Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Gjerding

Ynskjer du å setje opp gjerde rundt hytta di?

AREALDELEN AV KOMMUNEPLANEN FOR ÅL 2010-2022 seier følgjande om inngjerding:

«2.1.3 Utforming og plassering av bygningar og anlegg (§11-9 nr.5, 11-10 nr.1)

j) Det er tillate å gjerde inn inntil 400 m2 av tomta, inklusiv bygga, under føresetnad av at det vert nytta sauesikkert gjerde. Grind skal svinge utover.»

Mange reguleringsplanar har særskilte føresegner om gjerde. Dersom det ikkje finst ein detaljplan der hytta di ligg, gjeld føresegna i arealdelen av kommuneplanen. I so fall kan du gjerde inn inntil 400 m2 av eigedomen utan å søkje.

Utforming av gjerde

Beitedyr er til nytte fordi dei held vegetasjonen nede. Tenk difor gjennom kor stort areal som er naudsynt å gjerde inn. Det viktigaste når ein set opp gjerde, er at gjerdet ikkje er til fare for dyr. Alle har plikt til å halde gjerda sine i slik stand at folk og dyr ikkje kan bli skadde. Det inneber blant anna at du må sjå til at gjerdet er i orden før beiteslepp kvar vår.

Mattilsynet har ansvar for Lov om dyrevelferd. Der står det blant anna at Dyr skal behandles godt og beskyttes mot fare for unødige påkjenninger og belastninger (§ 1) og at Bygninger, gjerder og andre mindre innretninger skal utføres eller oppføres og holdes ved like slik at dyr ikke utsettes for fare for unødige påkjenninger og belastninger (§ 15). Mattilsynet tolkar lova slik at det ikkje er lov å gjerde med tråd eller plastnettinggjerde kring hytter. Det gjeld uavhengig av om det er straum på gjerdet eller ikkje. Årsaka er at desse gjerdetypane krev dagleg ettersyn. Det er dei færraste som er på hytta heile beitesesongen. Forbodet mot tråd- og plastnettinggjerde gjeld både i byggefasen og når hytta er ferdig.

Nettinggjerde av metall (sauenetting), bordgjerde, stakittgjerde og skigard er aktuelle alternativ. Kommunen oppmodar folk om å bruke impregnert stolp og sauenetting av galvanisert metall. Eit sauesikkert gjerde skal vera minst 110 cm høgt (inkludert overtråd), og ha ei utforming slik at småfe og lam ikkje set seg fast eller kan smette gjennom. Grinder skal slå utover.

Her finn du nyttige arbeidsteikningar for gjerde, grinder og gjerdeklyv: NSG - standardavtaler og arbeidstegninger

Dyrevelferdslova § 15 slår fast at det er forbode å bruke piggtråd i gjerde. Forbodet blir tolka slik at det ikkje er lov å bruke piggtråd i nye gjerde, men at det er lov å vedlikehalde dei piggtrådgjerda som fanst før dagens lovtekst tok til å gjelde i 2010 so lenge desse blir helde i forsvarleg stand.

Når må eg søkje om inngjerding  

Du må søkje når føresegnene i reguleringsplanen seier det. Døme på det er Reguleringsplanen for Øvre-Ålsåsen område H4, der det står: «Generelt er det ikke adgang til inngjerding av tomt. Inngjerding av inntil 300 m2 av tomta inkludert bebyggelse kan tillates etter søknad.»

Eit gjerde i grensa mellom to eigedomar er ikkje søknadspliktig. Søknadsplikta slår inn når gjerdet lukkar inne eit areal.

Kan eg søkje dispensasjon for å setje opp ei inngjerding

Ja, det er høve til å søkje dispensasjon der det i utgangspunktet ikkje er lov til å føre opp gjerde, jamfør plan- og bygningslova § 19-1 og 19-2: «Kommunen kan gi varig eller midlertidig dispensasjon fra bestemmelser fastsatt i eller i medhold av denne lov. Det kan settes vilkår for dispensasjonen. Dispensasjon kan ikke gis dersom hensynene bak bestemmelsen det dispenseres fra, eller hensynene i lovens formålsbestemmelse, blir vesentlig tilsidesatt. I tillegg må fordelene ved å gi dispensasjon være klart større enn ulempene etter en samlet vurdering...»  

Korleis søkjer eg

ByggSøk er den nasjonale løysinga for elektronisk kommunikasjon i byggesaker. Gjennom ByggSøk kan du sende byggesøknaden elektronisk til kommunen. Du vert spurt om å fylle ut det som er relevant.

Dersom du ynskjer papirskjema finn du dette under Skjema

Skjema Søknad om tiltak utan ansvarsrett, Nabovarsel- opplysningar gjeve i nabovarsel og kvittering for nabovarsel skal sendast utfylte til Ål kommune saman med kart der gjerdet er teikna inn og skisse som viser utforminga av dette (plan- og fasadeteikningar.)

Dispensasjon er søknad om unntak frå reguleringsføresegnene. Det finst ikkje noko skjema for dispensasjonssøknad. Ein dispensasjonssøknad skriv du som eit vanleg brev. Det må kome fram kva du søkjer om dispensasjon frå, og kvifor. Grannane skal varslast om at du søkjer dispensasjon.

Kor skal eg sende søknaden

Søknaden skal sendast til Ål kommune ved Utviklingsavdelinga, Torget 1, 3570 ÅL eller til postmottak@aal.kommune.no  

Kor lang tid tek det å få svar frå kommunen

Sakshandsamingsfristen etter plan- og bygningslova er tre veker. Sakshandsamingstida blir rekna frå når kommunen har fått ein fullstendig søknad. Rask handsaming krev av at alle naudsynte opplysningar er med i søknaden.

Handsaming av dispensasjonssøknader har ingen frist etter plan- og bygningslova.

Du kan ta kontakt med Ål kommune for å få rettleiing

Tlf. Servicetorget: 32 08 50 00

E-post: postmottak@aal.kommune.no