Kulturpris
Prisen er eit trykk av Trond Andersson og 10.000,- kroner.
Alle som ynskjer det kan koma med grunngjevne framlegg til kandidatar.
Sektorutval for kultur og oppvekst kan også sjølv koma med framlegg til kandidatar.
Søknadsfrist: 15. november kvart år.
- Søknadsskjema: ingen
- Alle framlegg skal sendast til postmottak@aal.kommune.no
Sektorutval for kultur og oppvekst vurderer søknadene og avgjer tildelinga.
I 2020 var det "Durspeltradisjonen i Ål" som fekk den gjeve prisen.
Kulturprisvinnarar fram til 2020
Kulturtilskot
Det finst ulike tilskotsordningar under kultur:
- Lag for og med born og unge
- Musikk
- Grendehus
- Idrett
Søknadsfristen for tilskot til drift er 15. desember kvart år. Søk gjennom skjemaet under.
Prosjekt og einskildarrangement kan også nytte same søknadsskjema gjennom heile året. Søk seinast to veker før prosjektet tek til eller arrangementet skal haldast.
Viss du er usikker på kva tilskotsordning du skal søke på, kan du kontakte Servicetorget.
Søknadsskjema for kulturtilskot
Retningsliner for kulturtilskot
Før du søker, ber vi deg om å lese retningsliner for kulturtilskot.
Både einskildpersonar, grupper, lag og organisasjonar kan søke kulturtilskot frå Ål kommune. Det er politiske føringar på tildelingane.
Retningsliner for tilskot finn du her
Merknad for 2021/2022:
Administrasjonen i Ål kommune arbeider med ei revidering av retningslinene for tildeling av kulturtilskot til grendehus. Det er derfor ope for alle grendehus å søke om kulturtilskot.
Arrangementstilskot
Organisasjonar, institusjonar og personar i Ål kommune kan få tilskot til å utvikle og realisere kultur- og idrettsarrangement. Søknadsfristen er 15. desember kvart år.
Retningsliner for tilskot frå Arrangementsfondet
- Arrangementsfondet gjev tilskot til lokale arrangement som har stor marknadsføringsverdi for Ål.
- Det kan og løyvast tilskot til eksterne arrangørar som ynskjer å ha eit arrangement i Ål.
- Tilskot kan løyvast til alle typar utgifter i samband med arrangementet.
Det blir ikkje gjeve tilskot til lands- og fylkesorganisasjonar.
Arrangement som primært har som oppgåve å ta vare på medlemene sine yrkes- og eller økonomiske interesser og organisasjonar som ikkje er opne for alle, kan ikkje rekne med å få tilskot.
Reine kommersielle tiltak har ikkje rett på tilskot.
Søknader om tilskot til arrangement vert saksbehandla av kultursjef og næringsrådgjevar. Næringsstyret vedtek løyving på første møte i året.
Søknadsskjema for arrangementstilskot
Integreringstilskot
Som eit ledd i arbeidet med å integrere flyktningar i lokalsamfunnet Ål ynskjer kommunen å yte tilskot til dei frivillige lag og organisasjonar som har eit særskild fokus på slike aktivitetar.
Søknad om tilskot kan gjelde både fast og einskilde arrangement og kan sendast gjennom heile året.
Søknadsskjema for integreringstilskot
Stipend til ungdom
Ål kommune har vedteke ät det årleg skal delast ut eitt kulturstipend og eitt idrettsstipend til ungdom.
Stipenda er på 10 000 kroner kvar. Målet er å premiere ungdom som lukkast med prestasjonar i sine aktivitetar og slik representerar lokalsamfunnet Ål på ein framifrå måte.
Stipendet skal gje ungdomane inspirasjon og høve til å vidareutvikle seg innan sitt felt.
Kriteria for tildeling av stipend:
1. Stipendet skal gå til einskildpersonar eller/og grupper av personar som har bustadadresse i Ål
2. Aldersgruppe: 15-24 år
3. Den einskilde ungdom kan sjølv søkje om stipend og andre kan sende inn framlegg til kandidatar
4. Det skal leverast ei grunngjeving med søknaden/framlegget
Dei ulike kandidatane kan drøftast med relevante fagmiljø (Ål idrettsråd, Ål musikkråd, utøvande/ fagpersonar innan aktuelle felt).
Søknadsfrist: 15. november kvart år.
· Søknadsskjema: ingen
· Alle framlegg skal sendast til postmottak@aal.kommune.no
Stipend for ungdom - vinnarar fram til og med 2020
Sektorutval for kultur og oppvekst vurderer søknadene og avgjer tildelinga.
Prisen vert delt ut i Kommunestyret i desember.
Dugnadspott Ål Musikkråd
Tilskotsordningar for kultur og idrett
Her har me laga ein oversikt over tilskotsordningar for kultur og idrett. Lista vert oppdatert når det kjem nye ordningar eller fristar.
NB: Sjekk alltid søknadsfristane på tilskotsordninga si nettside.
Tilskotsordningar - oppdatert 02.02.21