Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Sando barnehage

Sando barnehage, Foto: Even Medhus
Adresse

Postadresse: Torget 1, 3570 Ål
Besøksadresse: Opsatovegen 145, 3570 Ål

Styrar

Patrick Mikkelsen Kvalvågnes, tlf. 32 08 54 66 / 468 57 335

Generell informasjon

Sando barnehage er ein kommunal barnehage med 50 plassar delt på to avdelingar;  
Vesleberg med barn i alderen 1-2 år og Satakroken med barn i alderen 2-6 år.  

Vi har store, lyse og trivelege rom med mange moglegheiter i forhold til aktivitetar og leik.  
Vi har blant anna ein felles garderobe, eit stort kjøkken og tilgang til både gymsal og sløydsal.  

Ute har vi fleire leikeområde med både huske, sandkasse, klatrestativ, fotballbane, sykkelbane, lavvo og meir. Vi har òg gangavstand til fleire fine turområde som vi ofte brukar. 

Me legg vekt på å skape gode kvardagar for barna der tryggheit, fellesskap, omsorg og det å bry seg om kvarandre står sentralt. Me vil vera tydelege og nærverande vaksne for barna, og gje dei trygge rammer – KVAR DAG. 

Bålpanne Sando 

Pedagogisk plattform

Vår visjon er: "Verdas beste start - eit hav av moglegheiter".

Vår pedagogiske plattform: Barnehagen er barnet sin arena, det er her livet er! Barnehagen er ikkje berre ei førebuing til livet som kjem seinare. Livet er her og nå. Barndommen er ein fase i livet med stor verdi. Her møter vi livet slik det er og slik det kjem, med sine oppturer og nedturer, gleder og sorger. Barna får ta seg den tida dei treng for å lære, til å leike, til å leve i og oppleve fellesskap med andre.

Sando barnehage skal vera ein god stad å vera både for små og store. Barna skal oppleve glede, føle seg betydningsfulle og velkomne hos oss. Me vil skape gode barndomsminne ved å bry oss om kvarandre, vera ein del av eit fellesskap og føle at eg er verdt noko – uavhengig av prestasjonar. Me legg vekt på gode naturopplevingar året rundt

Satsningsområde: Friluftsliv 

Det er mykje som tyder på at barn som ferdast i naturen saman med andre barn og vaksne, får fysiske, psykiske og sosiale opplevingar som er med på å gje dei god “læring for livet”.   

I Sando barnehage skal barna vera aktive gjennom leiken, dei skal oppdage og undre seg over det dei ser og dermed få kunnskap om naturen. Med kunnskap kjem interessagleda og eit permanent ynskje om å ta vare på naturen fordi dei har lært å vera glad i den.

 Godt med ei kvil i hengekøya 

Naturen gir opplevingar, moglegheiter for meistring og utfordringar. Dette gir barna mykje å snakke om, og ei rikare språkutvikling. Naturen lærer barn om å ta ansvar, og gir dei rom til å undre seg. 

For meir informasjon les barnehagen sin årsplan og progresjonsplan. 

Årsplan og infohefte for barnehagen

Årsplan 2022-2023

Opningstider

Måndag til Fredag 07.00 - 17.00

Råd og utval

Medlemmer og varamedlemmar i SU 2022-2023

Leiar Stian Løyte 48035560 stian@aaltraktor.no 
Nestleiar Brit Sæther 93676196 brit.saether@aal.kommune.no
Medlem Alette Sjølie  

alette.sjolie@aal.kommune.no

Medlem Therese Veslehaug    therese.stave.veslehaug@aal.kommune.no
Vara  Marie Tårneby   marie.tarneby@aal.kommune.no
Styrar  Lena Loftsgård    lena.loftsgaard@aal.kommune.no
Kom.repr  Sissel Urke       sissel.urke@aal.kommune.no

Medlemmer i FAU (arbeidsgruppe) 2022-2023

Leiar Brit Sæther 93676196 brit.saether@aal.kommune.no
Nestleiar Stian Løyte 48035560 stian@aaltraktor.no 
Sekretær Ingunn Hasle   91317388 ingunn.hasle@tine.no 
Kasserar Synne Otteraaen Ystad  41106356 synne.ystad@gmail.com
Su vara Jannike Øvstrud 99460036  jannike_1993@hotmail.com
Felles informasjon

Her finn du felles informasjon om barnehagane i Ål kommune.

Tur1 (2) (2).png