Adresse
Postadresse: Torget 1, 3570 Ål
Besøksadresse: Nordbygdvegen 948, 3570 Ål
Styrar
Einfrid Hagen, tlf. 32 08 54 70 / 995 27 757
Generell informasjon
Nordbygdene barnehage er ein kommunal barnehage med 36 plassar fordelt på to avdelingar. Dei fleste borna som går her kjem i frå bygdene Votndalen, Leveld og Vats. Desse tre småbygdene vert tilsaman kalla Nordbygdan.
Barnehagen har vore i drift sidan hausten 1989. Nordbygdene barnehagen ligg vegg i vegg med Nordbygdene skule, og har eit tett samarbeid m/skulen når det gjeld uteleikeplass, turområde, bruk av gymsal og felles personalrom.
Rundt omkring oss har me ei levande bygd med gardsdrift, husdyr og flotte turområde i skogen og på fjellet. På vinteren er me så heldige å ha akebakke og oppkøyrde skiløyper på jordet rundt barnehagen/skulen, og lysløypa er like ved.
Vår visjon og grunnsyn
"LEIKEGLEDE OG LÆRINGSLYST I EIT INKLUDERANDE FELLESSKAP"
Alle born som går i Nordbygdene barnehage skal oppleve:
- å verte respekterte og verdsatt for den dei er
- omsorg og inkludering i eit aldersblanda fellesskap i barnehagen
- leik og aktivitetar som gjev dei kjensle av glede, meistring og meiningsfull læring
- alle vaksne som varme, anerkjennande og tydelege (= autoritative vakse)
- glede og humor i kvardagen
- nærleik og kjennskap til eit levande bygdemiljø med fokus på vår kulturarv, lokalhistorie og folk som bur i bygda
- turar som gjev dei positive naturopplevingar og kjennskap til mangfaldet i naturen
- positive møtepunkt mellom ulike aldersgrupper slik at overgangen i frå barnehagen til skulen blir trygg og god
- å bli høyrd og sett slik at dei kan vere med å påverke kvardagen i barnehagen
- hjelp og støtte til å takle følelsar både i motgang og medgang
- å få høve til å roe seg ned og slappe av/kvile i løpet av dagen
Årsplan 2022-2023
Årsplan Nordbygdene bhg 2022-2023.pdf
Ein "Være sammen"- barnehage
Nordbygdene barnehage har tatt i bruk programmet "Være sammen" som er utarbeida av Pål Roland m/fleire. Ved å arbeide systematisk med dette programmet over tid vil me styrke barnehagen sitt psykososiale miljø slik at alle born skal kjenne seg verdsatt og inkludert i fellesskapet.
Me legg difor vekt på:
- gode relasjonar mellom barn og vaksne
- den autoritative vaksenstilen (dvs. varme og tydelege vaksne i samspel med medverkande barn)
- barns sosiale kompetanse og handtering av utfordrande adferd
- fagleg kompetanseheving og veiledning av personalet
Progresjonsplan - Være Sammen.docx
Opningstid
Vanleg drift: 07.00 - 16.30 (til kl. 17.00 ved behov)
Barnehageåret 2022 - 2023 er barnehagen stengt i jul, påske og veke 29, 30.
Planleggingsdagar barnehageåret 2022/2023:
- Måndag 15.august 2022
- Tysdag 16.august 2022
- Måndag 21.november 2022
- Måndag 2.januar 2023
- Fredag 19.mai 2023
Råd og utval
FAU 2022/2023:
- Leiar: Inette Sofia F. Engelsvik
- Nestleiar: Eirik Lystrup
- Andre FAU- representantar: Tor Audun Eriksen, Liv-Marit Øynebråten
SU 2022/2023:
Nordbygdene barnehage og Nordbygdene skule har felles SU; 4 foreldre, 4 tilsette, 2 elevar, 1 politikar. Styrar og rektor deltek på møtene som sakshandsamar og referent.
- Leiar: Inge Bjørnsvik Løkensgard
- Nestleiar: Eirik Lystrup