Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Oljeutskiljar

Førehandsvarsel - Krav om utslepp-/påsleppsløyve til oljeutskiljar – Kommunale oljeutskiljare

5 av kommunane i Hallingdal har gått saman og etablert eininga «Kommunalt avløpstilsyn og Vassforvaltning» forkorta til KAV. KAV skal føre tilsyn med spreidd avløp i kommunane og pålegge utbetring der anlegga har manglar/ikkje tilfredsstiller dagens krav. I 2019 fekk kommunane pålegg frå Miljødirektoratet om opprydding i spreidd avløp. Jf. dette pålegget skal alle avløpsanlegg innan 2027-2033 tilfredstille forskrift. I etterkant av detta vedtok politikarane ein tilsynsplan som legger føringane for kva for anlegg som blir prioritert utbetra i tida framover.

Som ein del av spreidd avløp, ligg også arbeidet med  oppfølging av oljeutskiljare etter kap. 15 i Forureiningsforskrifta.

KAV har fått delegert mynde frå kommunane, jf. vertskommuneavtala som er signert av Ål, Gol, Hemsedal, Nesbyen og Flå kommune til og følgje opp Forurensningslova av 1981-03-13-6 §§ 7, 11, 18 og 23.

Saksopplysningar:

Forureiningsforskrifta  kom i 2007, og alle oljeutskiljarar som er etablert etter denne datoen har etter forureiningsforskrifta kap 15 krav om godkjent utslepp-/påsleppsløyve. Påslepp er når avløpet er ført vidare til kommunalt nett.

Kommunane har ikkje følgt opp denne forskrifta godt nok, og mange anlegg har i dag godkjent byggeløyve i tråd med krava i plan- og bygningslova, men ikkje godkjent utslepp-/påsleppsløyve etter kap. 15.  

Før 2007 var det forureiningslova som var styrande, og har di bedrift utslepp-/påsleppsløyve gitt før 2007 er dette fortsatt gyldig, men med endra krav jamfør Forureiningsforskrifta §15-7.

KAV – Hallingdal ber om opplysningar og dokumentasjon på oljeutskiljar som er registrert for dei kommunale anlegga, i nokon kommunar kan det vera opptil fleire anlegg, eller bygg som burde/skal ha oljeutskiljar. Verksemdene som er nemnt under har krav om oljeutskiljar og med bakgrunn i dette har dykk no fått dette brevet.

Då det ikkje er tvungen kommunal tømming av oljeutskiljar har me lite informasjon om det som er etablert i kommunane. Dette brevet er også sendt til bedrifter der me ikkje har registrert oljeutskiljar, men som kan falle inn under kravet i forskrift.

  • Bensinstasjonar
  • Vaskehall for køyretøy
  • Motorverkstad
  • Bussterminalar
  • Verkstad og klargjeringssentral for køyretøy, anleggsmaskinar, skinnegåande materiell
  • Anlegg for understellsbehandling

o   Som enten har vaskeplass, smørehall, servicehall eller liknande.

Unntaket er dersom bygget ikkje har innlagt vatn, eller ikkje har utslepp av oljehaldig avløpsvatn. Gje beskjed dersom din bedrift ikkje har krav om oljeutskiljar, saken vil då bli avslutta

Om di bedrift/selskap har verksemd som fell inn under definisjonane ovanfor og dykk har utslepp-/påsleppsløyve etter forureiningslova/forureiningsforskrifta ber me om å få oversendt kopi av løyve, samt at du som eigar/driftar dokumenterer dei ulike komponentane på anlegget ved å registrere inn på vedlagt skjema og sende inn dette med tilhøyrande vedlegg. Kommunen vil då kunne oppdatere opplysningane sine.

Dersom ditt føretak ikkje har utslepp-/påsleppsløyve for oljehaldig avløpsvatn blir de no varsla om at det må søkast om utsleppsløyve for dykkar anlegg ved å nytte skjema som er vedlagt dette brevet. Fyll da ut søknadsskjema og legg ved dei vedlegga som er etterspurt , og KAV vil behandle søknaden om utsleppsløyve.  

Ta kontakt dersom dykk har spørsmål vedrørande søknad om løyve eller utfylling av skjema.

Krav til oljeutskiljar jamfør forureiningsforskrifta.

Krav i forskrift §15-7:

  • Ved utslepp av oljehaldig avløpsvatn skal oljeinnhaldet ikkje overstige 50 mg/l.
  • Oljehaldig avløpsvatn skal før utslepp passere sandfang eller liknande reinseinnretning dimensjonert for maksimal reell vassbelastning. Naudsynt sikkerheit mot akutt utslepp skal takast omsyn til.
  • Den fastsette grenseverdien nemnt i første ledd må overhaldast under normale driftsforhold. Verksemda skal ha dokumentasjon som syner korleis grenseverdiane er overhalde.
  • Det skal vera tilrettelagt for å ta representative prøver og utføre målingar av avløpsvatnet frå nye reinseinnretningar. Prøvene skal analyserast av laboratoria som er akkreditert for dei aktuelle analysane.

Søknad om løyve og dokumenttilsyn vil bli fakturert etter medgått tid. Gjeldande gebyrsats for kontoret er i år kr 750,- pr./t.

KAV vil fylgje opp din bedrift utifrå tilstanden på anlegget, og det vil bli gitt tidsfristar for å rette opp i eventuelle manglar utifrå kompleksitet og omfang.

For å få godkjente utsleppsløyve til oljeutskiljarar som er etablert i kommunane, samt å få oppgradert anlegg som tilfredsstiller krava i Forureiningsforskrifta §15-7 ,førehandsvarslar vi oppfylging av oljeutskiljarane framover.  

Førehandsvarsel:

Med bakgrunn i ovannemnte vil det no bli førehandsvarsla krav om og søke løyve etter kap. 15 i forureiningsforskrifta. Den som får eit vedtak retta mot seg skal jf. Forvaltningslova §16 førehandsvarslast. Dette er og sjå som eit førehandsvarsel om og søke om løyve for utslepp/påslepp av oljeholdig avløpsvatn for dei kommunale anlegga. Kommuna har heimel i kap. 15 i forureiningsforskrifta for å pålegge tiltak. Dersom du har merknadar til dette varselet skal dei vera mottatt av kommunen  seinast 3 veker etter at brevet er motteke. Med bakgrunn i eventuelle merknadar vil kommuna vurdere å gjera vedtak med pålegg om å søke om utsleppsløyve / pålegg om oppgradering av anlegget.

Det er ingen klagerett på dette varselet, klageretten kjem først når eit vedtak er fatta. Men eventuelle merknadar skal takast omsyn til når ein fattar vedtak.

Søknadsskjema - oljeutskiljar