Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Sundre barnehage

Adresse

Postadresse: Torget 1, 3570 Ål
Besøksadresse: Gartnarvegen 1, 3570 Ål

Styrar

Mette Oleivsgard, tlf. 32 08 51 55 / 900 32 748

Sundre bhg Foto Even Medhus

Generell informasjon

Sundre barnehage heldt til på Prestegardsjordet i Ål sentrum og har seks avdelingar fordelt på to hus, Hallingstugu og Låven, tre avdelingar på kvart hus. Stugu og Bråtet er for barn 4-5 år, Kleven og Lue er for barn 2-4 år, Kammerset og Skålen er for barn 0-2.

Me har eit stort og variert uteområde, med eigen leirplass, potetåker og små grønnsakskasser. Barnehagens nærmaste nabo er Ål skulepark som er eit tilrettelagt park- og aktivitetsområde med bl.a. hinderløype, klatrestativ og plass for ballaktivitet. Me har gangavstand til Ål kulturhus med bibilotek og Ål Idrettspark på Bråta.

Verdigrunnlag

Verdigrunnlaget for Sundre barnehage består av visjon, pedagogisk grunnsyn og arbeidsmåtar. Dette dannar grunnlaget for vår pedagogiske praksis. Verdigrunnlaget er styrande for arbeidet i barnehagen og ligg som ei ramme omkring verksemda. Inni denne ramma skal barn, tilsette og føresette ha plass til medverknad. Hausten 2021 har dei tilsette i Sundre barnehage hatt evaluering av verdigrunnlaget, sett opp mot rammeplan, Betre læring og satsingsområdet «Inkluderande barnehage- og skulemiljø».

Ein visjon vert definert som “eit bilete av ein framtidig, ønska tilstand”, ei slags ledestjerne. Visjonen til Sundre barnehage er no:

Leik, lær og le –

le, lær og leik

Tilsette som støttar og er saman med barna i leik og aktivitet gjennom dagen gjer at barna trives, lærer og utviklar seg. Denne støtta er ein del av ei heilskapeleg tilnærming til læring.

Pedagogisk grunnsyn vert definert som «den verkelegheitsoppfatning, dei verdiar og haldningar som ligg til grunn for den pedagogiske verksemda».

I Sundre barnehage:

  • skal me sjå på alle menneske som like verdifulle og møte kvarandre med varme, interesse og respekt. Dette gjeld i alle møter mellom barn-barn, barn-vaksen, vaksen-vaksen.
  • skal gode møter mellom menneske hjelpe barna til å utvikle evna til å balansere individuelle behov opp mot gruppa sine behov.
  • ser me på leik som barnas viktigaste aktivitet, der mykje av barnas læringsprosessar skjer. Dei tilsette skal vere aktivt deltakande.
  • ynskjer me ein kvardag der positivitet og glede står i fokus.
Planar

Årsplan skal ha fleire funksjonar:

  • arbeidsreiskap for personalet for å styre barnehagen i ein bevisst pedagogisk retning
  • eit utgangspunkt for at føresette skal ha høve til å påverke innhaldet i barnehagen
  • grunnlag for kommunens tilsyn med barnehagen
  • informasjon om barnehagens pedagogiske arbeid til eigar, politikarane, kommunen, barnehagens samarbeidspartar og andre interesserte

Her finn du årsplan for barnehageåret 2022 - 2023

Opningstider

Barnehagen er open frå 07.00 -17.00 fem dagar i veka. 

Barnehagen er stengd i veke 29 og 30, jul og påske. 

Planleggingsdagar 2020-2021

  • Måndag 16.08.21
  • Tysdag 17.08.21
  • Måndag 22.11.21
  • Fredag 14.01.22
  • Fredag 27.05.22

Her finn du "Informasjonshefte for føresette i Sundre barnehage"

Råd og utval

Foreldreråd består av alle foreldra i barnehagen og FAU er arbeidsutval for foreldrerådet:

Leiar i FAU: Synnøve Oleivsgard er leiar i FAU 2021-2022.

SU (Samarbeidsutvalet) tek avgjerdsler som er viktige for heile barnehagen. Der er føresette, tilsette og kommune v/politiker representert

Leiar i SU: Tone Lian er leiar i SU 2021-2022.

Felles informasjon

Her finn du felles informasjon som gjeld barnehagane i Ål kommune