Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

KAV Hallingdal

KAV Hallingdal - Kommunalt avløpstilsyn og vassforvaltning

 

 

Felleskontoret for spreidd avløp i Hallingdal - Kommunalt avløpstilsyn og vassforvaltning (KAV Hallingdal), er eit vertskommunesamarbeid mellom Flå, Nesbyen, Gol, Hemsedal og Ål, der Ål er vertskommune. Kontoret er plassert på Torpomoen, i andre etasje i det nye bygget.

Adresse: Torpomoen 27, 3579 TORPO.

Kommunane har ansvar for, og plikt til å fylgje opp alle løyver, samt føre tilsyn for å hindre forureining. Dette vart delegert til KAV Hallingdal frå kor enkelt kommune jf. signert vertskommuneavtale i 2019. Me skal føre tilsyn med eksisterande avløpsanlegg, me har ansvaret for sakshandsaming av utsleppsløyver etter Forureiningslova kap. 12, 13 og 15 samt søknad om etablering av avløpsanlegg etter Plan- og bygningslova for kommunane.

Noko av det viktigaste arbeidet i tida framover vil vera opprydding i spreidd avløp som kommunane fekk pålegg om frå Miljødirektoratet i 2019.  

Søknadar om utslepp og igangsettingsløyve skal sendast inn til den kommunen tiltaket er i. Søknadane vil bli overført til sakshandsamar ved vårt kontor som behandlar søknaden på vegne av kommunen. Søknaden vert arkivert i byggesaksarkivet på din eigedom i «heimkommunen».

Spørsmål om sakshandsaming kan rettast til din kommune, eller til sakshandsamar ved KAV Hallingdal. 

Private avløpsanlegg

Alle avløpsutslepp krev i utgangspunktet løyve jf. forureiningslova. Fritidsbustadar og bustadar utan innlagt vatn og utan utslepp av avløpsvatn frå toalettløysingar som utedo, biologisk toalett og forbrenningstoalett, treng ikkje løyve.

Utslepp som berre inneheld gråvatn, krevjar ein løyve dersom einingane har innlagt vatn. Definisjonen på innlagt vatn er ikkje absolutt, men har man feks. innvending røyr opplegg med sisterne. Kan dette reknast som innlagt vatn. Hovudregel er at dersom utsleppet er så lite at man bærer det fysisk inn, så er det ikkje og rekne som innlagt vatn. Om ein går fleire turar for fylle ein sisterne, så er det og rekne som innlagt vatn. 

Hovudpoenget er at ein skal skåne omgivnaden for uønska forureining. 

Bustadar og fritidsbustadar som ikkje har innlagt vatn og som ikkje slepp ut avløpsvatn frå vassklosett, treng vanlegvis ikkje løyve. Skulle gråvatnet likevel vera av ein slik karakter at det kan føre til nemneverdig skade eller ulempe, kan kommunen likeins krevja søknad om utsleppsløyve etter forureiningslova § 7, Plikt til unngå forureining. 

Dersom det vert søkt om utsleppsløyve for fleire bustadar i same område, bør ein vurdere behovet for å lage ein VA-plan for området. Då ein kan gjera det vanskeleg for andre i området, og sikre hygienisk trygt drikkevatn. 

Informasjon om regelverket for mindre avløpsanlegg finner ein i kap. 12 i forureiningsforskrifta

Private kap. 13 anlegg

For kap. 13 avløpsanlegg er det krav om å rapportere til kommunane innan 01.02 inneverande år. Her skal status for fjoråret og prøveresultat ligge ved. KAV har utarbeid ein felles årsrapporteringskjema som kan nyttast for dei som ikkje har eigne rutinar for årsrapport. 

Det er mange krav til eigarar av kap. 13 anlegg. Dersom ein er usikker på kva som gjeld for dykkar anlegg vil ein finne informasjon om dette anten i løyvet som er gjeve frå kommunane eller i forureiningsforskrifta kap. 13

Avløpsanlegg mellom 50-1000PE skal det takast 6 prøvar av årleg. 
Avløpsanlegg mellom 1000-2000PE skal det takast 12 prøvar av årleg.

Prøvane skal takast på representative tidspunkt utifrå når anlegga er belasta, dette gjeld spesielt for anlegg som er knytt til fritisbustad. Der det kan vera relativt stor variasjon i belastning. 

Årsrapport for kap. 13 anlegg

Forslag til utfylling

Kven må ha utsleppsløyve?

Alle bygningar med innlagt vatn, og som ikkje er knytt til kommunalt avløpsanlegg, skal ha utsleppsløyve.

Dette gjeld ikkje for anlegg som er frå 1972 eller tidlegare som vart etablert før søknadsplikten inntraff og som ikkje er rehabilitert eller vesentleg utvida seinare. Kommunen kan likevel stille krav om oppgradering av desse gamle anlegga. Då det no er vedteken ein strategi for opprydding i spreidd avløp, vil desse avløpsanlegga måtte rekne med utskifting innan kort tid. Avløpsanlegg som vart etablert før 1972 er lovleg, men ikkje godkjent. Bygningar utan innlagt vatn (sisterne mindre enn 25 liter) treng ikkje utsleppsløyve. Unntaket er om det blir etablert tett tank for svartvatn. 

Korleis søke?

Søknad om utslepp skal sendast til kommunen tiltaket er planlagt gjennomført i.

Du som eigar er ansvarleg for at det vert utarbeidd ein skriftleg, fullstendig søknad, som inneheld naudsynte opplysningar som vil vere av betyding for kommunen, jf. Forureiningsforskrifta § 12-4.

Som oftast vil det vere eit røyrleggarføretak, eit entreprenørfirma eller eit konsulentfirma som utarbeider og sender inn søknad til kommunen. Då prosjektering av avløpsanlegg krevjar ansvarleg føretak. 

Privatpersonar kan ikkje sjølv søkje om utsleppsløyve.

  • Du som er eigar og brukar av anlegget vil i søknaden ha funksjonen "tiltakshavar".
  • Søknaden om utsleppsløyve må fremjast av ein ansvarleg søkjar. Dette må vera ein fagperson som også skal vera bindeledd mellom deg og kommunen.
  • Ansvarleg søkjar må oppfylle krava som er sett i plan- og bygningslova og Byggesaksforskrifta.

For søknad om byggjeløyve gjeld krava i plan- og bygningslova om godkjenning av føretak og ansvarsrett.

Enkelte vedlegg til søknaden må utarbeidast av fagkunnige. Dette er fyrst og fremst:

  • dokumentasjon på at avløpsreinseanlegget vil klare dei krava til utslepp som søknaden legg opp til.
  • dokumentasjon på at eventuelle drikkevasskjelder ikkje vil bli påverka av utsleppet.

Viktige forskrifter i forhold til utslepp av avløpsvatn: 

Ansvarleg søkjar sender utsleppssøknaden med alle nødvendige vedlegg til kommunen. Hugs alle underskrifter! Kommunikasjon med kommunen frå dette punktet skal i utgangspunktet skje gjennom ansvarleg søkjar.

Om du ikkje får tilbakemelding frå oss i løpet av 3 veker, ta gjerne kontakt og sjekk opp om saken har kome inn til oss. Ta gjerne kontakt om noko er uklart eller om du har spørsmål.

Når må du søkje om løyve?

Når det er utslepp av sanitært avløpsvatn frå hytter, bustadhus og liknande, som ikkje kan koplast på offentleg avløpsnett.

Det må søkjast om utsleppsløyve:

  • før etablering av eit nytt utslepp av avløpsvatn - f.eks. ved bygging av ny bustad eller fritidsbustad, eller om du skal legge inn vatn i ein eksisterande fritidsbustad
  • før vesentleg auke av utslepp – ved større påbygg på hus/hytte eller f.eks. om du etablerer ny hybel med eige bad eller toalett i huset ditt
  • før det vert gjort utvendige endringar på det eksisterande anlegget - f. eks. ved pålegg om utbetring av eldre anlegg, pålegg om å bygge nytt, endre eksisterande anlegg med nye faktorar eller flytte punktet for utslepp

Du finn meir informasjon om søkeprosessen her:  https://www.miljodirektoratet.no/myndigheter/avlop/saksbehandling/soknad-til-kommunen/ 

Søknadsrettleiar for utsleppsløyve

Viktig informasjon til søkjar

Her ligg det informasjon for deg som skal søkje. 

Søknadskjema for utsleppsløyve

Her finn du søknadsskjema på nynorsk og bokmål for utsleppsløyve, og lenke til side med vedlegg som kan brukast i søknadsprosessen.  

Søknadsskjema, utslepp av avløpsvatn, nynorsk.docx

Søknadsskjema, utslipp av avløpsvann, bokmål.docx

Søknadsskjema, utslepp-/påslepp av oljehaldig avløpsvatn, Nynorsk.docx

Søknadsskjema, utslipp-/påslepp av oljeholdig avløpsvann, bokmål.docx

https://dibk.no/soknad-og-skjema/soknadsskjemaer-for-byggesak/  

Om oss

Me har 5 tilsette ved kontoret som jobbar hovudsakeleg med opprydding i spreidd avløp, samt gjer løyve til nye avløpsanlegg der det ligg til rette for kunne godkjenna utslepp. Dette innanfor kap. 12, 13 og 15 i forureiningsforskrifta, samt i hald med forureiningslova for avløpsanlegg før 2007.

Kommunane fekk pålegg frå Miljødirektoratet i 2019, om og rydde opp i spreidd avløp. Dette som eit av tiltaka for og nå måla sett i Vassforskrifta.

Tilsynsplan som er politisk forankra, fortel meir om kva arbeidet med opprydding i spreidd avløp vil si, og kva for strategi me har for nå målet. I pålegget som vart gjeve til kommunane, skal alle avløpsanlegg tilfredstille krav sett i forskrift innan 2027, og seinast 2033. Me har over 6000 avløpsanlegg, der mykje er etablert før forskrifta kom i 2007. Arbeidsmengda er stor i dei kommande åra.

Me har kontor på Torpomoen, og jobbar på vegne av kommunane som er ein del av felleskontoret. 

Følg lenka under for kontaktinfo.

Tilsette ved kontoret 

Tilsyn med avløpsanlegg 

Artikkel om tilsynsarbeidet

Tilsynsplan

Handlingsplan til tilsynsplan 2023-2024

Handlingsplan til tilsynsplan 2023-2024 - oppsummering 

Handlingsplan 2024-2025

Tilsynsgebyret

Kommunestyret har vedteke å legga om gebyret for tilsyn på private avløpsanlegg. Tidlegare er det fakturert for enkelttilsyn i etterkant av tilsynet, men frå 2020 er det innført årleg gebyr. Det betyr at alle som har innlagt vatn og har privat septiktank eller avløpsreinseanlegg som tener mindre enn 2000 personekvivalenter (PE), skal betale årleg tilsynsgebyr.

Beløpet for tilsynsgebyret for anlegg mindre enn 50PE er kr 350,- og vil bli fakturert inneværande år.

For anlegg over 50PE, sjå lenke for gebyrsatsar. Her er det ein trinnvis opptrapping jf. storleik på anlegg. 

Dette gebyret er med på å finansiere kontoret sitt arbeid med opprydding i spreidd avløp, samt tilsyn og kartlegging av avløpsanlegga som er godkjent i vårt område. 

Årsrapportar

Kvart år blir det skreve ein årsrapport, som sendast til kommunane som er ein del av vertskommunesamarbeidet innan 01.03, påfølgjande år. Når denne er sendt til kvar enkelt kommune, vil den bli publisert på KAV si heimeside. Du finn lenke til dei publiserte årsrapportane under:

2020

2021

2022

2023

Slamtømming

Kommunane i Hallingdal har inngått avtale med Telemark Godslinjer. Dersom det er behov for ekstra/nød tømming ta kontakt med Telemark Godslinjer v/Reidar Nordbø på tlf. 95 98 49 00 / 95 98 49 08

For generelle spørsmål rundt slamtømming, ta kontakt med Glen Arvid Valstad på tlf. 47 82 53 48

Meir info

Gebyrsatsar

Ofte stilte spørsmål