Ål helsesenter
Ål helsesenter består av både fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helseteneste, heimesjukepleie, omsorgsbustader og korttids- og langtidsavdeling. Ål legekontor, Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester er samlokalisert med Ål helsesenter. Miljøterapitenesta har base på Prestegardsjordet. Det er eit godt og tett tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike tenestene, og med frivillige og Ål frivilligsentral.
Me har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Du kan rekne med variert og spennande jobb - i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Det er fokus på tilrettelagt aktivitet og gode opplevingar for pasientane. Dei fleste tenestene er samlokalisert saman med Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester.
"Varierte arbeidsdagar. Ein får nytta eigenskapane sine på ein god måte. Det er eit veldig givande yrke, med tanke på kor mye ein blir satt pris på." (sitat frå ein tilsett innan eldreomsorg)
Våre avdelingar
Avdeling Meistring er ei nyoppretta tverrfagleg avdeling som gir lågterskeltenester med tilbod innan fysioterapi, psykisk helse og rus, dagsenter og Friskliv.
Avdeling Stugu
Avdeling Stugu tilbyr heilskapeleg og tverrfagleg pleie, omsorg og behandling, som gjev god livskvalitet. Avd.Stugu er Ål kommune si langtidsavdeling ved Ål Helsesenter.
Her er det 33 plasser fordelt på fire grupper:
- Framstugu – 10 plassar
- Nystugu – 7 plassar
- Veslestugu – 5 plassar
- Storestugu – 11 plassar
Satsingsområder
Vi har fleire spennande utviklingsprosjekt i gang både lokalt og regionalt, og eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar.
Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning, og det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Halllinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobilt ferdigheitstrening og regionale fagkurs.
Leiarutvikling
Ynskjer du å lære meir om leiing og stå sterkare ved framtidige søknader om leiarstilling? Ål kommune har eit eige leiarutviklingsprogram - "Til Topps" . Det er oppstart på nytt program hausten 2022 med interne og eksterne kurshaldarar.
Les meir om leiarutviklingsprogrammet
Utdanning
Sjukepleiarutdanning i Hallingdal
Frå hausten 2022 kan innbyggarar i Hallingdal ta ein fleksibel, desentralisert sjukepleiarutdanning i nærleiken av der dei bur.
Det er mogleg fordi kommunane i Hallingdal har etablert eit samarbeid med Universitetet i Søraust-Noreg. Studiet vil gje lik kompetanse som ein ordinær bachelorutdanning i sjukepleie. Ein må vere kvalifisert for opptak til sjukepleiarutdanning og bu i ein av kommunane som samarbeidar med USN for å bli teken opp på studiet. Studiet går på deltid, og det vil vere både nettundervisning og fysiske samlingar. Praksis og praksisretta studier utgjer halvparten av studiet, og det er lagt opp til at studentane skal ha praksis i eigen kommune, eller i ein nærkommune. USN er eit universitet som har tett kontakt med arbeidslivet, og det vil studentane merke på dette studiet. Undervisarane arbeider sjølv ute i kommunane, er utdanna sjukepleiarar og vil kunne gje oppdatert kompetanse.
Søknadsfrist for fleksibel sjukepleierutdanning er det same som andre studier.
USN forventar mange søkarar til dette studiet, så det er ein fare for at det vil bli stor konkurranse til dei 25 plassande me har til saman for innbyggarane i Øvre Buskerud. I tillegg til innbyggarar i Ål kan innbyggarar i desse kommunane søke: Flesberg, Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Krødsherad, Nesbyen, Nore og Uvdal, Rollag og Sigdal.
Meir informasjon om dette og om sjølve studiet står i studiebeskrivelsen på universitetet sine nettsider: usn.no/fleksisykepleieviken