Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Koordinerande eining

Har du behov for fleire helse- og omsorgstenester over lengre tid? Då har du rett til å få utarbeidd ein individuell plan (IP).

Kva er ein individuell plan (IP)?

Ein Indivuduell plan (IP) skal sikre koordinerte og målretta tenester og tiltak.

  • IP er ein overordna plan over alle andre planar. Den handlar om deg og det som er viktig for ditt liv.
  • Det er eit planleggingsdokument som skal hjelpe deg med å sette personlege mål.
  • Planen skal gi oversikt over kva du sjølv er ansvarleg for og kva det offentlege hjelpeapparatet er ansvarleg for.
  • Planen skal seie noko om korleis du kan oppnå desse måla.
  • Du/dine pårørande deltar aktivt i å utarbeide planen.
  • Det er du som samtykkjer til kva for fagpersonar som skal delta inn i planarbeidet.
  • Det blir berre utarbeidd ein individuell plan dersom du sjølv ynskjer det.

Retten til individuell plan finn du i pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5

På Helsedirektoratets nettsider finn du meir informasjon om individuell plan og koordinator.

Treng du ein koordinator for tenestene dine?

Du kan få utnemnt ein koordinator dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester. Koordinatoren skal sikre at du får nødvendig oppfølging, den skal samordne tenestene, samt arrangere koordineringsmøter. Koordinatoren skal også sikre framdrift i arbeidet med ein individuell plan dersom du ynskjer ein slik plan. Koordinatoren er ein tilsett ute i tenesta i kommunen.

Barnekoordinator

For familiar som har eller ventar born med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige (over ein viss tid) og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester, skal kommunen oppnemne ein barnekoordinator dersom familien eller den som samtykkjer på vegne av bornet ynskjer dette. Det må difor vere behov for både helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester for å oppfylle retten til barnekoordinator.

Slik får du ein individuell plan eller koordinator/barnekoordinator

Du må kontakte koordinerande eining i kommunen dersom du vil søkje om hjelp til å få utarbeidd ein individuell plan og/eller nytte deg av tilbodet om koordinator.  

Koordinerande eining skal ha overordna ansvar for arbeidet med individuell plan (IP), og for oppnemning, opplæring og rettleiing av personlege koordinatorar /barnekoordinatorar.     

Formålet med individuell plan og koordinator, jfr. forskrift om individuell plan ved ytelse av velferdstjenester

Kontakt

Koordinerande eining har kontor i avdeling Meistring og kan treffast i hovudsak på torsdagar og fredagar frå kl. 09:00 til kl. 15:00.

Leiar i koordinerande eining:
Live Magnetun

Tlf kontor: 3208 5261

Kontaktpersonar i koordinerande eining:
Birgitte Skare
Tlf kontor: 3208 5264
Mob: 481 54 553
E-post: birgitte.skare@aal.kommune.no

Maria Rusås Helling
Tlf kontor: 3208 5264
Mob: 481 54 553
E-post: maria.helling@aal.kommune.no

 

Melding til koordinerande eining