Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Skogbruk

Bålbrenning

Bålbrenning

Hogst i vernskog

All hogst i vernskogen, unnateke virke til eige bruk skal meldast til skogbrukssjefen i kommuna på eige skjema seinast 3 veker før hogst. Kart over område skal følgje søknaden. Ved hogst i vernskog skal Retningslinene for forvaltning av vernskog (Ål, 1993) fylgjast. 

Melding om hogst i vernskog

Retningsliner for forvaltning av vernskog

Vernskog i Hallingdal er skogareal som ligg så høgt til fjells at det er vanskelege forhold for forynging, eller er så sårbar at han kan bli øydelagt ved feil skogbehandling. Vernskog er ikkje freda, men hogst i vernskog skal følgje retningsliner gitt av fylkeslandbruksstyret. 

Forynging av skog

I følgje Lov om skogbruk (skogbrukslova) har skogeigaren plikt til å setja i gang foryngingstiltak innen 3 år etter hogst. Forynging av skog kan skje gjennom planting, naturleg forynging eller ein kombinasjon mellom desse 2 foryngingsmetodane. Hugs at aktuell foryngingsmåte må vere avklara før hogst slik at rett hogstform kan nyttast.

Planting

Planting er den sikraste metoden for å få opp tilfredsstillande forynging av gran i rimelig tid etter hogst.
Planting er fyrst og fremst aktuelt for gran på middels og god mark, og bør gjennomførast innan 2 år etter hogst.
Antal planter/ daa skal variere med bonitet og driftsforhold.
Antal planter pr dekar finn du ved å telle plantene som kjem innenfor ein sirkel med radius på 4 meter (3,99) og multipliserer plantetallet med 20. Tips: Bruk en raje på 4 m.
Bestilling av planter til vårplantingen skjer via tilsendte plantebrosjyre fra planteskolen. Frist for tinging er 1. mars.
Opplysningar om tidspunkt  og henting får du tilsendt ved tinging av planter.
Planter til høstplantinga treng du ikke tinge på førehand. Ta kontakt med skogbruksleder for Hallingdal i Viken Skogeierforening, Anders Bergan,  ab@viken.skog.no, mobiltelefon 959 35 378 eller til Lars H. Haugsrud lhh@viken.skog.no; mobiltelefon 97713211.

Les mer om planter og planting, plantebehandling mv på heimesidene til Skogselskapet i Buskerud.

Naturleg forynging og såing

Denne foryngingsmetoden er mest aktuelt for forynging av furu. Planting av furu er mindre aktuelt. Det er kostbart å plante det antal som skal til for å produsere tilstrekkeleg god kvalitet, samtidig som vanlege plantingar vert sårbar for elgbeiting. Stadeigen frømateriale sikrar dessutan eit godt utgangspunkt for kvalitetsproduksjon.
Dei mest aktuelle vegetasjonstypene for furu er bærlyngmark og lavmark, samt noko av blåbærmarktypen. I Øvre Hallingdal er det store variasjonar på topografi og jordbotn, og det vil ofte vera rett å kombinere granplanting med forynging av furu på ein og same foryngingsflate.
Furu vert ofte forynga med frøtrær (5-15 trær pr dekar avhengeg av bonitet). Der det ikkje finns nok med frøtrær er såing aktuelt supplement.
Du bør unngå å forynge furu i dei mest utsatte vinterbeiteområda for elg. Indikasjon får du ved å sjå på beitetrykket i området.
For å unngå risiko for beiteskader, bør du ikkje etablere små foryngingsflater men større flater.
Du bør markberede feltet i forkant fordi målet er å oppnå gode spireplassar på blottlagt mineraljord. Feltet må markberedes på forhånd. Nærare opplysningar om markberedning, naturleg forynging eller planter får du ved å kontakte skogbrukssjefen i kommunen eller skogbruksleder i Viken Skogeierforening, ab@viken.skog.no eller til Lars H. Haugsrud lhh@viken.skog.no; mobiltelefon 97713211.

Du kan lese meir i:

Forskrift om skogfrø og skogplanter.

Frivillig vern av skog

Kva er frivillig vern av skog? | Frivillig vern

Samandrag frå nettsida om frivillig vern:

Frivillig vern av skog går ut på at skogeigar tilbyr skogareal for vern. Dersom området har naturfaglige kvalitetar som tilseier at det kan vernast, og vernemyndighetene takkar ja til tilbodet, kan området vernast som naturreservat etter naturmangfoldlova §37.

Ei avtale mellom skogeigar og staten vil forhandlast fram, og innehalde avgrensing av områdetverneforskrift som regulerer bruken av området og erstatning.

Skogeigar vil få skattefri erstatning for området som vernast. Denne erstatninga er basert på verdien av å drive skogbruk i området. Skogeigar beheld eigedomsretten, samt jakt-, fiske- og beiterettigheter.

Det er særlig gamal skog som har verneverdi. Avhengig av boniteten i området vil gamal skog i seg sjølv ha verneverdi dersom det er over ein viss størrelse. Dersom eit område inneheld spesielle natur- og miljøkvaliteter har det særlig verneverdi. I slike områder vil størrelsen på arealet ha lågare betyding for om området kan vernast eller ikkje. 

Sjå meir på Aktuelle områder - Frivillig vern.

Retningslinjer for tilskot

Her finn du retningslinjer for søknad om tilskot til bygging og ombygging av skogsbilveg, drift med taubane og drift med hest.

Skogfond

Forskrift om skogfond pålegg skogeigar å setta av delar av inntekta frå sal av tømmer. Skogavgifta kan brukast mellom anna til skogkulturtltak, vedlikehald/bygging/opprusting av skogsveg og miljøtiltak i skogen.

Meir info om skogfond finn du hjå Statens landbruksforvaltning

Skog- og utmarksforvaltar

Skog- og utmarksforvaltar i Ål og Hol heiter Birgit Elise Arnegard

Ho har fast kontorstad i Ål alle dagar unnateke fredagane då ho har kontorstad i Hol kommune.
Direkte telefonnr: 32 08 50 84

Det kommunale skogoppsynet har ansvaret for å utføre ei rekke oppgåver etter skogbrukslova, innan næringsutvikling og forvaltning av ulike verkemiddel. Me arbeider i hovudsak med statlege lovpålagte forvaltningsoppgåver samt planleggings- og veiledningoppgåver i skogbruket.

Vernskoggrensa i Ål

På nordsida av hovuddalføret følgjer vernskoggrensa kote 860 frå kommunegrensa mot Gol og vestetter til skjeringspunkt med Helsingsetvegen. Herfrå går grensa i rett line mot sørvest til skjeringspunkt mellom Grytegrovi ok kote 840. Vidare følgjer grensa kote 840 mot sør til Geiteryggen, vestetter til Sel og gjennom Votndalen og Leveld til skjeringspunkt med vegen mot Fjellstølen-Hemsedal. Herfrå går grensa i rett line mot sørvest til kote 840 ved hus på Nystølen 74/8. Vidare følgjer grensa kote 840 i sør-vestlia for Leveld-Votndalen, gjennom Øvre-Ål, rundt Kvinnegardslia og Nasakamben til kommunegrensa mot Hol 

På sørsida av hovuddalføret følgjer vernskoggrensa kote 840 frå kommunegrensa mot Gol og vestetter til Jonstølen, derifrå rundt myrdraga mot nord og rundt Trolltjørnhovda, så vestetter over parkeringsplassen på Rota til kommunegrensa i Hol. Vidare er det vernskoggrense etter kote 740 rundt Okslenuten og etter kote 840 rundt Ridalsbergi og Geiteryggen. Heile Halldalen i Ål kommune er vernskog.

Vegvedlikehald

Vegvedlikehald