Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kontorplass

Kontorplass

Kontorplass/kontorfellesskap – vi kan tilby:

• Kulturhuset
• Meieriet
• Sundretunet
• Torget 3
• Torpomoen

Næringsutviklaren har «utedag» kvar onsdag på ovanemnte plassar (rullering).
Ta kontakt med næringsutviklar Staffan Landsmann-Wiwe, tlf 483 54 893 om du lurer på kva for stad du skal velge for bedrifta eller til ein prat om næringsutvikling i kommuna di.

Forskning og utvikling

Torpomoen er ein sentral kurs- og treningsarena for blant anna politi, ambulanse, brann og luftambulanse både lokalt og regionalt. I 2012 vart det satt opp eit kontorbygg på Torpomoen der ein finn fleire bedrifter innan fagfelta helse, miljø, sikkerheit og beredskap. I andre etasje i dette bygget leiger Ål kommune ein eigen fløy der det er etablert eit eige kontrofellesskap. I utgangspunktet har dette eit Helse- og Omsorgsfokus, men det er eit mål at både bedrifter, akademia og offentlege i alle bransjar med HMSb-fokus, etablerar seg på Torpomoen.

Prosjektet med kontorfellesskapet er regionalt, og det er ei målsetting at miljøet på Torpomoen har eit klart Hallingdalspreg. Sjølv om basis i starten blir forsking og utvikling knytt til helse, er intensjonen at hagen skal utviklast til å femne om fleire fagfelt.

Kontaktperson, næringsutviklar Staffan Landsmann-Wiwe,
tlf: 483 54 893