Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kommuneplanen

Kommuneplanen består av tekstdelen, arealdelen og økonomiplanen. Tilsaman er dette det viktigaste styringsverktøyet vedteke av kommunestyret.

Kommunal planstrategi

Kommunal planstrategi 2024 - 2027 (PDF)

Kommuneplanens tekstdel

Gjeld for 2015-2027 og omfattar mål for utviklinga i Ål og retningsliner for kommunal tenesteproduksjon.

Kommuneplanens tekstdel (PDF)

Overordna arealføringar for kommunens arealbruk:
Kommunestyret vedtok i sak 7/21 den 18.02.2021 overordna arealføringar for kommunens arealbruk. Dei overordna arealføringane vil vere eit tillegg til til kommuneplanens tekstdel (samfunnsdelen)og vere førande for arbeidet med revisjon av arealdelen av kommuneplanen. Dei overordna arealføringane vart revidert av Kommunestyret den 20. juni 2024 i sak 53/24.

Overordna arealføringar for kommunens arealbruk - Rev. i tråd med vedtak 20.06.2024 (PDF)

Kommuneplanens arealdel 2023 - 2035

Kommuneplanens arealdel for bustad og næring, planID 2020002, har vore revidert og vart vedteke av kommunestyret 16.10.2025 i sak 83/2025.

Arealdelen av kommuneplanen inneheld kart og føresegner for arealbruken.
I tillegg fins kommunedelplanar for ulike tema og arealplanar som syner forvaltinga av areal og andre naturressursar, sjå lista under andre planar og i planarkivet.

Ein gong i kvar kommunestyreperiode skal politikarane i Ål vurdere om kommuneplanen, arealdelen eller nokre av kommunedelplanane skal endrast. Det er då dei vedtek planstrategien som viser kva planar kommunestyret ynskjer å revidere når.

Revidering av arealdelen av kommuneplanen 2023-2035 - Fritidsbustader

Områdeanalysar

Folkemøte

Kommuneplanens arealdel for fritidsbustader - Status pr. 15.06.26 

I samband med revidering av kommuneplanens arealdel for fritidsbustader, finsilte kommuneplanutvalet (KPU) alle innspela som har gått vidare frå grovsilingane i sak 16/2026 i møte 15.06.2026.
Under finn du konsekvensutgreiingane gjort av kvart einskild område med Rådmannens tilråding, samt saksprotokoll med vedtaket frå KPU. 

Konsekvensutgreiing med politisk handsaming - KPA Fritidsbustader 2023-2035.pdf

Saksprotokoll 15.06.2026 Finsiling av innspel - Kommuneplanens arealdel for fritidsbustader planID 2020002.pdf

Grovsiling

Grovsiling

Innspel

Opning for nye innspel - ny innspelsfrist 1. mars 2025
I og med at kommuneplanutvalet og kommunestyret si presisering for grovsilinga (sjå under), fyrst vart vedteke i april og juni i fjor (etter at mange allereie hadde sendt inn sine innspel), er det gitt ein ny frist. Denne fristen gjeld for dei som har fått avvist sine innspel og som ynskjer å endre dei slik at dei kan oppfylle dei nye kriteria. Det må leverast kartutsnitt med kort omtale.

Innspel kan sendast på e-post til postmottak@aal.kommune.no eller som brev til Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål.

Denne malen vart brukt for innspelsrunden som hadde frist mars 2024:

Mal for innspel (PDF)

 

Spørsmål?

Spørsmål knytt til prosessen med revidering av arealdelen av kommuneplanen kan rettast til Siri Rueslåtten Nedremyr, tlf: 32 08 50 00 eller e-post Siri.Rueslatten.Nedremyr@aal.kommune.no

Kommunedelplan for Sundre

Tettstaden har ein eigen arealplan. Komunedelplanen for Sundre er vedteke 21.09.2017. Planen omfattar arealet mellom Granhagen i vest og Sando i aust. I tillegg ligg Øvre-Ål og Vestlia innanfor planområdet. Planen inneheld plankart og føresegner. Plankartet er i pdf versjonen delt i fleire kartblad. Dette fordi omsynssoner gjer kartet vanskeleg å lese. Planen er vedteke med alle omsynssonene som ligg i dei ulike kartblada. Planen kan også sjåast på kommunekart på pc og nettbrett.

Plankartet for kommunedelplan for Sundreområdet har en teknisk feil, da enkelte private vegar ikkje er med på kartet. I tillegg er det ein strek for mykje i sone omsynssone friluftsliv ved Ulshagen.
Planen som ligg i selve kartprogrammet er riktig.
Ål kommune ber om orsak for dette.  

Kommunekart

Plankart Kommunedelplan for Sundreområdet

Vedteke plankart Kommunedelplan for Sundreområde (PDF)

Kommunedelplan for Sundreområdet inkl omsynssone jord og flaumskred godkjent 21.09.2017 (PDF)

Kommunedelplan for Sundreområdet inkl omsynssone reg.planar som framleis skal gjelde godkjent 21.09.2017 (PDF)

Kommunedelplan for Sundreområdet inkl omsynssone snøskred godkjent 21.09.2017 (PDF)

Kommunedelplan for Sundreområdet inkl omsynssone steinsprang godkjent 21.09.2017 (PDF)

Kommunedelplan for Sundreområdet inkl omsynssone fareområde støy godkjent 21.09.2017 (PDF)

Sundreområdet inkl omsynssone steinsprang godkjent 21.09.2017 (PDF)

Kommunedelplan for Sundreområdet inkl fareområde Flaum godkjent 21.09.2017 (PDF)

Føresegner

Vedteke føresegner kommunedelplan for Sundreområdet (PDF)

Kommunedelplan for Primhovda

Kommunedelplan for Primhovda kartet (PDF)

Planføresegnene (PDF)