Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Trygg oppvekst

- identifikasjon og oppfølging av utsatte barn.

Hender

Kva er Trygg Oppvekst?

Trygg Oppvekst er eit interkommunalt prosjekt i Hallingdal, der ein ynskjer å laga ein heilskapleg, tverrsektoriell modell for arbeid med utsatte barn. Prosjektet har starta med pilotar i Ål og Hemsedal kommune våren 2018. Helse- og omsorgsleiarane i Hallingdal fungerar som styringsgruppe for prosjektet. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har gitt tilskot til prosjektet. 

Utvikling av tverrsektorielle modellar skal systematisere, forankre og samordne kommunen sitt arbeid med barn på tvers av tenester og nivå. Gjennom ein heilskapeleg modell og konkrete verktøy for identifikasjon og oppfølging skal fleire barn få riktig, koordinert og langsiktig hjelp. Samhandling til beste for det einskilde barn står i sentrum. Modellen skal gi tilsette og leiarar gode verktøy i arbeidet, og bidra til systematisk og langsiktig innsats for å betre barns oppvekst i kommunen.

Trillebår

Er du bekymra for eit barn?

Mange av oss, anten vi er føresette, naboar, vener eller kanskje jobbar med barn og unge, kjem i løpet av livet opp i situasjonar der vi ser eller høyrer noko som får oss til å kjenne ei uro for eit barn eller ein ungdom. Kanskje har me registrert at barnet/ungdommen strir med noko, eller me opplever signal frå føresette som gjer oss urolege.

Dersom det er mistanke om vald eller overgrep skal ein kontakte barneverntenesta eller politi direkte.

Telefon Hallingdal Barnevernteneste: 32 08 53 10 (09.00-15.00)
Vakttelefon: 911 14 600

Telefon Politi: 02800 (Du vert kopla automatisk til sentralbordet eller operasjonssentralen i ditt næraste politidistrikt.)

Meldeskjema til Hallingdal Barnevernteneste

Mange er i tvil om når det er riktig å melde frå til barnevernet. Det kriminalitetsførebyggande råd (KRÅD) har utvikla 10 spørsmål og svar for å hjelpa deg som uroar deg for eit barn.

1. Når bør eg melde frå til barnevernet?

Uroar du deg for eit barn? Trur du foreldra ikkje klarar å ta godt nok vare på barnet? Då bør du melda frå til barnevernet.

2. Korleis kan eg vita om det er alvorleg nok?

Er du uroa, skal du melde frå uansett. Din melding kan vere svært viktig for barnet det gjeld. Det er barnevernet si oppgåve å vurdere alvoret og om hjelp er nødvendig. 

3. Kven skal eg snakka med i barnevernet?

Du kan ringe eller skrive eit brev til barneverntenesta i din kommune – eller ringe gratis til den landsdekkande Alarmtelefonen for barn og unge (tlf. nr. 116 111). Då blir bekymringa di formidla vidare til barnevernet der barnet bur.

4. Kva skjer når eg melder ei bekymring til barnevernet?

Sakshandsbehandlaren skriv ned det du fortel. Innan ei veke avgjer barnevernet om dei skal sette i gong ei undersøking eller om meldinga skal leggast bort. Ei undersøking varar vanlegvis ikkje  lengre enn tre månader.

5. Kva kan barnevernet gjera for å hjelpa barn, unge og familiar?

Barnevernet foreslår hjelpetiltak som vil gjere situasjonen betre for barnet. Dei fleste barna (8 av 10) får hjelp heime hjå foreldra. Hjelpa kan for eksempel vera råd og rettleiing, barnehageplass, støttekontakt, besøksheim eller tilsyn i heimen. I enkelte saker får barnet plass i fosterheim eller på institusjon.

6.  Må eg alltid seia namnet mitt?

Nei, du kan velje å vera anonym. Barnevernet må informere familien om innhaldet i meldinga.  

7. Får eg beskjed dersom saka vert henlagt?

Nei. Barnevernet har taushetsplikt. Det er annleis for tilsette i for eksempel skule eller barnehage. Dei har krav på tilbakemelding på om det vert sett i gang tiltak eller ikkje.

8. Tida går og eg er framleis uroa: Bør eg ringe ein gong til?

Ja. Du får ikkje vita kva barnevernet har gjort sidan sist du ringte. Om du fortsatt er bekymra, er det likevel viktig at du tek kontakt og fortel kvifor.

9. Må eg vitne i retten eller fylkesnemnda?

Du kan bli kalla inn som vitne. Du har i så fall plikt til å møte og fortelje kvifor du har vore bekymra.

10. Kvar finn eg ut meir om barnevernet?

Du kan lesa meir om kva slags hjelp barnevernet tilbyr på desse nettsidene:

www.barnevernet.no

Barnevern - regjeringen.no

www.bufetat.no/barnevern

 

Betre Tverrfagleg Innsats (BTI)

Kva er BTI?

BTI logo

BTI-modellen er ein samhandlingsmodell til bruk i kommunar for å betre den tverrfaglege innsatsen i og mellom tenester retta mot barn, unge og familiar. BTI skal bidra til at barn og unge med behov for ekstra støtte og hjelp blir sett så tidleg som mogeleg, og at dei får god hjelp og oppfølging.

Gjennom tidleg innsats, betre samordning av tenester, auka kompetanse og involvering av barn, unge og deira føresette, skal BTI bidra til å styrke kommunens arbeid med barn og unge.

BTI er for barn og unge i alder fra svangerskap til 18 år.

BTI for barn og unge

Av og til kan du trenge å snakke med vaksne som veit korleis dei skal hjelpe barn og unge. Dette kan vere vaksne som jobbar på skulen, helsestasjonen, barnehagen, PPT eller andre stader i kommunen. 

Hvis du har behov for ekstra støtte, merksemd og hjelp skal du få dette så tidleg som mogeleg, og du og dine foreldre skal vere med å finne gode løysingar og mål, og tilsette i kommunen skal samarbeide til det beste for deg.

For å bli betre på dette, jobbar kommunen no med å innføre ein modell som heiter BTI, som står for Betre Tverrfagleg Innsats. Dette betyr at vaksne skal gi ein skikkeleg innsats for barn og unge som treng oppfølging, og at ein skal bli betre på å snakke saman på tvers kvar ein jobbar.

Kven kan eg prate med?

Er det noko som er ugreit for deg, snakk med ein vaksen du stolar på. Det kan til dømes vere læraren din, helsesøster, foreldra dine eller trenaren din. Om den du snakker med, ikkje er den som kan hjelpe deg best, kan han eller ho snakke med riktig person, og gjere ei avtale for deg. Du kan også ringe Alarmtelefonen for barn og unge, på telefon 116 111, mandag-fredag fra 15.00-08.00.

Barn og unge har rett til å bli høyrt

Barn og unge har rett til å bli høyrt. Har du høyrt om desse lovene?

Barnekonvensjonen er ei avtale om nesten alle land i verda. Den seier noko om korleis alle barn i verda skal ha det. Noreg har signert barnekonvensjonen og gjort den til norsk lov. Barnekonvensjonen seier at vaksne skal gjere det som er best for barn, og at barn har rett til å seie si meining. Barn og unge skal bli informert, høyrt og tatt på alvor i alle avgjerder som gjeldt dei. Barnekonvensjonen seier også at:

  • alle barn har rett til privatliv
  • alle barn har rett til ikkje å bli diskriminert
  • alle barn har rett til at ingen skader eller misbrukar dei

I Norge er det forbode å slå barn. Ingen har lov å misbruke deg, eller gjere deg vondt på nokon måte, anten med kroppen din eller følelsane dine. Dette gjeldt både foreldre og andre vaksne, og andre barn og unge.

Barneloven er barn og unges eigen lov. Den seier at jo eldre barnet er, jo meir må dei vaksne ta hensyn til barnet si meining når dei tek avgjerelser for barnet.

  • barn som har fylt 7 år har rett til å seie si meining. Yngre barn skal også få lov å seie meining si.
  • når barn har fylt 12 år, skal meininga deira tilleggast stor vekt.
  • barn som har fylt 15 år skal få bestemme enda meir, og fram til barnet fyller 18 år skal det få bestemme meir og meir sjøl.
  • når du er 18 år, er du myndig og bestemmer over deg sjøl.

Helsepersonelloven sikrar at du vert tatt vare på om ein av foreldrene dine vert alvorleg sjuke. Da har helsepersonell eit ansvar for at du vert ivareteke, og at du får vite kva som skjer.

BTI for føresette

Av og til kan ditt barn ha behov for ekstra merksemd, støtte eller hjelp. Vi som jobbar med barn og unge i Ål og Hemsedal kommune vil gjerne hjelpe og samarbeide med dykk føresette om dette. Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) handlar om tidleg innsats, betre samordning av tenester og involvering av barn, unge og dykk som føresette. Arbeidet med å utvikle BTI-modellen i desse to kommunane starta våren i 2018.  Det vil jobbast vidare med innføring av modellen utover hausten, og i 2019.

Kva betyr BTI for dykk som føresette?

Dykk som føresette kjenner alltid barna best, og det er derfor svært viktig for oss å ha ein god og nær dialog med dykk. Tilsette i Ål og Hemsedal kommune skal ha låg terskel for å ta kontakt med føresette dersom dei lurer på noko ved barnet/ungdommen. De kan derfor oppleve at barnehage, skule, helsestasjon eller andre aktuelle tenester inviterer til møter utanom dei vanlege møtene. Det er viktig at begge føresette møter til slike møter. Som føresette er de også velkomne til å be om ekstra møter og samtaler med dei ulike tenestene i kommunen.

BTI for tilsette

Kva betyr Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) for meg som tilsett i Ål og Hemsedal kommune? BTI er ein modell kommunen innfører for å styrke arbeidet med barn, unge og familiar fra svangerskap til 18 års alder.

Arbeidet med å utvikle og innføre BTI-modelen i Ål og Hemsedal kommune kom i gang våren 2018, og vil fortsette i åra som kjem. Handlingsrettleiarar og ulike verktøy skal bidra til tidleg innsats og god samordning av tenester. Etter kvart vil alle tilsette i desse to kommunane få opplæring i BTI-modellen.

Vidareføring av godt arbeid

BTI bygger vidare på det gode arbeidet som vert gjort i kommunen i dag. Modellen skal bidra til å klargjere og presisere rutiner me har, og gje moglegheit for å oppdage områder me kan bli betre på. BTI-modellen er dynamisk og under kontinuerlig utvikling. Det er behov for at tilsette og leiarar gjer tilbakemelding om kva som fungerer, og kva som kan utbetrast med BTI-modellen, slik at kart og terreng passar saman.

Kvifor BTI?

Forskning og erfaring syner at barn og unge ikkje vert fanga opp tidleg nok, og at dei ikkje får den hjelp dei har behov for. Det er viktig at tilsette handlar raskt og i samarbeid med den det gjeld og føresette. Med innføring av BTI innfører vi begrepet "samtidighetsansvar" som gir alle tilsette i Ål og Hemsedal kommune ansvar for å følge opp ei undring rundt eit barn, også etter at det eventuelt er meldt vidare til andre instansar. Dette ansvaret skal hindre oppfølgingsbrudd av barn og unge som trenger vår merksemd.

Involvere barn, unge og føresette

Brukermedverknad står sentralt i BTI - barn, unge og føresette skal involverast på eit tidleg tidspunkt. Føresette kjenner barnet best, og heimen er ein viktig arena for førebygging. Samtidig er det viktig at barn og unge blir høyrt og får medbestemmelse i takt med aukande alder og modning.

Handlingsrettleiarar

Under utarbeiing.

Stafettlogg

Ål og Hemsedal kommune greier ut moglegheiten for å bruke stafettlogg som eit verktøy i arbeidet med BTI. Stafettloggen er ein elektronisk logg over kven som gjer kva i det tverrfaglege samarbeidet rundt barn og unge.  

Kva er ein stafettlogg?

Når barn og unge får hjelp frå fleire tenester er det nyttig å ha eit verktøy som gjer oversikt over kven som bidreg inn i samarbeidet, kven som har ansvar og kva som er måla.

Dette er stafettloggen:

  • Ein elektronisk logg tilgjengeleg for alle som deltek i samarbeidet. Dette inkluderar barn, unge og føresette.
  • Gjer oversikt over mål, kven som gjer kva og evalueringar av tiltak.
  • Brukes aktivt i samarbeidsmøter/ansvarsgruppemøter og fungerar som møtereferat.
  • Blir oppretta etter samtykke fra føresette/ungdom

Stafettlogg erstattar ikkje fagsystem eller dokumentasjonskrav som tilsette har.

Målet med stafettloggen er å koordinere og dokumentere det tverrfaglege samarbeidet. Stafettloggen gjer god oversikt, samordnar tenestetilbodet og hindrar brot i hjelpetilbodet.

Stafettholder og stafettpinne

Når ein tek i bruk stafettloggen er ein medarbeidar stafettholder og held "stafettpinnen". Denne personen kan vere ein som til dømes jobbar i barnehagen, på skulen, helsestasjonen eller i barneverntenesten. Å halde "stafettpinnen" innebær å innkalle til og leie tverrfaglege møter, samt loggføre innsatsen i stafettloggen. Om stafettpinnen vert overlatt til ein annan i samarbeidsgruppa, er det koordineringsansvaret som skal overførast.

Når sluttar ein stafettlogg?

Stafettloggen sluttar når samarbeidsgruppa saman med føresette og ungdom ser at måla er nådd, og det ikkje lenger er behov for tiltaka. Føresette og ungdom kan til einkvar tid avslutte loggen ved å trekke samtykket tilbake.

Samhandlingsmodell

Samhandlingsmodellen er utvikla for systematisere arbeidet rundt barn og unge i kommunane. Den er delt inn i tre nivå, som er beskrive i teksten under bildet.

Du finn modellen her.

 

Kommunenivå

Kommunenivå er samhandlingsmodellens øvste nivå, og skal vise lovverk, interkommunalt samarbeid og planar kommunen jobbar etter for å støtte oppunder tverrfagleg samarbeid, tidleg identifikasjon og riktig oppfølging av utsatte barn.

Lovverk

Arbeidet rundt barn og unge er regulert av fleire lover. Lenker finn du her:

Lov om barnevern

Opplæringslova

Barnehageloven

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester

Helsepersonelloven

Pasientrettighetsloven

Interkommunalt samarbeid

 Hallingdal logo

Hallingdal har lange tradisjonar for samarbeid på tvers av kommunegrensene.

Hallingdal Barnevernteneste er eit interkommunalt samarbeid mellom barnevernstenestene i Hol, Ål, Gol, Hemsedal, Nes og Flå. Ål kommune er vertskommune. 

HER kan du lese meir om Hallingdal Barnevernteneste.

Regionrådet for Hallingdal er eit politisk samarbeidsorgan for dei 6 kommunane i Hallingdal.

HER kan du lese meir om Regionrådet for Hallingdal.

Hallinghelse er eit interkommunalt samarbeidstiltak for dei seks kommunane Flå, Nes, Gol, Hemsedal, Ål og Hol. Hallinghelse skal ta initiativ til og koordinere samhandlingstiltak innan helse og omsorg mellom dei seks kommunane. Hallinghelse skal også fremje samhandlinga mellom kommunane og spesialisthelsetenesta (Vestre Viken Helseforetak (VVHF)).

HER kan du lese meir om Hallinghelse, og her finn du også oversikt over faglege nettverk og samarbeidsgrupper i Hallingdal.

Planar

Planar for Hallingdal og for den enkelte kommune i arbeidet med barn og unge:

Fagetatsnivå

Fagetatsnivået skal vise kva slags tenester, tiltak  og tverrfagleg samarbeid kommunen har for gravide, barn og unge. Dette nivået skal vise kva verktøy og prosedyrer ein bruker på leiarnivå for å sikre identifikasjon og oppfølging av barn som trenger det.

 

Her finn du informasjon om tenestene i kommunen

Her finn du oversikt over tiltak og samarbeidsmøter 

Individnivå

Individnivå beskriv BTI, Betre Tverrfagleg Innsats, og viser til handlingsrettleiar for undring eller bekymring rundt gravide, barn og unge. Du kan lese meir om dette nivået under BTI som er skrivne på sia over.

Brukarmedverknad

Brukarmedverknad handlar om at dei kommunale tenestene legg til rette for at gravide, barn og unge og deira føresette blir invovert i samarbeid så tidleg som mogleg. Kommunene ønsker også å legge til rette for at gravide, barn, unge og deira føresette enkelt kan ta kontakt med den aktuelle tenesta for rettleiing og støtte, eller for å melde i frå om ei bekymring for eiga eller andres barn. Kommunen ønsker at tenestene skal vere oversiktelege og forutsigbare for den einskilde brukar. 

Brukarane har rett til å medvirke, og tenestene har plikt til å involvere brukaren. Brukarmedverknad innebærer at brukaren blir sett på som ein likeverdig partnar i diskusjonar og beslutningar som angår han eller henne.

Evaluering

Kommunen evaluerer jamnleg tiltaka og samarbeidsrutinene sine som gjeld gravide, barn og unge. Ansvarleg for denne evalueringa er leiiarar frå dei aktuelle tenestene.

 

Tiltak og kurs

Skjema

Verktøy

Aktuelle lenker

Alarmtelefonen for barn og unge

Nullmobbing.no

Ung.no

Barneombudet

Ungsinn.no

BRIS (Buskerudregionens incestsenter)

Snakkemedbarn.no

Nullmobbing.no

Barneombudet

Foreldrekvardag

Ungsinn.no

BRIS (Buskerudregionens incestsenter)

Pårørendesenteret

En trygg skoledag uten mobbing (Fylkesmannen)

Snakkemedbarn.no

Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

Utdanningsdirektoratet

RVTS

Korus-sør

Forebygging.no (BTI)

BRIS (Buskerudregionens incestsenter)

Nullmobbing.no