Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Vatn, avløp og renovasjon (VAR)

VAR-avdeling

Avdelingsleiar: Svein T. Furuhaug, telefon 3208 5062

Rådgjevar: Øystein Tårneby, tlf. 9928 7880
Førstesekretær: Grethe Sollien, tlf. 3208 5069
Driftsleiar VA: Nils Egil Vedvik, tlf. 9928 7878

Avdelinga har fylgjande ansvarsområder

  • Drift av kommunale vassverk og avløpsrenseanlegg.
  • Slamtømming av private renseanlegg og renovasjon vert utført av Hallingdal Renovasjon
  • Telemark Godslinjer/Stoklands bilruter - vakttelefon 959 84 903

Vatn

Ål kommune har 5 godkjenningspliktige vassverk og 2 mindre anlegg.
Vassverka vert drevne etter internkontroll og prosedyrer godkjent av Mattilsynet.

Vatnet tilfredsstiller dei strenge krava i «Forskrift om vannforsyning og drikkevann» (Drikkevannsforskriften).

Vatnet på Sundre og Torpo har ph på ca 8,0  og alkalitet ca 1,0, og hardheit på ca 4,0 dH ( tyske hardheitsgrader ).

Dersom du ynskjer nærare informasjon om kjemisk samansetjing av vatnet kan du ta kontakt med Nils Egil Vedvik

Meir informasjon om vatn og vassforsyning: vannkunnskap.no

Små endringar i vasskvaliteten

Vatnet kan endre noko farge, lukt eller smak i perioder. Det er likevel trygt å drikke, med mindre vi melder om noko anna.

Har du klager på kvaliteten på drikkevatnet eller på trykket, kan du kontakte:

Dagtid kl. 09:00 - 15:00: Servicetorget på tlf. 32 08 50 00

Kveld og helg: Vakttelefon VA 992 87 901

Vakttelefon for tømming av slam og tette tankar: 959 84 903

Varsling om endringar i vassforsyninga

Vi informerer på Ål kommune sine nettsider og/eller varslar på telefon med SMS til berørte innbyggjarar ved følgjande hendingar:

    • Når vi stenger vatnet grunna vedlikehald og lekkasjar
    • Dersom vasstrykket blir endra
    • Ved kokeanbefaling av drikkevatnet
VA-norm

VA-norm for Ål finn du her

Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp

Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp

Vassprøver privat brønn

Dersom de har privat brønn og ynskjer å sjekke kvaliteten på vatnet, kan de hente prøveflasker på servicetorget. Kostnad på analysen må betalast av den enkelte.
Analyse av vassprøver frå private brønner kan avtalast med til dømes:

www.vanntest.no

Valdreslab

www.vannshop.eurofins.no

www.mjoslab.no

Vassdragsovervåking

Det er gjennomført felles overvåking av Hallingdalsvassdraget siden 1999. Overvåkinga omfattar Usta, Hemsila, Hallingdalselva og Krøderen, og har vore eit samarbeid mellom kommunane Hol, Ål, Hemsedal, Gol, Nes, Flå og Krødsherad.

Rapport for vassdragsovervaking Hallingdal

Vassprøver - analyseresultat

Gunnarhaugen vassverk

Rota

Sando barnehage vassverk

Skarslia vassverk

Torpo vassverk

Vats vassverk

Votndalen vassverk

Ål vassverk

Renseanlegg - analyseresultat

Actif renseanlegg

Gunnarhaugen renseanlegg

Rødungen renseanlegg

Skarslia renseanlegg

Sundre renseanlegg

Torpo renseanlegg

Elveprøver

Hallingdalsvassdraget

Votna

Badevassprøver - lenke til Miljøretta Helsevern Hallingdal 

Avløp

Ål kommune har eit biologisk-kjemisk kloakkrenseanlegg, 3 fysisk kjemiske og eit infiltrasjonsanlegg. Anlegga vert drifta i samsvar med Forureiningsforskrifta.

Tilkopling til ledningsnettet vatn og avlaup ( sanitærabonnement ) skjer etter søknad, av ansvarleg rørleggjar.

Vi har ei eige kontor for vatn og avløp:

KAV - Hallingdal, Kommunalt avløpstilsyn og vassområde Hallingdal

Nærare opplysningar vedrørande abonnement på vatn, avlaup, slamtømming og renovasjon får du ved å ta kontakt med Grethe Sollien eller Øystein Tårneby

Skjema for tilkopling til kommunalt avløpsanlegg finn du her

Privat anlegg - registrering

Slamtømming

Hallingdal Renovasjonadministrerer denne tenesta. Tlf. 3208 6110.

Entreprenør: Telemark Godslinjer/Stoklands bilruter - vakttelefon 959 84 903.

Forskrift

Forskrift om tømming av avløpsanlegg inkludert tette tankar og bestemmingar om betaling av gebyr, Ål kommune, Buskerud

Abonnement

Nye og/eller endring abonnement kontakt med drift- og vedlikehaldsavdelinga Øystein Tårneby eller Grethe Sollien

Årlege gebyr

I 2018 vedtok Kommunestyret i sak 26/17 ei endring på innkøyringsrutinene slik at det vert køyrt inn ganske lik mengde slam kvart år. Dette betyr at i enkelte områder vil slamavskiljarar til hus/ hytter bli tømde etter eit, to og tre år i staden for etter kvart 2./4. år. 

Når vi tek årlege gebyr vil dette jamnast ut på alle. 

Ekstra slamtømming

For bestilling av ekstratømming ta kontakt med Telemark Godslinjer/Stoklands bilruter - vakttelefon 959 84 903.

Merk at ekstratømming utover vanleg køyrerute utløyser eit ekstra gebyr i tillegg til ordinær tømmepris. Det er ôg forskjell på "nødtømming" der tanken er så full at den må tømmast straks, eller om ein ynskjer ei ekstra tømming når bilen er i området. 

Utanfor plan/ekstratømmingar = kr. 1.460,- Nødtømmingar = kr. 3.660,-

Eksempel prisar 2021:
Alle prisar er utan mva.

Nødtømming av tett tank på hytte 4m3:

Pris pr. m3 kr  660,-: 2640,-  
Behandling 200,- x 4  800,-  
Nødtømmingsgebyr 3660,-  
Totalt 7100,-  

Ekstratømming av tett tank på hytte 4m3:

Pris pr. m3 kr 660,- 2640,-  
Behandling 200,- x 4  800,-  
Ekstratømming 1460,-  
Totalt 4900,-  

Ekstratømming slamavskiljar hytte 4m3:

Pris pr. m3 kr 660,- 2640,-  
Behandling 200,- x 4  800,-  
Ekstratømming 1460,-  
Totalt 4900,-  

Vassmålar

Ål kommune sine gebyr for vatn og avløp er rekna etter forbruk av vatn. Eit forbruk kan enten målast eller stipulerast. Der det ikkje er installert vassmålar, vert forbruk stipulert.

Forbruk kan kun stipulerast i bustad eller fritidsbustad - alt anna forbruk SKAL målast!

Gebyret i Ål kommune er todelt; eit fastledd og eit forbruksledd. Storleiken på gebyret er delt omtrent i to. Dette grunna at halve kostnaden med vassanlegga er kapitalkostnader. Heile kostnaden med vassanleggeta vert betalt av abonnentane med gebyr. ( sjølvkost

Normalforbruk av vatn i ein husstand vil variere sterkt etter kor mange som bur i husstanden, kva slags VVS-utstyr som er installert og ikkje minst om det vert nytta vatn til vatning av plenar og hageanlegg med spreiarar.

Eksempel

Eks. Dersom det bur ein person i ei bueining på over 80m2 bruttoareal, som ikkje vatnar plenen, vil det truleg lønne seg stort å installere vassmålar.

Denne vil betale slikt gebyr for 2021 utan vassmålar:

Vatn Fastledd kr 1108,-
  Stipulert forbruk kr 2588,-
    kr 3696,-
       
Avløp Fastledd kr 1463,-
  Stipulert forbruk kr 3285,-
    kr 4748,-
       

Sum:     8444,- Mva.    2111,-
Totalt    10555,-

Ved eit målt forbruk  på 70m3 og bygg over 80m2 vil rekninga bli:

Vatn Fastledd kr 1108,-
  Målt forbruk kr 1207,50
    kr

2315,50

Avløp Fastledd kr 1067,-
  Målt forbruk kr 1549,80
    kr 2616,80,-

 

Sum: 4932,30,-   Mva. 1233-
Totalt kr.   6165,30,-

 

Eks. Forbruk 100m3 i bueining over 80m2 bruttoareal:

Vatn  Fastledd kr  1585,-
  Målt forbruk kr  1725,-
    kr  3310,-
Avløp  Fastledd  kr  1909,-
Målt forbruk Målt forbruk kr  2214,- 
    kr  4123,-

Totalt kr.   7433,-
Mva kr.     1858,30,-
Totalt kr.   9291,30,-

Forskjellen mellom forbruk over/under 80m3 pr. år er avgjerande for storleiken på gebyret.

Pris pr m3 vatn - 17,25
Pris pr m3 kloakk - 22,14

Kva kostar det å kjøpe og installere vassmålar?

Dette vil variere frå hus til hus kva installasjonskostnaden vil vere, alt etter røropplegg og kva for tilpassingar som må gjerast. Ein standardinstallasjon vil vere på ca 2500, og ein standardmålar vil vere på ca kr. 3700,-. Totalkostnad ca kr. 6200,- for målar og installasjon. Det må sjølvsagt takast kontakt med ein rørleggar for å få eksakt pris. Levetid for ein vassmålar vil vere omtrent 8 år. 

Bestemmelser for bruk av vassmålar i Ål kommune.

Tekniske bestemmelser for vassmålar i Ål kommune

Gebyrregulativ for Ål kommune 

Registreringsskjema for vassmålar

Registeringsskjema for vassmålar - rørleggjar fyller ut

Forskrifter

Forskrift om tømming av avløpsanlegg inkludert tette tankar og bestemmingar om betaling av gebyr, Ål kommune

Forskrift for avfallsbehandling i Ål kommune

Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar

Reglar for nedsetjing av tett tank for avlaupsvatn

Renovasjon

Hallingdal Renovasjon står for innsamling av avfall i Ål kommune.
For meir informasjon eller ved klager, ta kontakt med Hallingdal Renovasjon på telefon 32 08 61 10 eller Servicetorget i Ål kommune 32 08 50 00.

Fleire opplysningar om renovasjonsordninga og levering av avfall finn du på Hallingdal Renovasjon si nettside (www.hallingdalrenovasjon.no) eller tlf. 32 08 61 10

Opningstider Hallingdal Renovasjon: Måndag-fredag: 07.00 - 15.00, Tysdagar:  07.00 - 19.00. Laurdagar: 10.00 - 14.00.

Fritak for renovasjon 

Felles retningsliner for fritak i Hallingdal og Krødsherad

Sektorutval for teknisk, næring og ressurs behandla saka i møte 24.09.2013, saksnr 84/13.

Heimel om fritak ligg i § 5 andre ledd i forskrifta for Forskrift for avfallsbehandling for Ål kommune.
Forskrifta er vedteke av kommunestyret i Ål 17.02.05, sist endra 20.12.12.

Vedtak fatta etter desse retningslinene er enkeltvedtak og kan påklagast ihht klagereglane i Forvaltningslova.  

Generelt gjeld at det skal betalast gebyr for bueiningar som er definert i §2 i forskrifta og etter desse retningsliner. Når bueining på eigedomen/ matrikkeleininga har rom for kvile (sengeplassar) og det er mogeleg å lage mat (kjøkken/sjølvhushald) vert han rekna som bueining. 

Bustader

Kommunen kan gje fritak for fylgjande:

a)     
Eige bruk For bustader som her leilegheit/ hyblar, men vil gå over til å nytte heile huset til eiga bruk, kan ein søkje kommunen om fritak frå renovasjonsordninga og gebyrplikta for bustader som vart leigd ut tidlegare.

b)     
Ikkje i bruk/fråflytta
For bueining abonnenten kan dokumentere at ikkje har vore i bruk i minimum 6 månader, kan ein søkje kommunen om fritak frå renovasjonsordninga/gebyrplikta. Føresetnaden er normalt at bueininga ikkje er bebueleg eller ikkje er i bruk grunna langvarig opphald på institusjon eller den er mellombels fråflytta.

Dette kan mellom anna innebere (ikkje uttømmande liste)

  • at den byggtekniske tilstanden er svært dårleg
  • at vesentlege installasjonar som varmekjelde/eldstad/straum er fråkopla.
  • langtidsopphald på sjukeheim
  • at bustaden ikkje er i bruk i ein lengre periode.

Dette skal kunne dokumenterast. 

Eigar av bustaden pliktar å melde frå til kommunen om bustaden vert teken i bruk i fritaksperioden og fritaksgrunnen opphøyrer. 

Oppsamlingseininga (dunk eller stativ) for restavfall vert ikkje tømt av renovatør i fritaksperioden sjølv om den ikkje vert fjerna av abonnent. 

Heimekompostering

For husstandar som heimekomposterer alt matavfall/ organisk materiale vert det gitt ein reduksjon i avfallsgebyret under fylgjande forutsetningar:

  • Minst ein person i husstanden skal ha gjennomgått komposteringskurs i regi av Hallingdal Renovasjon IKS
  • Det skal nyttast ein isolert og lukka type kompostbinge som er godkjent av Hallingdal Renovasjon IKS.
  • Det skal opprettast skriftleg avtale med kommunen der ein forpliktar seg til å kompostere alt matavfall/ organisk avfall heile året, og kommunen skal ha tilgang til å ta stikkprøver.
  • Den enkelte må sjølv ta kontakt med kommunen for å iverksetje ordninga.
Hytter, stølar og fritidsbustader

Generelt gjeld at det skal betalast renovasjonsgebyr for hytter, stølar og fritidsbustader som definert i § 3 i forskrifta. Kommunen kan gje fritak for fylgjande:

a)     
Ubebueleg
Når hytte, støl eller anna fritidsbustad kan dokumenterast å vere i så dårleg forfatning at det ikkje er bebueleg. Dette kan mellom anna innebera (ikkje uttømmande liste):

  • at den bygningstekniske tilstanden er særs dårleg
  • at vesentlege installasjonar som varmekjelde/straum/eldstad er fråkopla

Ved handsaming av søknaden kan kommunen krevje dokumentasjon. 

Generelt om fritak

Som hovudregel gjeld fritaket for renovasjonsgebyret frå tidspunkt for vedtaket og minimum 6 månader med maksimal tidsavgrensing på 12 månader.

  • Det kan i særskilte tilfelle gjevast fritak for ein lengre periode enn 12 månader, opptil 36 månader.
  • Det er ikkje mogeleg å få fritak/ reduksjon for sesongbasert eller liten bruk av bueining. Anten er ei bueining i bruk eller ikkje.
  • Søkjar må, før fritaksperioden går ut, gje skriftleg melding til kommunen dersom situasjonen er uendra og ein ynskjer forlenging av fritaket. Vert ikkje slik melding gjeve, må ein fakturere gebyr frå neste periode (1. januar og 1. juli kvart år)
  • Eventuelt fritak skal vere knytt til eigedomen, og kan ikkje gjevast av sosiale eller økonomiske grunnar knytt til abonnementet.

Vasskjelder

På Nasjonal grunnvannsdatabase kan du finne nyttig informasjon. Databasen gir informasjon om brønnar og grunnvannsressursar, samt tilgjengelege vannkvalitetsdata og rapportar.