Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Avdeling Meistring

Ei nyoppretta tverrfagleg avdeling ved Ål helsesenter som gir lågterskeltenester med tilbod innan fysioterapi, psykisk helse og rus, dagsenter og Friskliv. Brukaren kan sjølv ta kontakt for hjelp.

Bilde Mestring 1.jpg

Avdelinga gir eit variert tenestetilbod avhengig av kva den enkelte treng. Dette kan omfatte råd og rettleiing, kurs, behandling, praktisk hjelp og bistand, ambulant oppfølging og ulike aktivitetstilbod. Mange blir tilviste frå lege eller andre samarbeidspartar, og me har godt etablert samarbeid med spesialisthelsetenesta. Me er ei avdeling i utvikling og ønskjer at våre innbyggjarar skal ha ei dør inn til våre tenester der me er på lag med brukaren om målretta tenester som hjelper den enkelte til å meistre kvardagen.

Dei tilsette framhevar desse positive kvalitetane ved å arbeide i avdelinga:

  • Variert arbeidsdag og varierte arbeidsoppgåver
  • Fleksibilitet
  • Utviklingsmoglegheiter (kurs, vidareutdanning)
  • Sjølvstendig arbeid
  • Stort fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø

Ta gjerne kontakt:

Avd.leiar Live Magnetun
Tlf. 32 08 52 61/971 98 159