Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Bulystbloggen

Nysgjerrig på kva som skjer innan «bu- og blilyst» i Ål? Vurderer du å flytte hit, eller har du nyleg busatt deg her? Kanskje har du flytta vekk frå Hallingdal, men likar å halde deg orientert om det som skjer i heimbygda?

Tømrarar i Hendug AS

Snikkarboden - over og ut?

Bygg- og anleggsbransjen har lenge vore ein av dei største bransjane i Ål kommune, og har tradisjonelt sysselsatt mange lokale ålingar og tilflyttarar.

I Hallingdølen 6. mars kom ei av ålingsbedriftene i bransjen, Hendug AS, med eit rekrutteringsvarsku. Dei og andre entreprenørar i Hallingdal peiker på at det er ei utfordring å behalde lærlingar og unge tilsette.

Trenden dei siste åra har nemleg vore at etter endt læretid reiser dei unge ut av dalen for å ta høgare utdanning. Då vender dei sjeldan attende. Årsaka til utfordringa er samansett: Dels har karakterkravet for å kome inn på byggfag auka og gjort kandidatane meir «skulevillige» enn før, og dels har utdanningssystemet opna for at fleire kan ta høgare utdanning utan å ha studiespesialisering i botn. Dels har nok også det å ta utdanning ut over vidaregåande skule vorte normalisert og blir i dag sett på som noko «alle» skal.

Byggfag på Ål VGS

Kortreist utdanning

Saka frå Hallingdølen, som også NRK Buskerud plukka opp, er interessant ut frå eit «bu- og blilyst»-perspektiv av fleire grunnar: For det første synleggjer den mangelen på tilbod innan høgare utdanning i Hallingdal og kva det fører til.

Når ein må ut av dalen for å få utdanninga ein ynskjer, er det lett at ein også etablerer seg «ute». Det er difor svært positivt at Fagskolen i Viken har etablert seg på Geilo, og at dei frå hausten 2023 gjer studietilbodet gratis. Viss alt går etter planen vil også Universitetet i Sør-Aust Noreg etablere seg på Gol om få år. Det kan vere starten på Gol som ein «studieby» med alt det inneber av tilbod og utvikling og påfyll av unge impulsar.

Godt liv «på golvet»

På den andre sida vil ikkje kortreiste, høgare utdanningar løyse heile floka til byggebransjen. Det er, som dei sjølv seier, «begrensa kor mange i administrasjonen ei byggebedrift kan tilsette». Verdiane blir skapt av dei som kan faget og jobbar ute på golvet.

Saka handlar difor like mykje om oppvekst og skule, og kva verdiar og kompetanse ein skal vektlegge i skulene i Ål framover. Kanskje er det i takt med at utdanningstilboda aukar i Hallingdal, viktig å i endå større grad også trekke fram verdien av å ha eit praktisk yrke og kvifor det er positivt å «kun» ta fagbrev?

Burde Ål marknadsføre seg som plassen det er godt å bu og leve - også for dei som ikkje har ambisjonar eller ynskje om å sitte mange år på skulebenken?

Som Morten Gjeldokk i Hendug AS seier: Her må bransjen tenke nytt for å gjere seg relevante, slik at dei får fram godene ved å jobbe praktisk og satse på yrkesvegen. At læring kan vere så mykje meir enn å gå på skule er også noko forfattar Siri Helle, som i januar vitja Ål og «Bulyst i biblioteket», har tatt til orde for. I boka "Med berre nevane" (Samlaget, 2020) skriv ho om korleis vi må gje større verdi til praktisk kunnskap i samfunnet. 

Samfunnsfloke

Saka belyser med andre ord mange av samfunnsflokene som «bu- og bliyst» kretsar kring. Det handlar om å finne ein balanse mellom utvikling av rett kompetanse og og i passe mengder, i ein region som vår.

Det positive er at det også viser korleis «bu- og blilyst» til sjuande og sist handlar om ein ting: Samarbeid. Det er når næringsliv, kommune og utdanningsinstistusjonar byrjar å prate om felles utfordringar og ser etter kor ein kan samarbeide, at ein kan få ballar til å rulle eller hender til å snekre.

Me heiar i alle fall på bransjen som no set fråflytting på agendaen, og drøfter gjerne idear til tiltak!  

Bulystbloggen, 13.03.2023.

 

Bulystbloggen

I «Bulystbloggen» fortel me historiene om bu- og blilystarbeidet som foregår i regi av kommune, næringsliv og i lag og foreiningar i Ål. Her kan du lese om arbeidsplassar, bustadprosjekt, møteplassar, saker frå barnehage og skule og mykje anna.

Me skriv om folk og arrangement, idear og prosjekt, og tek gjerne imot tips om saker på epost til anne.nordheim@aal.kommune.no