Avløysar
Dersom du treng avløysar ta kontakt med:
Landbrukstjenester Buskerud SA
Telefon: 468 03 390
E-post: torbjorn@ltbuskerud.no
E-post: gunhild@ltbuskerud.no
Landbrukstenester Folgefonna
Telefon: 53 48 22 70
Akutt sjukdom/skade: 990 86 137
E-post: Folgefonna
Landbrukstenester Folgefonna
Bonden sitt nettverk i Hallingdal
Bonden sitt nettverk i Hallingdal
Bonden sitt nettverk - ein å snakke med
Brosjyre om Bonden sitt nettverk generelt frå NLR

Livet som bonde er ikkje alltid så idyllisk som på dette bilete.
Ein bonde har stort ansvar kvar einaste dag. Når det blir krise, eller belastninga i livet blir for stor, kan det lett bli overveldande. Jobb, familieliv og fritid er så tett knytt saman at det er vanskeleg å få tilarbeidd det som har skjedd åleine. I slike situasjonar kan det vera godt å få hjelp utanfrå.
Bonden sitt nettverk omfattar aktørar som kan vera til hjelp i ulike situasjonar.
Her er det tips og råd om godt bondevett: Godt bondevett

Plakat Bonden sitt nettverk Hallingdal.pdf
Kva er Bonden sitt nettverk?
Bonden sitt nettverk er ei liste over aktørar som bonden eller andre kan kontakte dersom dei er urolege for bonden sin situasjon og helse. Nettverket arbeider for å førebygge fysisk og psykisk uhelse i landbruket og fungerer som eit sikkerheitsnett dersom noko skulle skje og ein bonde blir ramma. Nettverket er sett i hop av personar og organisasjonar knytt til landbruket. Det er ei styringsgruppe som er sett i hop av representantar frå landbrukskontora, Hallinghelse, bondelaget og NLR som har ansvaret for nettverket i Hallingdal. Du kan finne meir info om prosjektet Bonden sitt nettverk og trygg bonde på NRL sine heimesider her.
Norsk landbruksrådgjeving (NLR) har sin eigen podkast som heiter NLR på øret. Her er ein episode om Bonden sitt Nettverk.

Bilde teke frå NLR heimeside under bonden sitt nettverk
Kontaktpersonar i Bondens nettverk:
Ring til kven du vil uavhengig av kva kommune du bur i. Alle bønder kan få hjelp av Bonden sitt nettverk!
Helsetenester
Bedriftshelsetjeneste Medco tlf. 32 08 63 80
NLR HMS Ingrid Terum tlf. 911 16 080
Hemsedal Linda Magnetun tlf. 906 54 921
Ål Gunni Ringstad tlf. 916 66 850
Gol tlf. 948 29 522
Nesbyen tlf. 409 09 267
Hol tlf. 959 86 422
Flå tlf. 908 90 977
Landbrukskontora i Hallingdal
Ål
Bjørg Torsteinsrud tlf. 32 08 50 71
Ingvild Sundgot tlf. 32 08 50 66
Tin Are Linderud tlf. 32 08 50 84/930 41 006
Hemsedal
Kia Simonsen tlf. 942 86 543/31 40 88 50
Gol
Tove Solheim tlf. 32 02 90 75
Hol
Håvard Holeplass tlf. 32 09 21 17
Flå
Knut Aavestrud tlf. 32 05 36 24
Nesbyen
Odd-Arild Etterlid tlf. 924 55 098
Bu- og driveplikt
Buplikt tyder at bustadhus skal nyttast til heilårs busetjing anten av eigaren (personleg buplikt) eller av ein leigetakar (upersonleg buplikt). Buplikt blir utløyst i samband med eigarskifte.
Driveplikt er plikt til å drive jordbruksareal, det vil seie hauste arealet årleg anten ved slått eller beite, og elles syte for å halde det i hevd. Driveplikta gjeld for heile eigartida.
For bebygd eigedom med meir enn 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord, eller meir enn 500 dekar produktiv skog er det personleg buplikt, jf. konsesjonslova § 5 andre ledd. Det betyr at dersom du overtek ein slik eigedom må du busetje deg der innan eitt år, og sjølv bu på eigedomen i minst fem år samanhengande.
For bustadeigedomar med mindre enn 100 dekar totalareal er det upersonleg buplikt i Ål. Vidare er det sokalla slektskapsunntaket i konsesjonslova § 5 fyrste ledd nr. 1 oppheva for slike eigedomar. Det inneber at når du overtek ein slik eigedom forpliktar du deg til at nokon skal bu i huset uavhengig av om du overtek eigedomen etter nærmaste slekta eller nokon annan.
Sjå lokal forskrift: Forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7, Ål kommune, Buskerud - Lovdata
Dersom du skal kjøpe landbrukseigedom på den opne marknaden må du søke kommunen om konsesjon. For bebygde eigedomar kan kommunen setje som vilkår etter konsesjonslova § 11 at du personleg skal busetje deg på eigedomen og bu der i minst fem år samanhengande. Det kan kommunen gjera sjølv om eigedomen du søkjer konsesjon på er under arealgrensene for den lovbestemte personlege buplikta. I Ål er det vanleg å setje vilkår om busetjing på slike eigedomar.
Ta kontakt med kommunen dersom du har fleire spørsmål om buplikt.
Driveplikt
Driveplikta er fastlagt i Lov om jord (jordlova) § 8. Den gjeld alt jordbruksareal, det vil seie fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Eigar av jordbruksareal pliktar å syte for at jorda blir drive så lenge vedkomande er eigar.
Driveplikta kan oppfyllast ved skriftleg avtale om bortleige i 10 år. Avtala kan ikkje seiast opp av utleigar med mindre det er misleghald. Kommunen skal godkjenne slik leigeavtale. Det er kommunen skal fører tilsyn med at driveplikta blir oppfylt, og kommunen kan gje pålegg om bortleige av jord.
Meir info:
Landbruksdirektoratet si temaside om buplikt
Landbruksdirektoratet si temaside om driveplikt
Deling av driftseining
Det er jordlova som set rammene for korleis ein landbrukseigedom kan forvaltast. Landbruks- og matdepartementet har delegert til kommunane å ta avgjerder i saker som har med deling av landbrukseigedom å gjera.
Jordlova § 12 slår fast at deling av eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk må godkjennast av kommunen. Med eigedom meiner ein òg rettar som ligg til eigedomen, t.d. jakt-, fiske- og beiterettar, og partar i sameige.
I landbrukslovgjevinga nyttar ein omgrepet ‘driftseining’. Grovt sett er det slik at alle gards- og bruksnummer som høyrer til same eigar òg høyrer til same driftseining. Ein kan dermed ikkje selja ein del av ein landbrukseigedom utan godkjenning frå kommunen sjølv om delen har eit anna gards- og bruksnummer enn hovudeigedomen.
Ved vurdering av ein delingssøknad legg kommunen jordlova §§ 1 og 12 til grunn. § 1 tek for seg føremålet med lova, og § 12 tek spesifikt for seg deling av landbrukseigedom. Lovteksten seier at kommunen skal ta omsyn til følgjande moment i vurderinga av om ein landbrukseigedom skal kan delast:
- vern av arealressursane
- om delinga fører til ei driftsmessig god løysing
- om delinga kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området
Det kan dessutan leggjast vekt på omsynet til busetjing i området. Det skal takast omsyn til både den eigedomen arealet/retten blir delt ifrå, og den eigedomen arealet/retten skal leggjast til.
Kommunen får fleire typar delingssøknader – frå mindre landbruksareal som skal seljast som tilleggsjord, til søknad om å dele ifrå til dømes ei utleigehytte med tomt eller søknad om oppdeling av ein heil landbrukseigedom. I sistnemnde tilfelle vil kommunen krevje ein fullstendig plan for delinga der søkjaren skisserer planane for kva enkelt teig og rett. Kommunen vil òg krevje kart og ein signert intensjonsavtale eller kjøpekontrakt før søknaden kan handsamast. Dersom du har planar om fullstendig oppdeling av ein landbrukseigedom, rår kommunen deg til å starte prosessen med eit innleiande møte med kommunen.
Saksgangen i delingssaker etter jordlova vil variere mykje med kva type deling det blir søkt om. Dei fleste saker blir avgjort politisk i sektorutval for teknisk, næring og ressurs (STNR).
Gebyret for å få handsama ein delingssøknad etter jordlova er for tida 2 000 kroner. I tillegg kjem gebyr for handsaming etter plan- og bygningslova og eventuelt kostnad ved oppmåling. For særleg kompliserte og tidkrevjande saker kan kommunen krevje timesbetalt.
Gjerdehald
Forbod mot bruk av piggtråd
Med lov om dyrevelferd, gjeldande frå juni 2009, vart det innført eit generelt forbod mot bruk av piggtråd ”for å regulere dyrs ferdsel.” (§15). Dette tyder at det er forbode å bruke piggtråd i nye gjerde, men det er framleis lov å vedlikehalde dei piggtrådgjerda som allereie finst.
Hald gjerda i god stand
Me minner om at alle har plikt til å halde gjerda sine i slik stand at dei ikkje er til fare for folk og dyr. Det gjeld hyttefolk så vel som fastbuande.
Eit godt gjerde skal vera minst ein meter høgt, så tett at småfe ikkje kan smette igjennom, og utan piggtråd, trådvasar eller anna som dyr kan setja seg fast i. Grinder skal slå utover.
Jordleigekontrakt - døme
Dette er berre eit døme - både kva tenester som eventuelt skal reknast inn og pris blir sjølvsagt ein diskusjon mellom utleigar og leigetakar.
Døme på jordleigekontrakt finn du her
Jordprøver
Det er som kjent eit krav at alle føretak som disponerer jordbruksareal med planteproduksjon, og som har rett til produksjonstilskot i jordbruket, skal laga gjødselplan kvart år.
For å kunne laga gode gjødselplanar er det naudsynt å kjenne næringsinnhald i jorda. Det kan ein finne ved å analysere jordprøver henta frå dei ulike teigane som skal gjødslast. Nye jordprøver må takast minst kvart 8. år. Dei skal analyserast for pH, fosfor, kalium og glødetap, eventuelt at det blir gjeve ei skjønsmessig vurdering av moldinnhald.
Gjødselplanen kan du anten laga sjølv, eller du kan kjøpe tenesta frå til dømes Norsk landbruksrådgjeving (NLR). Dersom du vel å kjøpe tenesta frå NLR, ber dei om at du tek kontakt før du tek prøvene.
Kommunen har jordprøvebor til utlån og små pappaskar til å samle jordprøvene i. Ta kontakt med Servicetorget på Tingstugu tlf. 32 08 50 00. Den enkelte gardbrukar har sjølv ansvar for å sende prøvene til analyse.
Du må merkje jordprøvene godt slik at du veit kva teig dei er henta frå og fylle ut bestillingsskjemaet nedanfor.
Send jordprøvene til:
|
Eurofins Agro Testing Norway AS Postboks 3055 |
Aktuell lenke:
Forskrift om gjødslingsplanlegging:
Konsesjon for erverv av fast eigedom
Føremålet med konsesjonslova er å regulere og kontrollere omsetjinga av fast eigedom for å oppnå eit effektivt vern om produksjonsareala i landbruk og slike eigar- og brukstilhøve som er mest gagnlege for samfunnet. Konsesjonslova - lenke til Lovdata
Overtaking av fast eigedom er konsesjonspliktig med nokre unnatak. Unnataka går fram av konsesjonslova §§ 4 og 5.
§ 4 gjeld tilhøve ved eigedomen, medan § 5 gjeld den som skal overta eigedomen. I dei tilfella der det ikkje er naudsynt med konsesjon, skal kjøpar fylle ut skjema for eigenfråsegn.
Dersom du skal overta ein bustadeigedom i Ål som er mindre enn 100 dekar i totalareal, og mindre enn 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord, skal du fylle ut dette skjemaet:
LDIR-356_N_Eigenfråsegn om konsesjonsfridom i kommunar med nedsett konsesjonsgrense.pdf (raudt skjema)
Dersom du skal overta ein eigedom med eit totalareal på over 100 dekar skal du fylle ut dette skjemaet:
LDIR-360_N_Eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved tileigningkjøp av fast eigedom mv.pdf (grønt skjema)
Skjemaet sender du til Ål kommune. Kommunen stadfester at overdraginga er konsesjonsfri og ikkje fører til deling av driftseining jf. jordlova § 12.
Kommunen registrerer deretter opplysingane i det offentlege eigedomsregisteret kalla matrikkelen. I tillegg til å sende eigenfråsegna til kommunen, må du sende skøyte og eventuelt andre dokument til tinglysing.
Send dokumenta til Kartverket Tinglysing, Postboks 600 Sentrum, 3507 HØNEFOSS. Dersom du er i tvil kva dokument tinglysinga treng, kan det vera lurt å spørje dei på førehand.
I Ål er det sokalla slektskapsunntaket i konsesjonslova § 5 fyrste ledd nr. 1 oppheva for bustadeigedomar inntil 100 dekar totalareal. (Forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7, Ål kommune, Buskerud - Lovdata).
Det inneber at når du overtek ein slik eigedom forpliktar du deg til at nokon skal bu i huset uavhengig av om du overtek eigedomen etter nærmaste slekta eller nokon annan. Denne buplikta er upersonleg. Det betyr at eigaren må syte for at det bur nokon med fast adresse der, men det treng ikkje vera eigaren sjølv.
For bebygd eigedom med meir enn 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord, eller meir enn 500 dekar produktiv skog er det personleg buplikt, jf. konsesjonslova § 5 andre ledd. Det betyr at dersom du overtek ein slik eigedom må du sjølv busetje deg der innan eitt år, og sjølv bu der i minst fem år samanhengande.
Dersom du skal kjøpe landbrukseigedom på den opne marknaden må du søke kommunen om konsesjon:
LDIR-359_N_Søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom.pdf.
For bebygde eigedomar kan kommunen setje som vilkår etter konsesjonslova § 11 at du sjølv skal busetje deg på eigedomen og bu der i minst fem år samanhengande. Det kan kommunen gjera sjølv om eigedomen du søkjer konsesjon på er under arealgrensene for den lovbestemte personlege buplikta.
I Ål er det vanleg å setje vilkår om busetjing for slike eigedomar. Ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil om kva skjema du skal bruke, eller du har andre spørsmål om konsesjon. Vanlegvis har kommunen stutt sakshandsamingstid for eigenfråsegner.
Søknader om konsesjon kan ta noko lenger tid avhengig av arbeidsmengda i kommunen når søknaden kjem inn. Eigenfråsegn er gratis. For enkle konsesjonsaker er gebyret 2000 kroner. For meir arbeidskrevjande saker er gebyret 5000 kroner.
Forskrift om nedsett konsesjonsgrense i Ål
Du kan finne meir informasjon om konsesjon og buplikt på Regjeringa sine sider
Lag og organisasjonar i jordbruket i Ål
Ål Bondelag
Leiar: Torgeir Jorde
Ål Bonde- og Småbrukarlag
Leiar: Nils Medgard
Ål Bygdekvinnelag
Leiar: Tone Idunn Anthun
Leveld Bygdekvinnelag
Leiar: Sigrun Torsteinsrud
Votndalen Bygdekvinnelag
Leiar: Ågot Perstølen
Torpo Bygdekvinnelag
Leiar: Gerd Ljønes Brunsvold
Ål Sankelag
Leiar: Håkon Haug Laa
Fødalsdrifta beitelag SA
Leiar: Steinar Tormodsgard
Ål Sau og Geit
Leiar: Liv Torunn Gullstein Torpe
Vats og Leveld Sau og geit
Leiar: Gisle Hovda Berg
Drenering/grøfting av jordbruksjord - tilskot
Nydyrking
Planar om nydyrking skal godkjennast av kommunen. Det gjeld uavhengig av kor stort arealet er.
Meir info finn du hjå Landbruksdirektoratet
Vedlegg til søknadOversiktskart som syner kvar landbrukseigedomen ligg og detaljert kart i fargar (målestokk minst 1:5000) som syner det omsøkte arealet. Du må ôg legge ved ein plan for drenering, informasjon om tilkomst og kor stein og stubbar skal deponerast, samt evt. andre relevante dokument.
Servicetorget på Tingstugu kan hjelpe deg med å skaffe kart.
På Gardskart kan du vera sjølvhjelpen.
Året rundt
Vanlegvis blir søknaden avgjort administrativt. I spesielle tilfelle blir saka handsama i sektorutval for teknisk, næring og ressurs. Alle søknader om nydyrking skal sendast på høyring til Buskerud fylkeskommune. Dette fordi kulturminneforvaltninga i ein del tilfelle ynskjer å koma på synfaring før dyrkingsarbeidet tek til. Ei eventuell synfaring må skje når marka er bar og frostfri. Total sakshandsamingstid kan variere ut frå når på året søknaden kjem inn.
Lover/vedtekterOrdninga er heimla i Forskrift om nydyrking
Klageadgang og instansDu og andre med rettsleg klageinteresse har høve til å klaga på vedtaket. Send ei eventuell klage til Ål kommune. Dersom klaga ikkje blir teke til følgje, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren.
Har du spørsmål ta kontakt med rådgjevar landbruk Bjørg Torsteinsrud
Skogbruk
Torvuttak
Torvuttak blir rekna som omdisponering av dyrka jord (jordlova § 9)
Dersom dyrka jord skal brukast til noko anna enn jordbruksproduksjon, krev det søknad og eventuelt vedtak om dispensasjon.
I juni 2015 gjorde STNR (sektorutval for teknisk næring og ressurs) eit prinsippvedtak der dei stramma inn dispensasjonspraksisen (Sak 65/15). Ål kommune gjev vanlegvis ikkje dispensasjon for omdisponering av dyrka jord når føremålet er uttak av torv. Grunngjevinga er at dei drifts- eller miljømessige ulempene torvuttak gjev for landbruket og kulturlandskapet på kort og lang sikt veg tyngre enn det samfunnsgagnet ei omdisponering til dette føremålet gjev. Prinsippet gjeld kommersielt torvuttak. Uttak av torv til eige hustak er lov.
Det er grunneigar som må søkje om omdisponering.
Stølsdrift
Norsk Seterkultur har laga ein digital rettleiar og handbok for stølsdrift. Her finn du oppdatert regelverk, fagstoff om blant anna drift, beite, kulturlandskap, vidareforedling, turisme og tilskotsordningar.
Du finn lenke til rettleiaren om seterdrift her