Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Torpo barnehage

Adresse

Postadresse:Torget 1, 3570 Ål
Besøksadresse: Bakkevegen 1, 3579 Torpo

Telefon: 32 08 54 55

Styrar

Liv Tancke-Larsen tlf. 32 08 54 58

Torpo barnehage


Generell informasjon 

Torpo barnehage er ein  to-avdelings barnehage for barn i alderen 1 - 5 år. Det er i hovedsak barn frå Opheim og Torpo som har plass her. Barnehagen ligg fint plassert i Torpo sentrum med gåavstand til butikk, skule, fotballbane, skiløype og fin natur. Det fyrste bygget sto ferdig i 1979, men har vore utvida i fleire omgangar. I 2015 vart heile huset renovert og framstår no som ein barnehage godt tilpassa behova barn og tilsette har for ein kreativ og hyggeleg kvardag. Me har eit uteområde med variert terreng og ein fin, liten skog innanfor gjerdet.

Torpo barnehage har full pedagogdekning og eit personale som arbeider med både hovud og hjarte. Me er oppteken av å skape ei tydeleg pedagogisk ramme om vår verksemd, der det er plass til at barn og vaksne saman skal fylle ramma med innhald. (sjå pedagogisk plattform under)  

Pedagogisk plattform 

Visjon:

Du og eg - saman om noko!

1. Pedagogisk grunnsyn: 

-Me vektlegg mangfald, medverknad og møter kvarandre med respekt i alle kvardagsaktivitetar

-Me arbeider for at barna i aukande grad kan balansere individuelle behov opp mot gruppa sine behov 

-Me ynskjer ein kvardag fylt av glede og godt humør 

2. Pedagogikk: 

-Vektlegging av leik som den viktigaste læringsarenaen i barnehagen 

-Barns medverknad i pedagogisk arbeid

-Fokus på raud tråd i arbeid med utviklingsarbeid, fagområder og prosjekt 

-Trygge og varme tilsette som gir gode rammer til alle barn 

3. Arbeidsmåtar: 

-Fleksibel dagsrytme med medverknad i fokus

-Tilsette som «går foran, ved sidan av og bak» i leik og omsorg

-Barnemøte, samling og klubb 

-Barnesamtaler  

-Bruk av digitale verktøy 

-Arbeid med fagområder og prosjekt både ute og inne 

-«Betre språk» og «teikn som støtte» som verktøy for betre språkutvikling

Planar

Årsplan 2022 - 2023

Opningstider

Opningstida er måndag til fredag kl 07.00 til 16.30 (til 17.00 på bestilling med to dagars varsel)

Planleggingsdagar 2022 - 2023:

Måndag 21. november 2022
Måndag 16. januar 2023
Fredag 19. mai 2023
+ to dagar før nytt barnehageår i august 2023. 

Råd og utval

Leiar i FAU: Lise Mette Oskam

Leiar i SU: Rita Haug

Felles informasjon

Her finn du fellesinformasjon om barnehagane i Ål kommune