Oppvekstkontor
Ved oppvekstkontoret arbeider fleire med ulike funksjonar. Kommunalsjef for oppvekst er sektorleiar og har ansvar for alle avdelingane i oppvekst.
Rådgjevarane på oppvekstkontoret samordnar drift i sektoren innan personal, økonomi og oppfølging av felles system og planverk. I tillegg arbeider rådgjevarane med å legge til rette for og koordinere felles utviklingsarbeid i sektoren. Ein av rådgjevarane har også rolla som barnehagemyndigheit. Oppvekstkontoret har også ein sekretær som i tillegg til å m.a. samordne skyss og fakturere, og har også ein sekretærfunksjon for dei tre minste barneskulane.
Oppvekstkontoret held til på Tingstugu.
Planar, prosjekt og rapportar
Rapport: Tilpasset opplæring og spesialundervisning
Tilstandsrapport for oppvekstsektoren 2020
Likestillingsplan for barnehagane
Plan mot utestenging og mobbing
Plan mot utestenging og mobbing - rutine
Betre læring 2022 - 2025
Betre læring er overordna plan for oppvekstsektoren i Ål kommune. Planen har denne
visjonen: «Alle som veks opp i Ål skal bli flygedyktige og rotfaste.»
Planen har eit overordna mål: «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar enkelt kraft til å meistre eigne liv». Me vil at alle skal få raskt hjelp ved behov, både fagleg og sosialt, og med tilpassing og eigeninnsats skal alle ha utbytterik læring.
Betre læring - handlingsplan 2020 - 2021
Betre læring - strategidokument 2022 - 2025
Samarbeid med hjelpeinstansar
Tverrfagleg team er eit førebyggande initiativ som skal gripe inn raskt og ha ein rådgjevande og rettleiande funksjon. Føremålet med tverrfagleg team er tidleg innsats i høve barn/unge og familiane deira, og byggjer på ideen om at me saman får til nødvendig endring og utvikling.
Tverrfagleg team er sett saman av kontaktpersonar frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barneverntenesta, helsestasjonen og psykisk helse. PPT, helsestasjonen og psykisk helse møter fast i tverrfaglege møter saman med representantar frå den einskilde barnehage og skule. Representanten frå barneverntenesta deltek ved innkalling. Andre instansar kan inviterast etter behov.
Tverrfagleg møte skal vere eit lågterskeltilbod til barnehage, skule og føresette. Målet med møta er å gje fagleg støtte så tidleg som mogleg. Med fleire instansar til stades kan ein hjelpe raskare og gjere arbeidet meir effektivt.
Føresette som ynskjer hjelp i tverrfagleg møte, kan ta kontakt med eigen barnehage eller skule. Dersom tilsette ynskjer å drøfte enkeltbarn, skal føresette få høve til å vere med på møtet eller gje samtykke til ope drøfting. Eit anna alternativ er anonym drøfting.
Informasjonshefte om hjelpeinstansar
Overgang barnehage-skule
Ål kommune har utarbeidd eigen overgangsplan mellom barnehage og skule.
Overgangsplanen skal sikre samanheng i læringsløpet til barn. Barna og deira føresette skal føle seg trygg på at alle blir møtt av ein barnehage og skule som kjenner dei og legg til rette for ein god start.
Overgangsplanen skal sikre:
- Gode rutinar, lik praksis og systematisk samarbeid mellom einingane.
- Ein meiningsfull samanheng i læringsløpet.
- Tidleg innsats for barn med særskilte behov.
- Ein trygg skulestart for barn som byrjar i 1.klasse og for dei føresette.
Det er utarbeidd eit eige informasjonshefte om overgangen barnehage-skule.
Du finn informasjonsheftet her
Skuleruta
Sektorutval for kultur og oppvekst vedtek kvar haust skuleruta for komande skuleår. Skuleruta gjev oversikt over skuledagar, ferie- og fridagar i grunnskulen.
I Ål kommune startar barnehageåret samtidig med skuleåret.
Legat
ADA scholarship Foundation har som føremål å oppmode studentar frå Ål til å gjennomføre eit akademisk studium over eitt år i USA. Stipendet er på 10.000 US Dollar og vert delt ut ein gong årleg til ein søkjar.
Søkjar må fylle følgjande føresetnader:
- Vore busett i Ål kommune minst 10 år.
- Ha minst 3 år studie ved høgskule eller universitet bak seg, men ikkje i USA.
- Ikkje ha fylt meir enn 30 år i søknadsåret.
Søknadsfrist vert kunngjort på heimesida til kommunen i desember kvart år. Søknaden skal sendast Ål kommune, oppvekstkontoret, 3570 Ål, og skal innehalde godkjent stadfesting av:
- Fødselsnr.
- Bustad ved fødsel til d.d.
- Oversyn over all utdanning fram til d.d., samt plan for eitt-årig studium ved universitet eller høgskule i USA, evt med stadfesting av opptak.
Nærare opplysningar og fullstendige statuttar for stipend kan ein få på Servicetorget, Tingstugu.
Tildeling skjer i januar kvart år.
Ål skulelegat og Ragnhild Hagens legatÅl skulelegat og Ragnhild Hagens legat kan dele ut midlar til søkjarar i vidaregåande utdanning som studerer og bur utanom Ål. Eiga likning for siste år må følgje søknaden, saman med oversyn over studiestad, studieemne/fag, normert studietid, når studiet er starta, studielån og andre stipendmottak i samband med gjeldande utdanning.
For tildeling av stipendmidlar gjeld følgjande overordna retningsliner:
- Føremålet med legata er primært å gje tilskot til reise- og opphaldsutgifter for ungdomar som tek vidaregåande utdanning innan fagområder som det ikkje vert gjeve tilbod om ved vidaregåande skular i Hallingdal.
- Dersom det ikkje er søkjarar inna denne kategorien, kan stipenda delast ut til studentar på høgskule og universitetsnivå.
- Søkjarar må ha fast bustadadresse i Ål.
Søknadsfrist vert kunngjort på heimesida til kommunen i desember kvart år. Søknaden skal sendast Ål kommune, oppvekstkontoret, 3570 Ål,
Nærare opplysningar og fullstendige statuttar for stipend kan ein få på Servicetorget, Tingstugu.
Tildeling skjer i januar kvart år.
Trygg oppvekst
Trygg oppvekst er eit interkommunalt prosjekt i Hallingdal, der ein ynskjer å laga ein heilskapleg, tverrsektoriell modell for arbeid med utsatte barn. Prosjektet har starta med pilotar i Hemsedal og Ål kommune våren 2018. Helse- og omsorgsleiarane i Hallingdal fungerar som styringsgruppe for prosjektet. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har gitt tilskot til prosjektet.
Betre tverrfagleg innsats (BTI)
Ål kommune er i gang med implementering av BTI-modellen

BTI-modellen er ein samhandlingsmodell for tilsette i sektoren og skisserer ei handlingskjede frå første undring oppstår.
Foreldrenettverk
Målet er å styrke og trygge samarbeidet mellom føresette til beste for barn og unge. Nettverket skal vere ein møteplass der ein kan få ny kompetanse og dele erfaringar om daglegdagse og felles utfordringar knytt til aldersgruppa og rolla som føresett.
Foreldrerådets arbeidsutval (FAU) og foreldrekontaktar skal ha ei aktiv rolle i samarbeid med leiinga når det gjeld planlegging og gjennomføring av fastlagte nettverksmøte. Foreldrerepresentantane skal ha ansvaret for vidareføring av nettverksarbeidet gjennom året.
Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)
Vil du vere med og påverke?
Alle føresette som har barn i skulen, er medlem av skulen sitt foreldreråd. Foreldrerådet vel eit foreldrearbeidsutval (FAU), og FAU fungerer som eit styre for foreldrerådet.
FAU skal sikre reell medverknad frå føresette og ha medansvar for at læringsmiljøet er trygt og godt for elevane.
FAU skal representere alle føresette ved skulen og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er godt.
Døme på oppgåver og saker for FAU: drøfte saker som skal tas opp i politiske utval i kommunen, samarbeidsutval, elevråd og foreldremøte.
I tillegg medverke til vurdering av skulen, utviklingsarbeid i skulen, utvikling av trygt læringsmiljø for elevane, planlegging og oppfølging for å fjerne mobbing, sosiale tiltak for elevane, organisering av undervisninga, utforming av skulens mål, prosjekter som gjennomførast i skulen (t.d. IKT), arbeid med det fysiske skulemiljøet, arbeid med trafikkforhold i nærmiljøet, få eit godt samarbeid mellom heim og skule.