Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Skjenkeløyve for enkeltarrangement eller privat selskap

Om du ønsker å skjenke alkohol mot betaling til eit arrangement /selskap må du søke om skjenkeløyve. Det er ulike skjenkeløyve for opne og lukka arrangement.

Søknadsskjema: 

Skjenkeløyve for eit enkelt arrangement

Ambulerande skjenkeløyve (lukka arrangement)

Det kostar 420 kroner pr arrangement. Vi sender faktura.

Når treng du skjenkeløyve for enkeltarrangement?

Du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokale utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område. Du søker då om eit skjenkeløyve for eit enkelt høve. Søknadsfristen er 3 veker før arrangementet
Du skal servere alkohol mot betaling i eit lukka selskap som til dømes bursdag, bryllaup, jubileum eller firmaarrangement. Du søker då om eit ambulerande skjenkeløyve.

Når treng du ikkje å søke om skjenkeløyve?

Du treng ikkje å søke om skjenkeløyve om du har eit privat arrangement og gjestene har med seg alkohol eller du serverer alkohol utan å ta betaling.
 
Kva krav må du oppfylle for å få skjenkeløyve?

  • løyvesøkar må vere fylt 20 år
  • du oppgir kven som skal vere ansvarleg for skjenkinga, skjenkeansvarleg må vere fylt 20 år

 

Store arrangement - sikkerhet og sjekkliste

Når ein skal halde store arrangement, kan det vera vanskeleg å hugse på alt som må ordnast og informerast om. Det er difor utarbeida ei sjekkliste som skal gjere det enklare for arrangørane å halde oversikt over alle gjeldande lovar og reglar. Sjekklista er utarbeidd i samarbeid med lokalt brannvesen og mattilsyn.

Me ønskjer dykk lykke til med vidare planlegging av arrangement!

 

Sikkerhet - Miljøretta Helsevern Hallingdal (mhvh.no)