Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Ønskjer du å bygge karriere?

Ål kommune satsar på kompetanseutvikling og tilbyr leiarutvikling internt og i samarbeid med Folkeuniversitetet.

AdobeStock_278522594.jpeg

Til Topps leiarutviklingsprogram

Ynskjer du å lære meir om leiing og stå sterkare ved framtidige søknader om leiarstilling? Ål kommune har eit eige leiarutviklingsprogram - Til Topps.

Programmet er for nye leiarar, ass. leiarar, teamleiarar og ansvarssjukepleiarar og andre medarbeidarar som ønskjer å utvikle sin kompetanse. Det er oppstart på nytt program hausten 2022 med interne og eksterne kurshaldarar. 

Første året (haust 2022 – vår 2023) består av 6 heildagssamlingar i regi av interne og eksterne kurshaldarar. I tillegg tilbys det individuell rettleiing. 

Andre året (haust 2023 – vår 2024) får deltakarane prøve seg på leiaroppgåver/-ansvar og møtast igjen i ressursgrupper. Gruppemøtene kan bli brukt til å diskutere cases som deltakarar speler inn eller andre faglege temaer.

Til topps 22-23.png

Studiar ved Folkeuniversitet på Gol

Med vår støtte betaler du berre bøker og studieavgift.

  • Arbeids- og organisasjonspsykologi 30 STP starter 2022
  • Personalpsykologi 15 STP – potensiell oppstart hausten 2023
  • Motivasjonspsykologi 15 STP – potensiell oppstart i januar 2024

Utdanning

Sjukepleiarutdanning i Hallingdal

Frå hausten 2022 kan innbyggarar i Hallingdal ta ein fleksibel, desentralisert sjukepleiarutdanning i nærleiken av der dei bur. 

AdobeStock_141715002.jpeg

Det er mogleg fordi kommunane i Hallingdal har etablert eit samarbeid med Universitetet i Søraust-Noreg. Studiet vil gje lik kompetanse som ein ordinær bachelorutdanning i sjukepleie. Ein må vere kvalifisert for opptak til sjukepleiarutdanning og bu i ein av kommunane som samarbeidar med USN for å bli teken opp på studiet. Studiet går på deltid, og det vil vere både nettundervisning og fysiske samlingar. Praksis og praksisretta studier utgjer halvparten av studiet, og det er lagt opp til at studentane skal ha praksis i eigen kommune, eller i ein nærkommune. USN er eit universitet som har tett kontakt med arbeidslivet, og det vil studentane merke på dette studiet.  Undervisarane arbeider sjølv ute i kommunane, er utdanna sjukepleiarar og vil kunne gje oppdatert kompetanse.

Søknadsfrist for fleksibel sjukepleierutdanning er det same som andre studier.

USN forventar mange søkarar til dette studiet, så det er ein fare for at det vil bli stor konkurranse til dei 25 plassande me har til saman for innbyggarane i Øvre Buskerud. I tillegg til innbyggarar i Ål kan innbyggarar i desse kommunane søke: Flesberg, Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Krødsherad, Nesbyen, Nore og Uvdal, Rollag og Sigdal.

Meir informasjon om dette og om sjølve studiet står i studiebeskrivelsen på universitetet sine nettsider: usn.no/fleksisykepleieviken