunne høyrast frå alle rom. Få ein person i familien til å trykke på testknappen på røykvarslaren medan du går frå rom til rom. Ein godkjent røykvarslar skal gi 60 dB. Dette lydnivået kan samanliknast med å stå ein meter unna ein støvsugar.
  5. Seriekople røykvarslarane. Har heimen din fleire etasjar? Då bør du seriekople alle røykvarslarane slik at dei gir alarm samstundes, uansett kva slags røykvarslar som har utløyst alarmen.
  6. Test batteri og elektronikk på røykvarslaren. Du bør jamnleg teste at batteri og elektronikk fungerer som det skal.Har du vore bortreist i meir enn 14 dagar, tilrår vi at du sjekkar røykvarslarane når du kjem heim.
  7. Test detektoren på røykvarslaren. Du bør jamnleg teste at røykvarslarane reagerer på røyk ved å tenne ein spesialfyrstikk.