Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Omsetningsrapport og løyvegebyr

Alle som har fast sal- eller skjenkeløyve skal betale eit årleg løyvegebyr. Størrelsen på gebyret beregnas etter forventa omsatt mengde alkohol. Frist for innlevering av omsetningsrapport er 1.mars

 

Salsløyve - innlevering av omsetningsrapport

Skjenkeløyve - innlevering av omsetningsrapport

 

Fast verksemd

Løyvehaver for fast sals- eller skjenkeløyve skal levere omsetningsoppgåve for omsatt mengde alkohol pr. år.

Opphøyr eller sal av verksemd


Gebyret løper helt til løyvehaver har sagt opp løyvet. Hvis sals- eller skjenkestedet opphøyrer eller vert solgt, skal omsetningsrapporten sendast inn så snart dei endelege omsetningstalla er klare. Hvis omsetningsrapporten manglar ved opphøyr av sals- eller skjenkeløyve blir det foretatt ei skjønnsmessig beregning av gebyret.

Omsetningsrapport - fast løyve

Etter alkohollova §7-1, samt alkohollova forskrift §6-1, skal løyvehaver av fast sals- eller skjenkeløyve betale eit årleg gebyr. Gebyret vert rekna ut med grunnlag i løyvehavers innsendte omsetningsoppgåve jf. alkohollovens §6-3. 

Løyvegebyret i Ål kommune betales i forkant, hvilket innebærer at gebyret fastsettes for forventa omsatt alkohol.  

Omsetningsrapporten skal vedleggas dokumentasjon fra regnskapsfører/revisor. 

Gebyr fast løyve

Løyvegebyret fastsettes etter opplysningar i omsetningsoppgaven om forventa omsatt alkohol, og etter satser hjemmla i alkohollova forskrift §6-2. Satsane er ulike for salg og skjenking av alkohol. 

Manglande rapport - ubetalt gebyr 

Dersom det ikkje vert levert omsetningsrapport innan fastsatt frist, vil løyvehaver bli tildelt to prikker jf. alkohollova forskrift §10-3, 3. ledd, 4. strekpunkt.

Hvis løyvegebyr ikkje betalast innan fastsatt frist, vil løyvehaver bli tildelt ytterligere to prikker jf. alkohollova forskrift §10-3, 3. ledd, 5. strekpunkt.

For ytterligare informasjon om prikktildeling og inndragning av salgs- og/eller skjenkeløyve sjå forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. kap. 10 jf. §10-3.