Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Tilskot

Bustadtilskot til fyrstegongsetablerarar

Ål Kommunestyre vedtok 25. mai 2023 (sak 45/ 2023) å sette av 20 MNOK til tilskot til unge vaksne mellom 18-40 år som ynskjer å kjøpe eller bygge sin fyrste bustad i Ål.

Responsen på ordninga har vore stor og ved inngongen til juli månad var samtlege avsette midlar til ordninga i 2023 løyvd. 

Sidan ordninga vart lansert 20. april 2023 har det kome inn 118 søknader om tilskot. Det er gjeve 61 tilsegn; korav to tilsegn a kr 200 000, sju tilsegn a kr 500 000 og 52 tilsegn a kr 300 000. 

I tildelingsprosessen vart søkarar som hadde mest mogleg konkrete avtaler og planer om kjøp/bygging prioriterte, etter prinsippet ‘først til mølla’.

Det er per juli 2023 over 40 søknadar som ikkje er handsama. Desse vert sett på vent til Kommunestyret vedtek budsjettet for 2024 og korleis ordninga skal vidareførast. 

Framleis mogleg å søke 

Det er sannsynleg at ordninga vert vidareført i 2024 og det er difor framleis mogleg å søke om tilskot til fyrstegongsetablering (byggje eller kjøpe) i Ål. 

For å søke må du fylle ut og sende inn søknadsskjema til postmottak@aal.kommune.no eller per post til
Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål. 

Du kan sende søknad sjølv om du ikkje har kjøpt bustad eller bustadtomt. Skriv då berre i søknaden at du er på leit etter bustad og når du planlegg å kjøpe (t.d. "Eg skal kjøpe innan 2023", eller "innan 2024").

Søknadshandsaming 

Du vil få ei bekrefting frå Ål kommune når me har motteke og registrert din søknad. Men ingen nye søknadar vil bil handsama før tidlegast i januar 2024. 

Søknadsskjema

Reglar for tilskot

For spørsmål om ordninga ta eventuelt kontakt med Servicetorget, postmottak@aal.kommune.no

Sentrale/nasjonale tilskot i landbruket (jordbruk/skogbruk)

Lenke til Landbruksdirektoratet si side med skjema for å søkje tilskot

Energitiltaksfond

Gjeninnføring av støtte til energitiltak vart vedteke av kommunestyret torsdag 15.09.22. Sjå vedtekter og last ned søknadsskjema

Fiskefond

Tilskot frå fiskefondet kan løyvast til tiltak for å betre fisket i vassdrag i Ål. Pengane kjem frå kraftutbygging.

Føremål
Avkastinga av fondet (omlag kr 15 000 årleg) skal vere øyremerkt kultiveringstiltak for betring av fiske i vatn og vassdrag i Ål kommune.

Målgruppe
Rettshavar, og andre i samarbeid med rettshavar.

Vilkår
Det kan gjevast tilskot inntil 40% av kostnadsoverslaget for tiltaket. Tilskot vert elles gjeve på vilkår av at søkjaren har nytta utarbeidd søknadsskjema, samme skjema som til næringsfondet. Tilskotet vert utbetalt etter Retningsliner for bruk og utbetaling av Næringsfondet i Ål. Tilskotet vert utbetalt etter at tiltaket er gjennomført.

Saksgang
Søknad på tilskot frå fiskefondet vert handsama av Vilt og innlandsfiskenemnda. Søknad vert å sende Ål kommune Utviklingsavdelinga. Om ikkje saka kan handsamast innan 3 veker skal søkjar ha melding om forventa handsamingstid. Det er søknadsfrist 1. april.

Sakshandsamar vilt og fisk: Tin Are Linderud 320 85 084.

Viltfond

Kommunalt viltfond er eit bunde driftsfond som kommunen forvaltar til viltføremål. Inntektene kjem frå fellingsavgifter innbetalt av jaktlaga og inntekter frå fallvilt. Lag, organisasjonar og rettshaverar kan søkje om tilskot til tiltak for betre viltforvalting.

Føremål
Føremålet med kommunale viltfond er å stimulere viltforvaltinga i kommunen.
Fondet kan nyttast til:

  • tiltak for å betre viltforvalting, styrke kunnskapen om viltet, jaktorganisering m.m. i kommunen og nabokommunar gjennom samarbeid i regi av organisasjonar, einskildpersonar eller kommunen sjølv.
  • å dekke kommunens utgifter til ettersøk og handtering av skadd vilt og fallvilt i kommunen.
  • tiltak for å førebygge skader på landbruksnæring gjort av hjortevilt.

Fondet kan ikkje nyttast til:

  • kommunal administrasjon av viltforvaltninga (faste utgifter til lønn, møtegodtgjersle, reiser o.a.).
  • å erstatte skader gjort av vilt.
  • skotpremiar.

Vilkår
Tilskotet vert utbetalt etter at tiltaket er gjennomført. Det er elles ingen særskilte vilkår.

Saksgang
Søknad om tilskot frå kommunalt viltfond vert handsama av Vilt- og innlandsfiskenemda. Søknad vert å sende Ål kommune Utviklingsavdelinga. Om ikkje saka kan handsamast innan 3 veker skal søkjar ha melding om forventa handsamingstid. Det er ingen søknadsfrist. Søknadane vert handsama fortløpande.

Kommunalt viltfond er lovfesta i Forskrift om kommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort

For meir informasjon kontakt sakshandsamar vilt og fisk - Tin Are Linderud, 320 85 084

Innovasjon Norge

Logo Innovasjon Norge

Søknader om midlar til "Investering og bedriftsutvikling i landbruket" (IBU-midler) 

Det er ingen store endringar  i prioritering av målgrupper.
Nasjonalt ynskjer ein å prioritere prosjekt som er med på å auke matproduksjonen og elles lønsame prosjekt.
Vidare er det høg prioritet av bruk der landbruksnæringa utgjer ei viktig inntekt og ikkje minst viktig å prioritere ungdommen (under 35 år) som vil velja arbeid og inntekt i landbruket.

Elles er driftsformer innan planteproduksjon prioritert.
Herunder investering i bær- og fruktfelt, grønnsakslager og korntørker, samt vatningsanlegg. 

Innovasjon Norge  kan vere med på utbygging av gjødsellager som er med på å redusere utslepp (med overdekke, kapasitet til 10-12 mnd. lagringskapasitet).
Det er framleis plass i marknaden til grovforbasert husdyrproduksjon(storfe). Denne produksjonen blir prioritert i område med god tilgang til utmark og der grasproduksjon ikkje fortrenger korn. 

For 2019 er det stopp for investeringsstøtte til sau.
Innanfor bygdenæringer ynskjer ein å løfte fram videreforedling av mat og drikke, og ulik tenesteproduksjon.
Det er fokus på landbruksbasert reiseliv, gjerne i kombinasjon med lokal mat og drikke. 
Det er framleis satsing innanfor bioenergi-prosjekt.

Viktig å merke seg at tilskot ikkje blir gitt til tiltak som er påbegynt før søknad er godkjent.
For nye prosjekt ynskjer me at de fyller ut vedlagte registreringsskjema og legg ved skattemelding og næringsoppgave + landbruksskjema for de to siste åra (og for større bruk gjerne også økonomisk oversikt 5 år og finansielle konti med renter) og sender dette til : ingvild.sundgot@aal.kommune.no  innan 10. november.
Det er berre å ta kontakt dersom de har spørsmål.

Retningslinjer.pdf

Registreringsskjema.xlsx

Treng du hjelp, ta kontakt med jordbruksforvaltaren i Ål

Jordbruksfond

Føremål
Avsetjinga skal vera øyremerkt tilskot til personar som har landbruk som yrke, anten på heiltid eller deltid, og til fellestiltak som har som føremål å fremje landbruket i Ål.

Søknadsfrist: Løpande

Her kan du lesa meir om retningslinene på side 13 i Strategisk næringsplan for Ål 2021 - 2024

Næringsfond

Avsetjinga skal vera øyremerkt til tilkost til næringsutvikling, både investeringar og prosjekt, som fremjer lønsemd for bedrifta. Det kan og gjevast tilskot til fellesprosjekt som fremjer utvikling for Ål-samfunnet. Løpande søknadsfrist.

Her kan du lesa meir om dette:
Retningsliner for næringstilskot for Ål kommune 2021-2024

Strategisk næringsplan for Ål kommune 2021-2024

Søknadsskjema for næringsfond

For meir informasjon kontakt næringsutviklar

Staffan Landsmann-Wiwe, tlf  483 54 893

Produksjonstilskot

Produksjonstilskot

For meir informasjon ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen, eller sjå nettsidene til Statens Landbruksforvaltning.

Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket.

Regionalt miljøtilskot

Regionalt miljøtilskot

Regionalt miljøtilskot er ei årleg tilskotsordning med søknadsfrist 15. oktober, og søknadsskjema sendast til kommunen der føretakets driftssenter ligg.

For meir informasjon ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen.

SMIL - særskilte miljøtiltak i landbruket

Fristar for å søkje tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket er 1. mars  og 20. august.

Ein kan søkje om støtte til tiltak for å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet, t.d. rydding av beite og istandsetting av gamle bygningar, til gjennomføring av tiltak som tek vare på spesielle artar i kulturlandskapet eller til prosjekt som gjer kulturlandskapet meir tilgjengeleg for alle.

Det kan òg gjevast tilskot til gjennomføring av prosjekt for å redusere forureininga frå jordbruket. Omsøkt tiltak skal gå ut over det ein kan forvente gjennom vanleg jordbruksdrift.  

Det er eige søknadsskjema for SMIL. 

Rettleiar for søknad om SMIL

Det digitale søknadsskjema finn du her

For å få lov til å sende inn skjemaet må du legge ved kart. Har du problem med å få dette til, ta kontakt med kommunen.

Ferdig utfylt søknad med vedlegg sender du til kommunen der tiltaket skal gjennomførast. 

Felles prisliste spesielle miljøtiltak i jordbruket for Hallingdal 2022.pdf

Tiltaksstrategi for SMIL 2020-2023 Hallingdal

Ta gjerne kontakt med Ål kommune, tlf. 320 85 000, for meir informasjon om SMIL.
SMIL- ansvarleg er Ingvild Sundgot

Tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK-midlar)

NMSK-midlene er en felles pott for:

  • Skogskjøtsel/kultur
  • Miljøtiltak i skog
  • Prosjekt for å utvikle skogbruket lokalt/regionalt

Skogkultur

Har du utført markberedning eller ungskogpleie?

Hallingskog har utarbeidd tilskotsordningar innan skogbruk som er felles for heile Hallingdal. Utfrå lokale prioriteringar og tilpassingar vert det gjeve tilskot til markbereding og ungskogpleie.

For 2022 er satsane satt til:

  • Markbereding: 125 kr/daa
  • Ungskogpleie: 175 kr/daa

Søknadsskjema finn du her: Tilskudd til skogkultur - Landbruksdirektoratet
Søknadsfrist er 1. desember. Tilskot vert utbetalt fortløpande etter innlevert dokumentasjon på at tiltak er gjennomført. Klagefrist er 3 veker.

Skogfond med skattefordel kan nyttast til å dekke eigenandel etter tilskot på investeringar i skogkultur. Dette gjeld og eige arbeid.


Tilskot til tiltak i beiteområde

Frist for å søkje tilskot til tiltak i beiteområde er 15. februar.
Du kan søke om planleggings- og tilretteleggingstiltak og investeringstiltak knytt til utmarksbeite.

Planleggings- og tilretteleggingstiltak kan vere:
• planlegging og prosjektering av faste installasjonar
• ny organisering av beitelag og utmarksbeiteområde
• prosjektretta arbeid for stimulering til auka beitebruk og rasjonell utnytting av beitene
• tidsbegrensa utprøving av nytt utstyr som kan bidra til effektiv og god beitebruk
• utarbeiding av planer (beitebruksplan, tiltaksplan, beredskapsplan mv.) for utmarksbeite
• vegetasjonskartlegging

Investeringstiltak kan vere:
• sperregjerder som hindrar beitedyr i å komme ut av beiteområdet
• ferister, godkjent fabrikat eller bygd etter standardtegninger
• bruer dimensjonert for føring av beitedyr
• gjetarbuer på inntil 20 m2, med kvadratmeterpris som tilsvarer gjennomsnittlig kostnad for hytter av enkel standard i det aktuelle området
• sanke- og skiljeanlegg
• anlegg, rydding og utbetring av driftevegar
• saltsteinsautomatar
• transportprammer
• elektronisk overvakingsutstyr (radiobjeller, lammenoder, merkesavlesere, findmysheep mv.)
Søknadsskjema finn du her: https://www.altinn.no/skjemaoversikt/landbruksdirektoratet/tilskudd-til-tiltak-i-beiteomrader/

Retningslinene for Hallingdal finn du her:
Retningslinjer for tilskot til tiltak i beiteområde Hallingdal

Tilskot til miljøtiltak i skog

Tilskot etter ordninga føreset at miljøverdiane er registrert etter ”Miljøregistreringar i skog ” (MiS) metodikk. Alle tiltak etter ordninga skal godkjennast på førehand av kommunen.

Tilskot kan gjevast til:

  • Dekking av meirkostnad eller tap ved å gjennomføre skjøtseltiltak for å ivareta og utvikle miljøverdiar.
  • Delvis dekking av økonomiske tap knytt til langsiktig bevaring av spesielle miljøverdiar, der omsyn til desse krev at skogeigaren avstår frå hogst eller legg om skogsdrifta.
  • Dekking av meirkostnad ved skogsdrift for å unngå vegbygging som vil redusere ”villmarksprega område”.

Eksempel: Ivaretaking av nøkkelbiotopar, rovfuglreir og tiurleikar er eksemplar på formål som kvalifiserer for tilskot til skogeigar. Tilskot til ivaretaking av nøkkelbiotopar inkluderer også fornying av avtale om hogstavståing i nøkkelbiotopar som skal stå urørt og tilskot til «nye» nøkkelbiotopar.

Miljøinformasjon etter ordninga vil vere offentleg tilgjengeleg.

Søknadsskjema finn du her: Tilskudd til miljøtiltak i skog - Landbruksdirektoratet Søknadsfrist 1. oktober. 

Tilskot til skogsvegar

Søknad sendast til Ål kommune som tar i mot og forbereder tilskotssøknadene, mens Statsforvaltaren i Oslo og Viken Fylkesmannen gjer vedtak og utbetaler tilskotet.

For å kunne få tilskot gjeld følgande føresetningar:

  • Vegen må bidra til ein god heilskapsløysning som gir grunnlag for utnytting av skog- og utmarksressursane.
  • Vegen må være godkjent etter forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar.
  • Vegen må byggast i samsvar med gjeldande normalar for landbruksvegar, med byggebeskriving, fastsatt av Landbruks- og matdepartementet.
  • Det er berre skogandelen i ein landbruksvei som er tilskotsrettkomen.
  • Det er et krav at vegen blir vedlikehalde til den standard som den opphaveleg vart bygd.
  • Tilsette innan landbruks- og miljøvernmyndigheter må kunne nytte vegen avgiftsfritt i tenesta.

Prioriteringar av utdeling av tilskot og vidare informasjon finn du her: retningslinjer for søknad om tilskot til bygging og ombygging av skogsbilveg, drift med taubane og drift med hest.

Søknadsskjema finn du her: Tilskudd til veibygging i skog - Landbruksdirektoratet Søknadsfristen er løypande, men innan 1. desember.

Utbetaling skjer fortløpande, men siste del av tilskotet blir utbetalt når veganlegget er fullført og godkjent av kommunen. Med søknaden skal det leverast byggeplan og oversiktskart. Klagefristen er 3 veker etter at melding om vedtak er mottatt.

Drenering/grøfting av jordbruksjord – tilskot

For å auke produksjonsevna til jorda, er god drenering avgjerande. Grøfting er óg viktig for å tilpasse jordbruket til eit endra klima med meir nedbør. God drenering reduserer faren for overflateavrenning til vassdrag og bidreg på den måten til betre vasskvalitet og eit betre miljø.

Er dette interessant for deg? Ål kommune oppmodar deg om å søkje tilskot til grøfting. Ta gjerne kontakt med Ingvild Sundgot, Utviklingsavdelinga, dersom du lurer på noko. Telefon 32 08 50 64/ e-postingvild.sundgot@aal.kommune.no

Lenke til det elektroniske søknadskjemaet finn du her
Logg inn med bankID og vel foretaket ditt. For å kunne sende inn søknaden må du laste opp eit kart over drensgrøftene. Har du problem med dette ta kontakt med kommunen. Det er ingen søknadsfrist.

Utfylt skjema saman med kart skal sendast til Ål kommune. Kartet skal ha forklaring og innteikna grøfter. Ingen søknadsfrist.