Bandtvang
Bandtvang i Ål kommune er regulert i Lokal forskrift om hundehald.
Det er ordinær bandtvang i perioden 1. april - 20. august
Av omsyn til beitande husdyr er det bandtvang f.o.m. 21. august t.o.m. 31. oktober.
Det er bandtvang i maskinpreparerte skiløyper frå 15. desember til 1. april i desse skiområda:
- Bergsjøområdet/Leveldåsen
- Liatoppen/Votndalen
- Torpo og Oppheimsåsen
- Hallingdal Feriepark
- Øvre-Ål/Kvinnegardslia
- Sangefjell
- Veståsen.
For generelle reglar kring bandtvang for hund, gjeld Hundeloven.
Biologisk mangfald
Om lag 150 verdfulle naturområde i Ål er avmerkt på kart. Det kan vera artsrike blomeengar, rike myrar, styvingstre, hekkeplassar osv. Kartet finn du i Miljødirektoratet sin Naturbase. Opplysningar som ikkje er offentlege er ikkje tilgjengeleg i basen.
Smalfrøstjerne
Ål kommune har fått i oppdrag å ta særkilt vare på denne raudlistearten. Smalfrøstjerne er knytt til turr slåtteeng og beitemark og er i sterk tilbakegang.
Bålforbod
Det er forbode å gjera opp eld på ein slik måte at det kan føre til brann.
Det er eit generelt bålforbod i Noreg i perioden 15.april - 15.september
I denne perioden er det ikkje tillatt å tenne bål i skog og mark utan å varsle den lokale brannsjefen.
Slikt varsel vert å sende same dagen ved å ringe: 33314110
Tlf.nr. til døgnbemanna brannvakt: 907 90 799
CWD - Skrantesjuke
Rapport: 5 år med skrantesjuke
Dyrevernnemnda
Dyrevernnemnda er underlagt Mattilsynet DK Hallingdal, tlf. 32 02 38 00.
Bekymringsmeldingar kan også sendast inn på “Varsle oss” på Mattilsynet si heimeside
Det er sjølvsagt også mogeleg å ta direktekontakt med medlemmane:
- Halvor Gauteplass, Skurdalen
- Jorunn Teksle Gurigard, Leveld
- Signe Hovden, Gol
Friluftsliv i Ål
Ål kommune har dei seinare åra gjort mykje for å leggje til rette for eit godt friluftsliv både i sentrum og på fjellet. Mellom anna er det opparbeidd 280 km merka skiløyper, 150 km merka turstigar, 25 km av "sykkelveg 7" som går gjennom Hallingdal og omlag 10 km rydda og merka fiskestigar, dette for å nevne noko.
At Ål kommune er ein kommune som vektlegg miljø og friluftsliv i stor grad, går og fram i Kommuneplanens langsiktige del, der det mellom anna står at "Alle i bygda skal ha gode og allsidige høve til fysisk aktivitet som mosjon, friluftsliv og idrett for å sikre helse og trivsel." Det er ikkje berre kommunen gjennom dei tilsette som har jobba for at tilhøva ligg til rette slik som dei gjer i dag. Også barn og unge har gjennom skulene og barnehagane delteke aktivt. Mellom anna har dei vore med på å utarbeide temakartet "Grøne verdiar", som tek for seg friluftsliv, rekreasjon, kultur, natur, og område som vert brukt av barn og unge. Kommuneplanutvalet har vedteke at ein ved planlegging av nye utbyggingsprosjekt i sentrum skal gjera miljøkonsekvensvurderingar i høve til dei tema og element som er teikna inn på dette kartet.
I tillegg til temakartet har skulene og barnehagane også gjennomført prosjektet "Opplev Ål gjennom barneauge", som ein start på auka satsing innan friluftsliv og miljølære.
Her finn du lenke til meir informasjon om friluftsliv i Ål kommune
Her finn du lenke til Skisporet.no
Gaupesporing
I det nasjonale overvakingsprogrammet for store rovdyr skal Statens naturoppsyn (SNO) registrere spor etter gaupe. Registreringa skal foregå fram til utgangen av februar. Observasjonane gjeld forttrinnsvis spor etter familiegrupper av gaupe.
I dette arbeidet er forvaltninga heilt avhengig av at folk melder frå til SNO’s lokale rovviltkontaktar når de finn spor etter gaupe.
Dersom ein treffer spor etter fleire gauper, så bør dette straks meldast til den lokale rovviltkontakten. Rovviltkontakten vil då foreta feltkontroll og vurdere om det er ein gaupefamilie som har vore på vandring.
Gaupene går ofte i spora til kvarandre. Det kan derfor sjå ut som det berre har vore eitt dyr som har gått der sjølv om det er ein heil familie. Men dei ”splitter seg” og går ved sida av kvarandre innimellom. Ved å følge sporet over lengre avstand kan det dokumenterast om det er ei familiegruppe eller ikkje.
Kompostering av hushaldningsavfall
Du får 20% lågare renovasjonsavgift viss du komposterer kjøkkenavfallet ditt. Krava for å få rabatt er at du har godkjent isolert kompostbinge, har delteke på kurs, har underteikna avtale med Ål kommune og komposterer alt matavfallet ditt sjølv.
Viss du vil bygge kompostbingen sjølv, kan du laste ned arbeidsteikningar her
Motorferdsel i utmark og vassdrag
Dersom du har behov for å køyre snøskuter i Ål kommune, må du i dei fleste tilfelle søkje om løyve.
Sektorutval for teknisk, næring og ressurs (STNR) vedtek framlegg til retningsliner for handsaming av søknad om snøskuterløyve datert 12.10.15 og 24.11.2020 med følgjande presiseringar:
- I LNF villreinområde er perioden for løyva 15. desember til og med 30. april.
- Det skal vera høve til å kunne søkje om å køyre opp skiløyper frå eksisterande hytteområder (som ligg meir enn 1 km frå løypenettet) for å kople seg på eksisterande løypenett. Desse eventuelle traseane må verte godkjente av grunneigar og kommune og liggje utanom LNF-villreinområde.
STNR delegerer til rådmannen å handsame alle søknadar i samsvar med desse retningslinene. Søknadar om løyve til å bruke snøskuter vert handsama etter "Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag", Nasjonal forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag.
Det er høve til slik køyring utan særskilt løyve
- Køyring i samband med politi-og ambulanseoppdrag
- Oppsynsverksemd med heimel i lov
- Naudsynt person og godstransport i jord-og skogbruksnæring (gardsløyve).
- Naudsynt transport i samband med gyldig byggjeløyve
- Naudsynt transport for drift av turistanlegg som ikkje ligg ved brøyta veg
- Naudsynt transport av ved frå eigen eigedom til fast bustad.
§ 5.a) Leigekøyring. Fastbuande som treng attåtnæring, kan søkje om løyve til å ta på seg følgjande transportoppdrag for andre:
- Transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte.
- Tilsyn med privat hytte på oppdrag av eigar.
- Transport for massemedia på reportasjeoppdrag.
- Transport for funksjonshemma.
- Transport av ved.
- Transport som det er gjeve løyve til etter § 6 ( Sjå under).
Om §4 c) i motorferdsellova:
I samband med utøving av jordbruk og skogbruk er det tillate å frakte personar og varer. Det må dreie seg om reell næringsmessig verksemd, mellom anna må drifta vera knytt til ein eigedom på minimum 5 dekar innmark eller 25 dekar produktiv skog. Det er berre køyring som er nødvendig i næring som er tillat.
Om ein nyttar medhjelpar i jord- og skogbruk må det dreie seg om eit reelt, dokumenterbart arbeidsforhold. Drift av utleigehytter, jakt, fangst, fiske og bærsanking vert ikkje rekna som jordbruksnæring i denne samanhang.
Ål kommune skriv ikkje ut løyvesedlar til jord- og skogbruksnæring. Du er sjølv ansvarleg for å ha med nødvendig dokumentasjon på ditt ærend og legitimasjon. Utskrift av gardskart kan vere dokumentasjon på kvar du har lov å køyre. Om du må krysse annan manns grunn for å kome på ditt utmarksområde, er dette noko du må få lov til av den einskilde grunneigar.
Områder i Ål med særskilde reglar
- All motorisert ferdsel i Reineskarvet sameige er forbode.
- Motorisert ferdsel i verneområda Fødalen landskapsvernområde og Tuftelia skogreservat krev særskild løyve.
- I LNF villreinområde (delar av fjellområda i Ål som er viktige vinterbeiteområde for villrein, jfr. kommuneplankartet for Ål) er køyring normalt berre tillate i perioden 15.12-30.4.
Andre tidsrom eller køyreformål krev godkjenning frå villreinutval/villreinnemnd.
Publikum sine rettar
Søknadsfrist
Sakshandsamingstid/svartid
Framgangsmåte for søknad
Du finn søknadsskjema og kart lengre ned på sida. No kan du og søkje elektronisk.
Klagerett/framgangsmåte ved klage
Publikum/brukar sine plikter
- feste det tildelte nummermerket på vindskjermen
- ha med løyveseddelen og kartet med køyrestrekning under køyring.
- varsle om endringar t.d. nytt registreringsnummer.
- følgje fast oppkøyrde/merka transportsleper så langt det er mogleg.
- ta særskild omsyn til villrein sine trekkvegar og beiteområder.
- I LNF villreinområde er køyring vanlegvis berre tillatt i perioden 15.12-30.4.
Pris
Fleire opplysningar
Søknadsskjema motorferdsel i utmark - elektronisk
Endringar i nasjonal forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark
Endringane gjeld adgang til næringskøyring, gruppeturar med snøskuter og kommunalt organiserte akuttiltak for å redusere risiko for påkjørsel av elg og anna hjortevilt, ved veg eller jernbane.
I rundskriv T-6/09 gjer Miljøverndepartementet greie for endringane og gjer samtidig greie for retningsliner og prinsipper i naturmangfoldloven som får betydning for lovtolkning og skjønnsutøvelse i forvaltninga av motorferdsellova med forskrifter.
Endringane trådte i kraft 1. juli 2009.
Forskrift om endring i forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagt vassdrag
Forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, Ål kommune
Ål kommunestyre fastsatt den 11.06.2020 i sak 43/20 ny forskrift om motorferdsel i utmark for Ål kommune.
Forskrifta regulerer bruk av vasskuter, motorbåt og landing og start med luftfartøy.
Forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, Ål kommune
Rovviltkontakt for Ål
Runar Tufto for Ål og Hol Tlf. 901 77 702
Harry Granli er reserve som er rovviltkontakt for Gol med tlf. 90767334
Ta kontakt ved mistanke om skade.
Tilstandsvurdering av kulturlandskap i Telemark og Buskerud
Norsk institutt for bioøkonomi har hatt eit prosjekt: «Tilstandsvurdering av kulturlandskap i Telemark og Buskerud»
Her finn du resultata frå dette prosjektet
Utmarksoppsyn
Ola Vaagan Slåtten er tilsett som utmarksoppsyn i Ål.
Ola har avgrensa politimynde, og er uniformert på oppdrag. Han blir å treffe i skog og mark frå våren og fram til haustferien. Oppsynet har ei vertskapsrolle i høve til alle som brukar utmarka i Ål, driv tilsyn med beitedyr og fører tilsyn etter relevante lovverk.
Dersom du treffer Ola i marka er det berre å ta kontakt anten spørsmålet gjeld lover og reglar, turtips, planter, sjuke og skadde dyr eller anna du har på hjarta.
Det er faglaga for landbruket i Ål har teke initiativ til å få etablert eit organisert utmarksoppsyn.
Ansvarleg for utmarksoppsynet er Ål Sankelag.
Kontaktinfo: Ola.Vaagan.Slatten@aal.kommune.no .
Telefon 476 71 651
Viltpåkøyrsel
Registreringsskjema påkøyrsel av vilt.pdf
Votnaprosjektet
Ål kommune er i gang med eit kartleggingsarbeid i Nordbygdane.
Vatsfjorden og Votna får litt for mykje forureining, og vi har som mål å få redusert dette. I sommar vil det difor bli tilsette ved kommunen som vil gå langs vassdraget for å sjå korleis tilstanden er. Mange vil og få besøk, slik at vi kan gjennomføre kartleggingsarbeid på den einskilde eigedom. Desse besøka blir avtalt på førehand.
Har de spørsmål om dette, ta kontakt med Ål kommune.
Rapport fra Asplan Viak, 30.03.2015.
Rapport fra Rambøll, 06.03.2014.
Ål fjellstyre
Leiar Sigmund Tveitehagen
Tlf 992 95 152