Offentleg ettersyn
Kunngjering:
Kunngjering av planvedtak - Hago bustadfelt, planid 2017010
I samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vedtok Ål kommunestyre i møtet den 19.03.2026, sak 25/2026, Endring av detaljreguleringsplan for Hago bustadfelt, planid 2017010.
Kommunestyret sitt vedtak kan i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-12 og 1-9, og jf. forvaltningslovas kap.VI, påklagast til departementet.
Det kan ikkje klagast på tilhøve som tidlegare har vore avgjort etter klage eller motsegn på detaljreguleringa.
Klagefristen er tre veker, rekna frå den dagen vedtaket kom fram.
Ei eventuell klage må sendast skriftleg til Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål, eller på e-post til postmottak@aal.kommune.no. Ein må opplyse om datoen for mottak av vedtaket, kva for vedtak ein klagar på, endringar ein ynskjer og dei grunnar klagen støttar seg på. Klagen må vere underskriven.
Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må fremjast skriftleg til Ål kommune innan tre år frå denne offentlege kunngjeringa av reguleringsvedtaket jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3.
Alle saksdokument ligg på arealplaner.no med planID 2017010. Du finn vedtaket, samt reviderte føresegner og plankart her:
Saksprotokoll Vedtak - Endring av detaljreguleringsplan for Hago bustadfelt, planid 2017010.pdf
Reguleringsplan Hago bustadfelt 17_02_2026.pdf
Reguleringsføresegner Hago bustadfelt 17_02_2026.pdf
Kunngjering av planvedtak – Haugen bustadfelt del 2
Mindre endring av reguleringsføresegn, Haugen bustadfelt del 2 PlanID 2018007.
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 vedtek Ål kommune, med delegert mynde frå kommunestyret, reguleringsendring for del av
«Haugen bustadfelt del 2» planID 2018007, i samsvar med vedteke reguleringsføresegn datert 06.03.2026.
Ei eventuell klage må sendast skriftleg til Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål, elektronisk via denne lenka eller på e-post til postmottak@aal.kommune.no. Ein må opplyse om datoen for mottak av vedtaket, kva for vedtak ein klagar på, endringar ein ynskjer og dei grunnar klagen støttar seg på. Klagen må vere underskriven.
Alle saksdokument ligg på arealplaner.no med planID 2018007.
Du finn det reviderte føresegnsdokumentet her:
Reguleringsbestemmelser Haugen bustadfelt - revidert 2025-12-12
Kommuneplanens arealdel for Ål 2023-2035 - Bustad og næring
PlanID 20200002
Ål kommunestyre vedtok, i medhald av plan- og bygningslova § 11-15, Kommuneplanens arealdel for bustad og næring 2023-2035 i sak 83/25 i møte den 16.10.2025.
Kommuneplanens arealdel er juridisk bindande og angir hovudtrekka i arealdisponeringa for grendene i Ål, med unntak av Sundre som er ein eigen kommunedelplan.
Kommuneplanens arealdel for fritidsbustader kjem i neste runde.
Arealdelen består av plankart, temakart, føresegner og retningslinjer, samt planskildring. Det er også utarbeidd konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse av planen.
Planprosessen starta i 2020 og det har vore motsegner frå Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus, Buskerud fylkeskommune og Statens vegvesen. Dei siste motsegnene til planen, frå Statens vegvesen, vart løyst i meklingsmøte 26.08.2025.
Alle saksdokument og fleire temakart ligg på nettstaden arealplaner.no med planID 2020002.
Under ligg dei mest sentrale saksdokumenta vedlagt:
Planføresegner og retningslinjer (PDF)
Plankart (PDF)
Planskildring (PDF)
Kommunestyrevedtak med saksframlegg (PDF)
Konsekvensutgreiing (PDF)
Vedtak av kommuneplanens arealdel kan ikkje påklagast jf. plan- og bygningslova § 11-15
Leikvollstølen
Kunngjering av planvedtak - Reguleringsendring Leikvollstølen - Torpoåsen, planID 2009001
I samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vedtok Ål kommunestyre i møtet den 16.10.2025, sak 85/2025, Reguleringsendring for del av Detaljreguleringsplan Leikvollstølen, planID 2009001.
Reguleringsendring for del av Detaljreguleringsplan Leikvollstølen – Torpoåsen, planID 2009001 vart først vedteken av kommunestyret 20.02.2025, men det kom inn klage på vedtaket.
I klagehandsaminga i Sektorutvalet for teknisk, næring og ressurs vart det vedteke å flytte to tomter innanfor planområdet. Denne kunngjeringa gjeld difor dette nye planforslaget.
Kommunestyret sitt vedtak kan i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-12 og 1-9, og jf. forvaltningslovas kap.VI, påklagast til departementet.
Det kan ikkje klagast på tilhøve som tidlegare har vore avgjort etter klage eller motsegn på detaljreguleringa. Klagefristen er tre veker, rekna frå den dagen vedtaket kom fram.
Ei eventuell klage må sendast skriftleg til Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål, eller på e-post til postmottak@aal.kommune.no. Ein må opplyse om datoen for mottak av vedtaket, kva for vedtak ein klagar på, endringar ein ynskjer og dei grunnar klagen støttar seg på. Klagen må vere underskriven.
Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må fremjast skriftleg til Ål kommune innan 3 – tre – år frå denne offentlege kunngjeringa av reguleringsvedtaket jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3.
Alle saksdokument ligg på arealplaner.no med planID 2009001, og her ligg dei mest sentrale saksdokumenta.
Planføresegner (PDF)
Plankart (PDF)
Planomtale (PDF)
Kommunestyret sitt vedtak (PDF)
Høyringar
Offentleg ettersyn - Kleivi aust - planID 2024001
Sektorutval for teknisk, næring og ressurs (STNR) vedtok med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-11 å leggje ut Detaljregulering Kleivi aust, planID 2024001 på offentleg høyring, i møtet 17.02.26, sak 12/2026.
Føremålet med planarbeidet er å regulere eit nytt næringsområde i Kleivi, i tråd med kommuneplanens arealdel som vart vedteken oktober 2025. Innanfor planområdet skal det leggjast til rette for næring og industri.
Det er lagt opptil ei etappevis opparbeiding, og heile planområdet skal klargjerast innan 10-12 år.
Planområdet blir ei utviding av det eksisterande næringsområdet i Kleivi,
mot aust. Arealet omfattar delar av eigedomane 125/3, 125/8, 126/1 og 126/20 og er på om lag 170 daa.
Reguleringsplan - Kleivi aust (PDF)
Har du innspel send dei til: Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål, elektronisk via denne lenka, eller med e-post: postmottak@aal.kommune.no.
Frist for innspel er 27.04.2026
Høyring – Upstream - Akvakultur i Kleivi Næringspark i Ål kommune
Upstream Aqua AS, saman med Ål kommune, offentleggjer her ei høyring i samband med «Søknad om akvakultur i landbaserte anlegg – Upstream». Direkte berørte partar vil få melding om saka. Ei oppsummering av tiltaket finn ein på Upstream Aqua AS sine heimesider:
www.upstream-aqua.com/blog.
Det er ôg laga «spørsmål/svar» på Upstream sine heimesider kor alle kan finne meir informasjon.
Upstream Aqua AS - Kleivi Aquapark (PDF)
Søknad om konsesjon Upstream Aqua AS (PDF)
Søknadsskjema for akvakultur (PDF)
Søknad om akvakulturløyve (PDF)
Upstream AS og vassuttak (PDF)
Send høyringssvar til Ål kommune. Høringsfristen er sett til 21. januar 2026.
Du kan sende innspel elektronisk via denne lenka. eller til Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål.
Du kan og sende innspel til postmottak@aal.kommune.no
Høyringsuttalane som kjem inn vil bli vidaresendt til Buskerud Fylkeskommune utan vidare handsaming.