Hallingdal barnevern
Hallingdal barnevernteneste - Telefon: 32 08 53 10
Hallingdal barnevernvakt - Telefon: 457 38 963
Drift i samband med situasjonen rundt koronavirus
Interkommunalt samarbeid mellom kommunane i Hol, Ål, Gol, Hemsedal, Nesbyen og Flå. Ål kommune er vertskommune.
Hallingdal barnevernteneste har hovudkontor i Familiens hus på Ål.
I tillegg har vi lokalkontor i kvar kommune der ein kan treffast etter avtale med sakshandsamar.
Telefon og postadresse som er felles for heile tenesta:
Telefon: 32 08 53 10.
Postadresse: Postboks 9, 3571 Ål
Hallingdal barnevernteneste sitt hovudkontor: Sundrevegen 95-97, 3570 Ål.
Les meir om Hallingdal barnevernteneste
PPT
Pedagogisk psykologisk teneste for Ål og Hol (PPT) er ei interkommunal teneste for kommunane Ål og Hol.
Telefon: 32 08 52 80
Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei pedagogisk psykologisk teneste. Tenesta har heimel i Opplæringslova.
Tenesta har ansvar for barn og unge som ikkje har tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet i. I tillegg har tenesta ansvar for vaksne med rett til grunnskoleopplæring.
Tenesta skal hjelpa skulen og barnehagen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggja opplæringa betre til rette for eleven/barnet med særlege behov. Den pedagogisk psykologiske tenesta skal sørgja for at det vert utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det.
Kva arbeider PPT med?
- Funksjonshemmingar av ulike slag
- Fagvanskar (t.d. lese-/skrivevanskar, matematikkvanskar)
- Språk- og talevanskar
- Åtferdsvanskar
- Sosiale- og emosjonelle vanskar
- Systemarbeid i skuleklassar/barnehageavdelingar
Kontakt med PPT
Foreldre kan sjølve ta kontakt med PPT for oppmelding. Når andre, til dømes skule eller barnehage, ynskjer at barnet skal meldast til PPT-kontoret, må alltid foreldra vera samde i dette, og skriva under tilmeldingskjemaet.
Klassar og barnehageavdelingar kan og meldast til PPT.
Meldingsskjema kan du få i barnehagar og skular eller ved å ta kontakt direkte med PPT-kontoret. Det er ingen søknadsfrist. Meldingane vert handsama etter kvart som dei vert motteke.
Tilsette ved PPT-kontoret har teieplikt og alle tenester er gratis.
Helsestasjon
Meir info kjem snart
Familiens hus
Etablering av Familiens hus er under arbeid, både plassering og samhandling mellom hjelpetenestane Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Helsestasjon, Psykisk helse og eventuell Ergo- og fysioterapi. Familiens hus skal jobbe for ein betre tverrfaglig innsats slik at kvart enkelt barn og familie fer ein raskare og profesjonell samhandling mellom hjelpetenesta.
Rapporten om Familiens hus ligg i sakspapira for kommunestyremøte 18.11. Sak 2021/3839.
Kommunestyret har 18.11.2021 vedtatt at det i Ål kommune opprettes et Familiens hus vor tenester frå Pedagogisk-psykologisk tenaste (PPT), Helsestasjon, Avdeling Psykisk helse og eventuell Ergo- og fysioterapi samordnast og etter hvert samlokaliserast. I Familiens hus vil familier møte helhetlige og familiestøttande tenester i ett og samme hus. Målet er at brukarne opplevar at tenestene henger saman og ser heile mennesket, og det skal være låg terskel inn til tenestene. Det blir et fokus på et tett tverrfaglig samarbeid både intern i avdelinga og ekstern med aktørar som f.eks. Barnevernet, barnehagar og skuler, BUP, Flyktningeteneste, Koordinerande eining, Miljøterapiteneste og Familievernkontoret.
Sjå heile rapporten her: Prosjektrapport Familiens Hus Adm. anbefalinger[22565].pdf