Kultur- og idrettskonsulent
Kristine Jacobsen Kapperud
Kontorstad: Tingstugu
E-post: kristine.jacobsen.kapperud@aal.kommune.no
NB! Kristine har permisjon f.o.m. 18. juni 2021. Vikar fram til juni 2022 er Anne Nordheim O'Hare.
Temaplan for idrett
Planen er eit styringsdokument for politikarar og administrasjonen i kommunen, og eit verktøy for idretts- og friluftsorganisasjonar og engasjerte innbyggjarar.
Temaplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2021-2025 finn du her
Spelemidlar til anlegg for idrett
Her finn du informasjon om spelemidlar til anlegg for idrett
Stipend til ungdom
Bading vinteren 2022
Familiebading på Nedre-Ål
Fredagar 17.30-20.00 er det offentleg bading på Nedre-Ål, alle velkomne!
Ved familiebading gjeld retningslinjer for smittevern, som handhygiene, 1 meter avstand og maks 20 personar. Alle som deltek på familiebading må registrere seg for smittesporing.
Badinga foregår frå veke 4 til og med veke 14 (oppstart i veke 3, 21. januar, på Nedre-Ål)
Prisar: Born 30 kr, vaksne 50 kr. Betaling med VIPPS.
Born under 10 år må alltid ha med seg ein vaksen.
Informasjon om bading i Leveld og på Torpo kjem etterkvart.
Ål idrettshall
Leige av Ål idrettshall for faste treningar.
Søknad skal sendast til postmottak@aal.kommune.no eller til Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål
Søknadsfrist 30. mai kvart år
Betalingssatsar for Ål Idrettshall finn du her
Fritid Hallingdal
På www.fritidhallingdal.no kan alle lag og organisasjonar legge inn sine fritidsaktiviteter, så det blir enklare for alle å sjå kva ein kan vere med på. Me håpar alle lag og organisasjonar vil bidra til oppdatert informasjon om aktivitetar dei tilbyr og hjelpe til med å spreie nettsida.