Idrettshallen
Ta kontakt med servicetorget om du ynskjer å leige idrettshallen.
Kommunale utleigebustader
Ål kommune har nokre bustader som kan leigast av kommunalt tilsette og folk som er i akutt bustadnaud. Bustadene kan leigast for eitt år av gongen, maksimalt i 3 år. Søknadsskjema får du på servicetorget, der kan du òg få hjelp til søknad om bustøtte osb.
Omsorgsbustad
Det er tildelingsteamet i helse som tildeler bustad etter søknad. Søknadsskjema får du på servicetorget.
Symjehallar/badebasseng
Opningstidene ved dei kommunale symjehallane/badebassenga finn du her.
Bassenga er kun opne frå etter haustferien til påske.
Ved spørsmål om leige, ta kontakt med den enkelte skule.