Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Salsløyve

Butikkar, bryggeriutsal og spesialforretningar som skal selje alkohol, må søke om salsløyve. Salsløyve gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol.

 

Søknad om salsløyve for alkohol, elektronisk

Når treng du salsløyve?

  • Når du skal starte ein butikk med alkoholsal, må du søke om salsløyve.
  • Når du har overtatt ein salsstad med alkoholsal, må du søke om salsløyve. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks tre månader medan du ventar på at din søknad vert behandla.

Endring i løyve

Er det endring i skjenke/sal/serveringsløyva: areal, styrar, vikar for styrar etc. Bruk dette skjema til å sende inn endringen.

Elektronisk skjema for endring

Korleis få salsløyve

  • styrar og vikar for styrar må ha bestått kunnskapsprøve i alkohollova
  • styrar og vikar for styrar må vere over 20 år
  • styrar og vikar for styrar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling
  • alkohollova stiller krav om uklanderleg vandel

Slik søker du

Det kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart.

Søk om salsløyve

Skjemaet kan mellomlagrast, slik at du kan gå tilbake til søknaden på eit seinare tidspunkt.

Vedlegg du må ha med i søknaden

  • firmaattest for alle selskap som er involvert i drifta. Last ned firmaattesten frå altinn.no
  • planteikning over utsalsstaden som viser plassering av alkoholen
  • dokumentasjon på styrar og vikar for styrar sin tilknyting til utsalsstaden
  • stadfesting på at styrar og vikar for styrar har bestått kunnskapsprøve i alkohollova

Kor lang tid tek det?

Det kan ta opptil 3 månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart. Søknaden blir sendt til politiet og sosialtenesta for uttale, deretter blir søknaden behandla politisk i kommunen.

Kva kostar det?

Det er gratis å søke om salsløyve for alkohol, men alle som har salsløyve skal betale årleg bevillingsgebyr til kommunen. Dette gjøres ved å melde inn forventa omsetning - omsetningsrapport.

Lov, forskrift og lokale vedtak

Alkoholloven

Alkoholforskrift

Alkoholpolitiske retningsliner